Unni Berge

1

Norske utslepp aukar fordi…

I desse dagar forhandlast det om klimapolitikken i regjeringa. I mens aukar utsleppa.

For fire år sidan vart regjeringa og dei tre opposisjonspartia Høgre, Venstre og KrF samde om å kutte utlseppa fram mot 2020. Frå dagens 53 millionar tonn skulle utsleppa ned til under 45 millionar tonn. I tillegg trappa Noreg opp klimainnsatsen i andre land.

Men framleis peikar pilene for norske klimagassutslepp oppover istadenfor nedover og forklaringa på dette er enkel: Politikarane let vere å innføre verkemiddel som kuttar utslepp, som erstattar den fossile energien med utsleppsfri energi. No vil opposisjonen kome i gang med den konkrete jobben å kutte utslepp.

Det fins likevel politikarar som syns det er fornuftig å halde fram som før. Ein diskusjon med ein slik politikarar, vil gå om lag slik:

- Vi må stole på at EU sitt kvotesystem får ned utsleppa i industri og på oljeplattformene.

- Men kvotesystemet har jo så lav pris på å sleppe ut klimagassar at det knapt er nokon inspirasjon til å la vere å forurense?

- Nei, men da er det kvotesystemet ein må gjere noko med, og det er vanskeleg for Norge å fikse. Kvotesystemet er uansett bra fordi det set ein pris på utslepp.

- Sjølv om det ikkje bidreg til den omstillinga som trengs? Kva med å lage støtteordningar for å kutte utslepp i industrien?

- Nei, subsidiar er vi i mot. Det er så lite treffsikkert og det kostar pengar for staten.

- Så det er altså å sette ein pris på klimagassutslepp som er greia?

- Ja.

- Kva med å auke avgiftene på fossil fyringsolje til oppvarming da? Avgiftene har jo Norge styringa over sjølv. Og i våre naboland er jo avgiftene dobbelt så høge som her i Norge?

- Men vi gjer jo så mykje allereie.

- Men poenget er vel å gjere noko anna enn i dag? Å varme opp huset med fornybar energi istaden med fossil olje og gass?

- Nei, vi er i mot å påføre folk flest utgifter.

- Kva med å auke CO2-avgifta for oljeindustrien da? Dei er faktisk dei som aukar utsleppa mest her i landet. Over 80 prosent auke dei siste to tiåra…

- Men dei har gjort så utruleg mykje allereie.

- Hæ? Dei har auka utsleppa sine med 80 prosent?

- Ja men tenk kor mykje dei kunne ha auka viss ein ikkje hadde hatt CO2-avgifta!

- Kva med rett og slett påby dei som forurenser å slutte med det?

- Du det prøvde vi då dei bygde gasskraftverk på Mongstad. Men vi fikk det liksom ikkje heilt til. Det endte med at vi tok på oss heile rekninga med å rense gasskraftverket. Og slikt er vi jo eigentleg mot. Subsidiar altså…

En leserkommentar på: “Norske utslepp aukar fordi…

  1. Unni Berge

    Tilrår dagens Innsikt-artikkel i Aftenposten for å skjøne skiljelinjene i norsk klimapolitikk (Finansdepartementet mot røkla).

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre debattregler.

(påkrevd)