Kinesiske kutt gir framleis utflating av globale utslepp

Kina står for 29 prosent av karbonutsleppa i verda. Kinesiske kutt bidrar til at dei globale utsleppa har flata ut.

Tala for verdas klimagassutslepp for 2015 viser ein positiv trend: Utsleppa aukar ikkje.

– Det er tredje året på rad at utsleppa flater ut. Det er gledeleg, men nivået er også nær 60 prosent over 1990-utsleppa, seier Are Olsen, førsteamanuensis ved Geofysisk institutt og forskningsleiar på Bjerknessenteret.

Det globale karbonbudsjettet er ein årleg talfesting av CO₂-utslepp, opptak og trendar i det foregåande året, og kommer også med anslag for årets utslipp. Budsjettet blir utforma i ein internasjonal forskningsdugnad under paraplyen Global Carbon Project.

Kinesiske utslepp gjekk ned 0,7 prosent i 2015, og landet sto for 29 prosent av karbonutsleppa. USA er det nest største utsleppslandet med 15 prosent.

Inga auke i bruk av fossilt drivstoff

Tala for totale utslepp frå bruk av fossilt drivstoff i 2015 er på 9,9 gigatonn karbon, mot 9,89 i 2014. 9,9 gigatonn (milliarder tonn) karbon, tilsvarer 36 milliarder tonn CO₂.

– Det er godt nytt at dei totale utsleppa frå bruk av fossilt brensel heller ikkje auka i fjor. Utsleppa gjekk noko ned frå både Kina og USA, men motsett er det auke i utslepp frå både EU og India. Denne trenden ser ut til å halde fram i år, seier Olsen.

Størsteparten av CO₂-utsleppa kjem frå kol (41 prosent), deretter olje (34 prosent), gass (19 prosent) og sementproduksjon (5 prosent).

Brenning av torv i Indonesia er ein av einskildårsakene til at landbaserte utslepp auka i fjor frå 1 GtC i perioden 2006-2014, til 1,3 GtC i 2015.

El Niño påverker CO₂-opptak i vegetasjon

Sjølv om utsleppstrenden sto stille, ser ein at auken i CO₂-innhaldet i atmosfæren var rekordhøgt. Auken i atmosfæren var på 6,3 GtC, det er det samme som ein auke på 2,97 ppm.

– Vi må tilbake til 1998 for å finne tilnærma lik auke i atmosfæren. Årsaka til dette er El Niño, som påverker CO₂-opptaket i landbasert vegetasjon, El Niño har særleg gitt mykje tørke som gjer at skogane veks lite og dermed ikkje tar opp så mykje CO₂. Me reknar med at opptaket normaliserer seg når El Niño-perioden er over, seier Olsen.

CO₂-opptaket i skog var på 1,9 GtC mot normalt 3,1 GtC. Også 2016 er eit El Niño-år, og årets opptak i skog og vegetasjon er rekna å framleis vere lågt.

2015-tala viser at CO₂-opptaket i havet var derimot som normalt, på 3,0 GtC – normalen er 2,6. Også dette året ventar ein sterkare CO₂-opptak i havet, på grunn av El Niño.