Kinas grøne transformasjon er i gang

Fleire analyser viser at Kina kombinerte økonomisk vekst med reduksjon i CO₂-utslepp i 2015. Les også om finsk solrekord i India og Saudi-Arabia som skal kutte nasjonalt oljeforbruk.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

KINAS CO₂-UTSLEPP REDUSERT I 2015: Kina slapp denne veka offisielle økonomi– og industridata for 2015. Dei viser ein vekst i BNP på 6,9 prosent – ned frå 7,3 prosent i 2014. Veksten er framleis imponerande samanlikna med utviklinga i OECD, men i kinesisk målestokk var fjorårets resultat det dårlegaste på 25 år.

Kinas kraftforbruk auka med beskjedne 0,5 prosent i 2015 – mot 3,8 prosent i 2014. I kraftsektoren ser ein no ein klar dreiing frå fossil til fornybar. Medan investeringane i sol, vind og vatn var rekordhøge i 2015, gjekk produksjonen av kolkraft ned 2,8 prosent. Som konsekvens blei importen av kol 30 prosent lågare i 2015 enn i 2014. Greenpeace har analysert dei kinesiske dataa og meiner det er grunnlag for å tru at Kinas samla CO₂-utslepp gjekk ned 3 prosent i 2015. Bloomberg New Energy Finance har avgrensa sin analyse til berre å gjelde CO₂-utslpp frå kolkraftproduksjon, men retninga på BNEFs utrekningar er dei same som hos Greenpeace. For klimaet er dettte ein god start på 2016.

Bilde av solnedgang gjennom tykk smog i Shanghai
UTVIKLING I RIKTIG RETNING: Snart betre luft i Shanghai? Utrekningar gjort av Greenpeace viser at Kinas CO₂-utslepp sannsynlegvis fall 3 prosent i 2015. Redusert kolforbruk er ein viktig forklaring.

SOL BILLEGARE ENN KOL I INDIA: Det skreiv Indias energiminister Piyush Goyal i ein melding på Twitter denne veka. Bakgrunnen var at Fortum Energy, med eit pristilbod på 4,34 rupi/kWh (litt over 50 norske øre), sikra seg ein kontrakt for bygging av eit solkraftverk med kapasitet på 70 MW. Dermed slo det finske selskapet den gamle prisrekorden på 4,63 rupi/kWh frå november i fjor. Saka blei omtalt først av Giles Parkinson i REneweconomy. India har satt seg mål om å nå 100 GW solkraft innan 2022, opp frå rundt 5 GW i dag. Det gjer India til eit av verdas mest attraktive investorland.

OLJEEKSPORTØRAR SKAL SATSE PÅ SOL: Denne veka kunne ein lese i The Independent at eit fat olje no kostar like mykje som eit fat utan olje. Mens låge oljepriser normalt aukar forbruket, ser ein no ein litt annan effekt hos store oljeeksporterande gulfstatar. Ifølge The Guardian ønskjer land som Saudi-Arabia, Iran, Bahrain og Kuwait å erstatte olje og gass på heimebane med andre energikjelder, spesielt i kraftproduksjon. Sidan 2000 har energiforbruket i desse oljeproduserande landa vekse med 5 prosent i året – det er meir enn i Kina og India. Saudi-Arabia er verdas sjuande største oljekonsument. Ved å gå over til fornybare energikjelder håpar dei å frigjere meir av dei fossile ressursane til eksport, ifølge artikkelen. Også energieffektivisering skal stå på agendaen. IRENA-rapporten Renewable Energy Market Analysis (The GCC Region), som blei lansert denne veka, har meir om dette temaet.

REKORDVARMT I 2015: Det er no offisielt: 2015 er det varmaste året som nokon gong er registrert. Det viser analysene til NASA og NOAA som blei offentleggjort denne veka. For første gang passerte vi ein gjennomsnittstemperatur som ligg 1,0 grad celsius over nivået i førindustriell tid – vi er dermed halvvegs mot togradars oppvarming. Auka frå 2014 til 2015 var også rekordstor – heile 0,13 grader celsius. NASA og NOAA skriv at temperaturauken sidan slutten av forrige hundreår stort sett skuldast menneskelege utslepp av CO₂ og andre klimagassar. Om du vil lese meir om temperaturrekorden på norsk anbefalar eg denne artikkelen frå yr.no.

CARLIFORNIA VIL ETTERFORSKE EXXON: 2015 var ikkje eit godt år for Exxon. Forutan det kraftige oljeprisfallet, fekk selskapet mykje negativ merksemd for avsløringar om at selskapet skal ha heldt tilbake viktig klimakunnskap for offentlegheita så vel som for selskapets aksjonærar. Statsadvokaten i New York starta etterforsking av desse påstandene i november i fjor, og denne veka kunne Los Angeles Times melde at Californias statsadvokat har bestemt seg for å gjere det same.