Kina aukar farten, Europa nøler

Kinas planlagde investeringar i fornybar energi fram mot 2020 svarar til eit halvt norsk oljefond. Les også korleis sol og vind gjorde det i Tyskland og Storbritannia i 2016.

1 kommentar
VERDAS STØRSTE: Tre Kløfter-demninga (Three Gorges) er verdas største vasskraftverk. Den totale kapasiteten er 22,5 GW. Foto: Wikimediacba

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Kina tenker stort: 361 milliardar dollar er det Kina skal investere i meir fornybar kraftkapasitet fram mot 2020. Det varsla det statlege energibyrået, the National Energy Administration (NEA), torsdag. Investeringane skal bidra til å gjere det kinesiske kraftsystemet reinare. NEA har ikkje offentleggjort kor investeringane skal brukast, men skal vi tru Reuters er det sol og vind som vil stikke av med mesteparten. Fordi kostnadene for storskala solkraft (pv) i Kina har rast sidan 2010, vert det spekulert i om myndigheitene vil oppgradere installasjonsmålet for solkraft. Denne veka har Kina også kommunisert at dei planlegg å sette eit tak på kor mykje kull landet skal utvinne i 2020.

Kvileår for Energiewende? Fornybar energi ser ut til å ha lagt bak seg eit «kvileår» i Tyskland. Data frå Fraunhofer Institute for Solar Energy Systems ISE viser at sol, vind, vatn og biomasse stod for 34 prosent av landets netto el-forsyning i 2016 – omtrent det samme som i 2015. Værmessige forhold gjorde at det i fjor blei produsert færre TWh frå solceller og landbaserte vindmøller samanlikna med året før. Nedgangen her blei utjamna av vekst for biomasse og havvind. Gasskraftens posisjon blei betydeleg styrka i 2016. Produksjonen gjekk opp frå 30 til 43 TWh. Kolkraft opplevde ein liten nedgang i produserte TWh.

Gassvekst i Storbritannia: Ein analyse gjort av Carbon Brief konkluderer med at vindmøller i Storbritannia produserte meir elektrisitet enn kolkraft i 2016. Det har aldri skjedd før. Forklaringa ligg ikkje i auka vindkraftproduksjon, men at fallet for kolkraftproduksjon har vore formidabelt. Som i Tyskland var det gasskraft som opplevde den største veksten i fjor. 43 prosent av samla el-produksjon kom frå gass i 2016 – mot 30 prosent året før. Fornybarnæringa i Storbritannia er usikker på framtida, meiner organisasjonen Green Alliance. I ein analyse som vart publisert denne veka skriv dei at britane gikk glipp av fornybarinvesteringar for 1,1 milliardar pund i 2016, hovudsakleg fordi den konservative regjeringa i fjor bestemte seg for å kutte subsidiane til landbasert vindkraft. Green Alliance skriv vidare at investeringane i vind, sol og annan fornybar energi vil falle med 95 prosent fram mot 2020.

Meir fart, takk! Utrullinga av utsleppsreduserande teknologi må skje ti gongar raskare enn i dag om Paris-avtalens mål skal nås. Det er konklusjonen i ein ny studie gjort av forskarar ved Duke University. Forskarane har kombinert historiske trendar med projeksjonar for framtidig global folkeauke. Dei fagfellevurderte funna kan lesast i sin heilskap i det opne tidsskriftet Earth’s Future.

El-produksjon frå trebasert biomasse i kraftig vekst: USAs eksport av trepellets til Europa har vekse frå 0 i 2005 til meir enn 6,5 millionar tonn i 2016. Den største importøren er Storbritannia. Som vi har skrive om før er Storbritannia på god veg til å fase ut kol frå kraftproduksjonen. Til gjengjeld har dei begynt å brenne stadig meir trebasert biomasse – importert over Atlanteren. Britane godskriv dette som klimanøytralt, no vurderer amerikanske myndigheiter om dei skal gjere det same. Men er det så enkelt? Forskarar og ekspertar argumenterer like hardt for både ja og nei – kven skal ein lytte til? Science har publisert ein svært informativ artikkel som drøfter ulike perspektiv. Korleis ein argumenterer kjem gjerne an på kva for tilnærming ein brukar – og kva føresetnadar ein matar inn i modellane. Artikkelen bør vere av interesse for alle som har fulgt den norske debatten om biodrivstoff. Les og lær.

Abonner på Fem på fredag

Én kommentar

  1. Chris Blom

    Denne artikkelen forteller om reell usikkerhet rundt og utflating av kapasitet for ‘ny fornybar’ kapasitet og samtidig økt avhengighet / bruk av gassbasert elektrisitetsproduksjon. Og Norge er ennå, og vil være en (kanskje enda) viktig(ere) kilde for denne sentrale komponenten i den europeiske energimiksen.

    Dette er virkeligheten som endelig innhenter nasjoner der subsidier har drevet frem økonomisk sett ikke-bærekraftige energiinvesteringer i ‘ny fornybar’, finansiert av økte skattebyrder for innbyggerne. Smertegrensen er nådd. Innbyggere og politikere har fått nok nå. Drømmerne kan drømme om ‘meir fart’. Befolkningsvekst og økte energibehov er drivere som ikke kan fornektes eller underslås når realpolitikk og tilhørende budsjetter skal vedtas.

    Svar

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima