Verdas auge er retta mot Oslo tingrett

Når klimarettssaka startar tysdag i Oslo tingrett, vil internasjonal presse sitte ringside. Les også: Semje i EU om å stramme til kvotemarknaden og europeiske kraftselskap vil ha meir ambisiøse fornybarmål.

KLIMASØKSMÅL: Tirsdag 14. november kl. 09.00 starter klimarettssaken mellom Greenpeace/Natur og Ungdom og Staten. Dom er ventet vinter/vår 2018. Foto:Oslo Tingrett cba

Internasjonal interesse for norsk klimasøksmål: Klimarettssaka mot den norske stat som startar i Oslo tingrett tysdag 14. november har allereie fått stor internasjonal merksemd. Financial Times sin Norden-korrespondent Richard Milne skriv i ein kommentar (abo) at sjølv om det er stor usikkerheit om sjølve utfallet, er søksmålet symbolsk viktig og eit varsko mot oljeindustrien:

«It is a warning to oil companies that drilling in environmentally sensitive areas such as the Arctic is likely to become more and more controversial. That in turn may intensify questions about the desirability and profitability of drilling in the far north.»

Milne minner også leserane om at Noreg ikkje er kven som helst – men ein fossil stormakt i europeisk målestokk:

«What is more, no country — aside from perhaps Russia — has been so aggressive in opening up the Arctic to oil exploration.»

Ein av grunnane til at klimasøksmålet i Oslo vekker minst like store interesse utanfor landets grenser som innafor, er at liknande prosessar er på trappene i fleire andre land. Reuters har meir om dette. Nokon av dei som kjem til å følgje ekstra godt med på det som skjer i Oslo neste veke, er partane i Juliana v. U.S. – ein rettssak som startar i Oregon tingrett i februar neste år. Bak søksmålet står 21 barn – deriblant barnebarnet til den kjende klimaforskaren James Hansen. Barna meiner myndigheitenes manglande handtering av klimaproblemet krenkjer deira medfødde fridomar og grunnleggande rettar. National Geographic har i samband med COP23 i Bonn intervjua Hansen om kvifor han meiner klimasøksmål er heilt nødvendig.

EU-semje om å stramme til kvotemarknaden: Etter år med kniving blei EU-institusjonane torsdag morgon einige om korleis EUs kvotesystem (EU ETS) skal sjå ut etter 2020. Kvotesystemet er hovudverktøyet i det europeiske klimaarbeidet – men til no eit lite effektivt verktøy på grunn for låge CO2-prisar som følge av stort overskot av kvoter.

I det nye regimet vil ein mellom anna doble talet på kvoter som frå 2019 skal takast ut av marknaden og plasserast i kvotereserven – Market Stability Reserve – som EU-landa bestemte seg for å etablere for nokre år sidan. Frå og med 2023 vil ein byrje å slette kvoter permanent frå reserven. Utover dette kan medlemsland på eige initiativ slette kvotar frå marknaden i samband med nedlegging av fossile kraftverk. Sjølv om ein også fram mot 2030 vil dele ut gratis utsleppskvoter, og reforma er polstra med solide støtteordningar for industrien, blei partane einige om at fossile energiselskap som hovudregel ikkje skal ha tilgang til omstillingsmidlar frå det såkalla moderniseringsfondet (dette fondet får pengar frå kvote-auksjonar). Unnataka gjeld for dei to fattigaste landa i unionen, Bulgaria og Romania. For meir om innhaldet i kvotemarknadsreforma, sjekk til dømes Bloomberg og Platts.

Marknaden reagerte positivt på nyheita om dei nye avtalen (kvotepris +3,4 prosent), mens EU-kommisjonen skriv at endringane er i samsvar med klimaambisjonane satt for 2030. Carbon Market Watch er imidlartid ikkje imponert. I ein pressemelding skriv dei at nasjonale myndigheiter no må ta grep og innføre eigne prismekanismar. Det er særleg tempoet i kvotereforma dei reagerer på.

Endringane må formelt godkjennast av Europaparlamentet og medlemslanda før endringane kan bli ny lov.

Krev meir ambisiøse fornybarmål i EU: Vi held oss til europeisk klimapolitikk. Seks store europeiske kraftselskap har denne veka brukt klimaforhandlinga i Bonn til å snakka opp EUs fornybarmål. Bakteppet er den pågåande debatten i EU om nytt fornybardirektiv (RED II). Målet som i dag ligg på bordet er at minst 27 prosent av EUs totale energikonsum skal kome frå fornybar energi innan 2030. Dette kallar kraftselskapa lite ambisiøst, meldar Reuters. Dei ønsker å heve fornybarmålet til 35 prosent og peikar på meir elektrifisering av transport og oppvarming som opplagte grep for å klare dette.

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Fleirtalet i Europaparlamentets Miljøkomite røysta nyleg for å heve fornybarmålet til 35 prosent, mens Industrikomiteen, som er fagkomiteen i dette spørsmålet, skal avgjere sitt syn i slutten av november.

Guide til klimaforhandlingane i Bonn: Denne veka tok klimaforhandlinga i Bonn til – det som på stammespråket går under namnet COP23. Forhandlingane varer frå 6.-17. november, men kva vert det eigentleg forhandla om, og kven er pådrivarar og bremseklossar? Svara på alt du lurar på om agenda og aktørar på COP23 får du i dette ekspertintervjuet med Ciceros forskingsdirektør Steffen Kallbekken.

Det er også interessant å følge med på alt som skjer ved sida av dei formelle forhandlingane, slik som lanseringa torsdag i regi av Deutsche Bank (DB): Saman med det amerikanske selskapet Four Twenty Seven har DB utvikla eit verktøy som rangerer over 1 million industrifasilitetar globalt ut frå kor utsett dei er for klimarelaterte katastrofar. For investorar som er oppteken av klimarisiko kan dette bli eit nyttig verktøy.

NASA oppdaga varmekjelde under isen i Antarktis: Tysdag la NASA ut ein interessant artikkel som har blitt mykje omtalt denne veka: Hot News from the Antarctic Underground. Her kan ein lese at NASA no kan ha funne svar på kvifor det er så mykje vatn som sildrar under isen i Antarktis. Ved hjelp av (det som for meg framstår som svært avansert) modellering, har forskarane klart å dokumentere at det finst ein geotermisk varmekjelde under den delen av Antarktis som heiter Marie Byrd Land (Vest-Antarktis). Artikkelen understrekar at varmekjelda ikkje er ein ny eller veksande trugsel, men det kan vere ei forklaring på den ustabiliteten ein ser i dag.

Bli abonnent!

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima