– Vår nasjons dummaste handling sidan lanseringa av Irak-krigen

President Donald Trump har bestemt seg for å trekke USA frå Paris-avtalen – til sterke reaksjonar. Les også: Aksjonærane tvingar Exxon til å rapportere på klimarisiko.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

USA trekker seg frå Paris-avtalen: Donald Trump sparte ikkje på noko då han torsdag kveld kunngjorde at USA trekker seg frå Paris-avtalen, og at han vil forsøke å forhandle fram ein ny avtale (sjå opptak eller les talen).

«The Paris accord would undermine our economy, hamstring our workers, weaken our sovereignty, impose unacceptable legal risk, and put us as a permanent disadvantage to the other countries of the world».

Og vidare:

«So we are getting out. But we will start to negotiate and we will se if we can make a deal that is fair. And If we can that is great. And if we can´t that´s fine.»

Men Trump kan gløyme reforhandlingar, melder The Independent, som viser til ein felles erklæring frå Tyskland, Frankrike og Italia

Trump gav i talen sin Paris-avtalen skulda for at kullkraftverk blir stengt ned i USA, mens andre land kan gjere som dei vil, hevda presidenten. Han kritiserte avtalen for ikkje å love nok, for så å åtvara mot ein meir ambisiøs avtale:

«If we do not leave the agreement, or if we do not negotiate a far better deal, the risks grow as, historically, these agreements only tend to become more and more ambitious over time. In other words, the Paris framework is just a starting point, as bad as it is. Not an end-point.»

Avslutninga har vi høyrd før:

«It is time to put Youngstown, Ohio, Detroit, Michgian, and Pittsburg, Pennsylvania, along with many, many other locations within our great country before Paris, France. It is time to make America great again.»

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Nokon av dei største selskapa i USA – inkludert ExxonMobil – har jobba aktivt for at USA skal bli verande i Paris-avtalen. Alexander C. Kaufman i Huffington Post skriv i ein kommentar at dette viser at Paris-avgjersla til Trump-administrasjonen handlar om ideologi, ikkje business. Ein annan interessant kommentar er signert David McKean and David Wade i Slate.com. Dei viser kva tungvektarar Donald Trump vel å ignorere når han seier nei til klimaavtalen.

Skribent og aktivist Bill McKibben var raskt ute med sin skarpe penn i New York Times etter Trumps tale:

«It’s a stupid and reckless decision — our nation’s dumbest act since launching the war in Iraq».

Kina og EU inngår klimaallianse: Reaksjonane på USAs farvel til Paris-avtalen gir håp. Særleg viktig er meldingane som tidlegare i veka har kome frå Brussel og Beijing. EU og Kina lovar tettare samarbeid og globalt leiarskap i energiomstillinga. Det er venta at eit felles fråsegn vil bli offentleggjort fredag – som avslutning på det europeisk-kinesiske toppmøtet i Brussel. I ein lekka versjon som Climatechangenews.com har fått tak i heiter det at EU og Kina vil «significantly intensify their political, technical, economic and scientific cooperation on climate change and clean energy». Dei oppmodar samtidig øvrige partar om å stå fast ved Paris-avtalen.

Exxon må rapportere på klimarisiko: Leiinga i ExxonMobil – verdas største børsnoterte oljeselskap – gjekk på eit historisk nederlag på årets generalforsamling. For første gang røysta eit fleirtal av aksjonærane for eit forslag som krev at selskapet frå og med 2018 må publisere ein årleg rapport som forklarar korleis klimapolitikk og energiomstilling framover vil påverke selskapets verdiar. 62 prosent av aksjonærane støtta forslaget, deriblant Statens pensjonsfond utland (SPU). I fjor fekk tilsvarande krav 38 prosent av røystene. Som denne oversikta frå den amerikanske tankesmia Ceres viser er ikkje Exxon det einaste oljeselskapet som i år har blitt møtt med skjerpa forventingar til klimarapportering frå aksjonærane. Inside Climate News har ein god artikkel som også forklarar kvifor dei store oljeselskapa strittar imot.

Russland med historisk fornybarauksjon: Om ein ser vekk frå vasskraft har Russland nesten ingen fornybar kraftproduksjon å vise til. No kan dette vere i ferd med å snu. Putin har denne veka offentleggjort den mest omfattande fornybarauksjonen nokon gong i russisk historie. Nesten 2 GW rein kraftproduksjon skal byggast ut dei neste åra. Eit viktig mål med auksjonen er å tiltrekke seg utanlandske investeringar og skape nye arbeidsplassar, skriv Bloomberg. Finske Fortum skal vere blant dei interesserte tilbydarane.

Høgare karbonskatt: Denne veka presenterte Verdsbank- og IMF-initiativet The High-Level Commission on Carbon Prices ein rapport (PDF) om karbonskatt som klimatiltak. Kommisjonen, som har vore leia av professor Joseph Stiglitz og professor Nicholas Stern, skriv i konklusjonen at Paris-avtalen fordrar eit karbonskatt-nivå på minimum 40-80 USD per tonn CO2 i 2020 og 50-100 USD per tonn CO2 i 2030. Fattige land kan ha ein noko lågare skattesats, skriv dei. CO2-prisen i EU-ETS er i dag litt under 6 USD.

Bli abonnent!

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima