– Vår nasjons dummaste handling sidan lanseringa av Irak-krigen

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
USA trekker seg frå Paris-avtalen:Donald Trump sparte ikkje på noko då han torsdag kveld kunngjorde at USA trekker seg frå Paris-avtalen, og at han vil forsøke å forhandle fram ein ny avtale (sjå opptakeller les talen).
«The Paris accord would undermine our economy, hamstring our workers, weaken our sovereignty, impose unacceptable legal risk, and put us as a permanent disadvantage to the other countries of the world».
Og vidare:
«So we are getting out. But we will start to negotiate and we will se if we can make a deal that is fair. And If we can that is great. And if we can´t that´s fine.»
Men Trump kan gløyme reforhandlingar, melder The Independent, som viser til ein felles erklæring frå Tyskland, Frankrike og Italia
Trump gav i talen sin Paris-avtalen skulda for at kullkraftverk blir stengt ned i USA, mens andre land kan gjere som dei vil, hevda presidenten. Han kritiserte avtalen for ikkje å love nok, for så å åtvara mot ein meir ambisiøs avtale:
«If we do not leave the agreement, or if we do not negotiate a far better deal, the risks grow as, historically, these agreements only tend to become more and more ambitious over time. In other words, the Paris framework is just a starting point, as bad as it is. Not an end-point.»
Avslutninga har vi høyrd før:
«It is time to put Youngstown, Ohio, Detroit, Michgian, and Pittsburg, Pennsylvania, along with many, many other locations within our great country before Paris, France. It is time to make America great again.»
Nokon av dei største selskapa i USA- inkludert ExxonMobil - har jobba aktivt for at USA skal bli verande i Paris-avtalen. Alexander C. Kaufman i skriv i ein kommentar at dette viser at Paris-avgjersla til Trump-administrasjonen handlar om ideologi, ikkje business. Ein annan interessant kommentar er signert David McKean and David Wade i. Dei viser kva tungvektarar Donald Trump vel å ignorere når han seier nei til klimaavtalen.

