Trumps klimakutt avvist av Kongressen

Republikanarane og demokratane i Kongressen gjekk samla imot Trumps mest alvorlege klimakutt i den nyleg inngåtte budsjettavtalen for 2017. Les også: Kjernekraftens framtid står på spel i det franske presidentvalet.

Donald Trump ser ut til å ville trekke USA ut av Paris-avtalen - mot råd fra alt som kan krype og gå av skikkelige folk i politikk, sivilsamfunn og næringsliv over hele verden.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Kongressen ignorerte Trump: Republikanarane og demokratane i Kongressen har denne veka kome fram til ein budsjettavtale for inneverande år. Det interessante er at denne første budsjettavtalen med Trump som president langt på veg ignorerer dei mest dramatiske kuttforslaga. Dette meldar mellom andre Bloomberg. Miljødirektoratets (EPAs) budsjett blir redusert med 81 millionar dollar samanlikna med 2016 –  ikkje 247 millionar dollar som foreslått. Avtalen slår fast at talet på tilsette i EPA skal haldast på same nivå som i dag, også det i strid med presidentens ønske. Trumps framlegg om kutt i energirelatert forsking blei også skrota. Nokre forskingsprogram på fornybar fekk til og med påplussingar. (Muren mot Mexico får derimot ingen midlar i 2017).

Om årets budsjettavtale er representativ for framtidige budsjettavtalar er for tidleg å seie. Det er først når kongressen skal i gang med 2018-budsjettet vi får svar på om Trumps kuttforslag på klima- og energifeltet er endeleg avvist av Kongressen – eller berre utsett. Ein kommentar i New York Times meiner budsjettavtalen gir grunn til bekymring for Trump.

Should I stay or should I go? Innan kort tid vil president Trump bestemme seg for om USA skal akseptere eller trekke seg frå Paris-avtalen. Det føregår no hektisk møteverksemd blant Trump-administrasjonens viktigaste ministrar og rådgjevarar. Rollefordelinga er nokså absurd: Utanriksminister og tidlegare Exxon-sjef Rex Tillerson vil at USA skal bli verande. Sjef for miljødirektoratet (EPA) Scott Pruitt vil ut, mens energiminister Rick Perrys posisjon er at han vil reforhandle avtalen. Også administrasjonens juridiske ekspertar er kopla inn. Eit kjernespørsmål er om Trump kan reversere Obamas klimapolitikk samtidig som han aksepterer Paris-avtalen, eller om han då gir meiningsmotstandarane meir krutt i framtidige søksmål. Ekspertane er tvil.  Til sjuande og sist er det Trump sjølv som avgjer Paris-avtalens vidare ferd. Følg med på Twitter.

Kjernekraft i Frankrike: Søndag er det andre runde i det franske presidentvalet. Høgrepopulisten Marine Le Pen mot sentrumskandidaten Emmanuel Macron. Det største energipolitiske spørsmålet i fransk politikk handlar om framtida til landets kjernekraftindustri. Le Pen ønsker å sikre kjernekraftens dominerande posisjon som i dag, mens Macron har inntatt ein mellomposisjon. Han er tilhengar er kjernekraft, men har samtidig gitt støtte til president Francois Hollandes mål om å redusere kjernekraftens del av kraftmiksen frå 75 til 50 prosent innan 2025. Eller? Ifølge Reuters kan Macron vere i ferd med å gå vekk frå ein absolutt tidsfrist. Han skal også vere open for å vurdere subsidiering av nye kjernekraftverk etter britisk modell. Uansett kva den neste presidenten vel å gjere – om det er å stenge ned eller å investere i nye kraftverk – vil det bli svært dyrt å finansiere.

Vil du høyre meir om det franske kjernekraftvalet anbefalar eg denne podcasten frå amerikanske Energy Gang. For oversikt over haldningane til Le Pen og Macron i fleire energispørsmål – sjekk Politicos gode oversikt.

Pakistan og Kina med tung satsing på kolkraft: Fleire internasjonale medier – som Reuters – har denne veka omtalt Pakistans og Kinas nye samarbeidsavtale: China Pakistan Economic Corridor (CPEC). CPEC er eit program for bygging av vegar, jernbane, hamnar, kratproduksjon m.m. Eit av måla er å auke landas samla kraftkapasitet med 16 GW. Problemet er at tre firedelar av denne kapasiteten skal kome frå nye kolkraftverk. Dei neste 15 åra skal 15 milliardar amerikanske dollar investerast i cirka 12 nye kolkraftverk. Kina er med å betale. Bloomberg har skrive ein god og kritisk analyse om CPEC-samarbeidet.

E.ON + Google: Tyske E.ON er ein av dei europeiske kraftgigantane som har tapt mest på endringane i energisektoren det siste tiåret. I 2014 bestemte selskapet eg for å bli meir offensive i det grøne og splitte selskapet i to – der E.ON, som det eine selskapet, skulle spissast meir mot fornybar energi og kundenære tenester. Denne veka fekk vi servert ein smakebit på det som kanskje representerer «nye» E.ON. Selskapet har inngått samarbeid med Google om å lansere solenergikalkulatoren Sunroof i Europa – i første omgang i den tyske marknaden. Sunroof let brukarane rekne ut kor mange timar med sollys dei har, kor sterkt sollyset er og kor mykje dei potensielt kan spare. Tenesta blei lansert av Google i 2015, men har til no berre vore tilgjengelig i USA. I 2016 gjekk E.ON med 16 milliardar euro i underskot.

Bli abonnent!

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima