Trump eller Clinton?

Presidentvalet i USA blir eit skjebneval for klimaet. Les også om store kostnadsfall for havvind og kinesisk elbil-forslag som provoserer den tyske regjeringa.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Skjebneval for klimaet: I neste veke får vi vite om Paris-avtalen, som trer i kraft i dag, får eit langt eller kort liv. For klimaet blir det amerikanske presidentvalet eit skjebneval. Donald Trump har kalla global oppvarming ein kinesisk svindel (“a Chinese hoax”) og har sagt at han vil trekke USA frå klimaavtalen. Mens Clinton har sagt at USA under henne skal bli ein grøn supermakt (“clean energy superpower”), lovar Trump å kansellere Obamas Clean Power Plan, starte bygginga av den kontroversielle Keystone XL, fjerne alle reguleringar for fracking og sette ein stoppar for det føderale miljødirektoratet EPA til å regulere CO₂-utslepp.

Fleire gode kommentarar denne veka spør korleis denne haldninga til klimaendringane er mogleg i 2016. Andy Kroll i Rolling Stone Magazine skildrar og forklarar klimafornektinga i det konservative partiet, mens The Economist samanliknar Trump og Clintons klimapolitikk. Eit viktig poeng i sistnemnte artikkel, i tillegg til at Clinton er den einaste av dei to som ønskjer å redusere klimagassutslepp og styrke posisjonen til fornybar energi, er at marknadsutviklinga er vel så viktig som politikken. Ein kan ikkje sjå bort ifrå at utsleppa også kan gå ned med Trump som president, skriv han. Mindre optimist er kommentator Martin Wolf i Financial Times (Abo). Han meiner begge kandidatane er klimafornektarar – rett nok med ulik styrke. Trump fornektar menneskeskapte klimaendringar og gjer ingenting (“denial major”), mens Clinton trur på menneskeskapte klimaendringar utan å gjere nok (“denial minor”). Ein viktig skilnad er det likevel: Trump er ein garantist for fiasko på klimafeltet, det er ikkje Clinton.

Havvind meir konkurransedyktig: Bloomberg New Energy Finance sin siste kostnadsstudie er hyggelig lesing for alle som er oppteken av havvind. BNEF har for andre halvår 2016 nedjustert den globale gjennomsnittsprisen (LCOE) for havvind til $126/MWh – ned 22 prosent i høve til første halvår 2016 og ned 28 prosent samanlikna med andre halvår 2015. Nye prisrekordar frå Danmark og Nederland er ein stor del av forklaringa. Også kostnadene for landbasert vindkraft og solenergi (PV) er nedgåande.

Tyskland fryktar kinesisk elbil-politikk:  I eit krast avisinnlegg åtvarar Tysklands næringsminister Sigmar Gabriel Kina mot å innføre elbil-kvotar. Forslaget som ligg på bordet skal gå ut på at elbilar må utgjere minst 8 prosent av nybilsalet i 2018 og 12 prosent i 2020. Klarar ikkje produsentane dette, må dei kjøpe kvoter av lokale bilprodusentar. Gabriel meiner dette diskriminerer tysk bilindusri. Av dei 379 000 bilane som BMW selde på den kinesiske markanden frå januar – september 2016, var berre 1204 reine elbilar. Kinesiske myndigheiter har overfor Gabriel avvist at utanlandske bilprodusentar vil bli diskriminert. Kinesiske myndigheiter har overfor Gabriel avvist at utanlandske bilprodusentar vil bli diskriminert.

India planlegg grønt superfond: Reuters skriv at India er i ferd med å lansere eit stort fond retta mot energiselskap som ønskjer å produsere fornybar energi i India. Det er regjeringa og eit utval indiske statsselskap som er prosjektets initiativtakarar. Skal vi tru rykta er målet at fondet etter kvart skal ha 2 milliardar USD i investeringskapital. Indiske myndigheiter håpar fondet vil tiltrekke seg pensjonsfond og forsikringsselskap i Europa og Canada. Kanskje ein ny investeringsmoglegheit for NBIM?

Elektrifisering av Indias jernbane: India skal elektrifisere 24 000 kilometer med jernbane innan 5 år, skriv The Indian Express. Avisa siterer jernbaneminister Suresh Prabhu som seier at “Mission Electrification” blir viktig for Indias oppfølging av Paris-avtalen, og for å redusere landets oljeimport. Energiforbruket til jernbane i India er forventa å tredoble seg fram mot 2030. Les meir i regjeringas pressemelding.

(Bonus: Leonardo DiCaprios klimafilm).