SunEdisons konkurs – korleis påverkes solindustrien?

For mindre enn eit år sidan var verdien av SunEdison 10 milliardar dollar. No er det amerikanske fornybarselskapet konkurs.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

SunEdison konkurs: Torsdag offentleggjorde SunEdison, eit av verdas raskast voksande fornybarselskap, at dei har søkt konkursvern under amerikansk lov. Selskapets forretningsmodell har gått ut på å bygge sol- og vindkraftanlegg rundt om i verda, for så skilje desse ut til eigne børsnoterte “driftsselskap” dei sjølv har kontrollert (såkalla yield companies, eller yieldcos). SunEdison har ikkje søkt konkursvern for TerraForm Power og TerraForm Global – selskapets to yield companies. Så seint som i juli 2015 blei SunEdison verdsatt til 10 milliardar dollar, men etter kvart som det blei kjent at selskapets lånefinansierte ekspansjonsprogram ikkje var økonomisk beredyktig, har aksjekursen rast. WSJ-artikkelen Inside the Fall of SunEdison, Once a Darling of the Clean-Energy World gir god innsikt i SunEdisons fall. Seeking Alpha trur konkursen vil ha ein disiplinerande effekt på andre solenergiselskap, og at vekstmodellane til selskap som First Solar, SunPower, og SolarCity er meir robust. Raj Prabhu, CEO i Mercom Capital, meiner det er viktig at investorar ser på SunEdisons konkurs som eit selskapsproblem, ikkje industriproblem. Han trur heller ikkje konkursen vil skade Yieldcos som forretningsmodell.

Store skilnader på 1,5 og 2 gradars temperaturstiging: Det konkluderer ein vitskapeleg artikkel som denne veka blei publisert i tidsskriftet Earth System Dynamics, og som er omtalt av The Guardian. Etter at Paris-avtalen blei vedteke har stadig fleire reist spørsmål om skilnaden på 1,5 og 2 gradar. Artikkelforfattarane skriv at 2 gradars oppvarming vil gi lenger hetebølgjer og kraftigare tørkeperiodar. Dette vil gi alvorlege konsekvensar for avlingar, korallrev og vasstilgang. I Middelhavsregionen vil reduksjon i tilgang på vatn nesten doblast ved 2 gradars oppvarming samanlikna med ein oppvarming på 1,5 gradar.

Fosen bidrog til kraftig investeringsvekst i Europa:  Bloomberg New Energy Finance (BNEF) har offentleggjort ny kvartalsstatistikk for globale investeringar i cleantech. Statistikken viser at det i første kvartal 2016 blei investert 53 milliardar dollar – ein nedgang på 12 prosent samanlikna med same periode i fjor. Den viktigaste forklaringa er redusert økonomisk vekst i Kina, skriv BNEF. Målt mot første kvartal 2015 opplevde også Brasil, Sør-Afrika og Japan nedgang i cleantech-investeringane i årets tre første månader. Derimot var det investeringsvekst i USA og Europa på høvesvis 9 og 70 prosent. Den sterke veksten i Europa skuldast i all hovudsak tre store investeringsavgjersler for vindkraft som har blitt tatt i år: Hornsea One (havvind, UK), East Anglia One (havvind, UK) og Fosen (vind land, Noreg).

Påbod om sol på tak i San Francisco: Som første amerikanske storby har San Francisco bestemt at frå januar 2017 må alle nybygg installere solcellepanel eller solvarme på taket. Påbodet gjeld nybygg med høgde inntil 10 etasjar. Forslaget bygger på californisk lov om at minst 15 prosent av hustaket på nybygg må vere eksponert for sollys, slik at ein i framtida kan legge til rette for bruk av solcellepanel.

Tyskland planlegg elbiloffensiv: Kan Tyskland bli like viktig for storskala utrulling av elbilar som dei har vore for solcellepanel? Dei tyske regjeringspartia har blitt samde om ein tiltakspakke for å få fart på salet av elbilar, som framleis går veldig treigt. Ladestasjonar skal byggast ut, elbil-eigarar får fritak for årsavgift i ti år, føderale myndigheiter skal kjøpe inn minst 20 prosent elbilar, og det skal satsast på forsking og utvikling av batteriteknologi. Men regjeringa har enno ikkje tatt stilling til det mest kraftfulle verkemiddelet – subsidiar til elbil-kjøparar. Dette spørsmålet skal nå diskuterast på eit møte mellom regjeringa og bilindustrien neste veke. Eitt forslag går ut på å gi folk som kjøpar elbil 5000 euro i støtte. Regjeringa ønskjer at bilindustrien skal bidra til ei eventuell slik ordning. Tyskland er milevis unna å nå regjeringas mål om 1 million elbilar på vegane innan 2020. Ved årsskiftet var bere ca. 25000 elbilar registrert.