Spår dobling av karbonprisen i Europa innan 2021 – Energi og Klima

Tankesmie spår karbonpris på 25–30 euro i 2021

Karbonprisen i Europa vil stige til 25-30 euro per tonn innan tre år, konkluderer ny rapport. Les også: Ny dansk klimaplan skal gi meir havvind og billegare strøm. Elbussar sparar Kina for mykje olje.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Vedtekne reformer vi gi vekst i karbonpris: Karbonprisen i Europa er på stigande kurs. Frå 4 euro per tonn CO2 for eit år sidan til 13 euro i dag. Ifølge Carbon Tracker Initiative, som denne veka publiserte rapporten Carbon Clampdown: Closing the gap to a Paris compliant EU-ETS, skal karbonprisen vidare opp på grunn av allereie vedtekne reformer av Europas kvotemarknad (EU ETS). Særleg viktig er det som går på årleg innstramming av kvoter (MSR-mekanismen). Den britiske finans-tankesmia trur karbonprisen vil nå 20 euro i 2019 og 25-30 euro i 2020-21. Dersom EU gjer alvor av forslaget om å justere kvotemarknaden i samsvar med Paris-avtalen, vil vi kunne få ein karbonpris på 45-55 euro per tonn innan 2030. Det vil isåfall føre til eit massivt skifte frå kol til gass i europeisk strømproduksjon. Til Euractiv uttalar rapportens forfattar Mark Lewis at gassen står for tur etter 2030, og at det europeiske kraftsystemet må vere fullstendig avkarbonisert innan 2040. Les også kommentaren til James Murray i Businessgreen.

Meir havvind og billegare strøm i Danmark: Same dag som energi- og miljøkomiteen på Stortinget offentleggjorde innstillinga til ny Klimastrategi for 2030, lanserte fire danske statsrådar klimaplanen Energi – til et grønt Danmark. Til saman 15 milliardar danske kroner skal brukast til å nå målet om minst 50 prosent fornybar energi innan 2030. Mest pengar skal brukast på å senke elavgifta (frå 91 til 66 øre) og el-varmeavifta (frå 25 til 10 øre) og bygging av det som skal bli Danmarks største havvindpark – med kapasitet på opptil 800 MW. Kven som skal bygge parken vil bli avgjort gjennom ein anbodskonkurransen i 2021. Samtidig signaliserer regjeringa at den offentlege støtta til fornybar energi skal forenklast og trappast ned – slik trenden er i dei fleste marknader i dag, skriv Politiken. Dansk Energi kallar planen «et stærkt udgangspunkt for kommende forhandlinger», mens opposisjonen er meir kritisk. Blant anna krev fleire av partia at Danmark bør bygge tre nye havvindparkar innan 2030 – ikkje berre ein. Det vil også bli debatt om storleiken og innrettinga på reduksjon i el-avgift. Les meir om den danske klimaplanen i denne analysen frå DR.

Elbussrevolusjon på gang i Kina: Ferske energidata viser med all tydelegheit at det er Kina som representerer farten i det grøne skiftet globalt. Tysdag la kinesiske energimyndigheiter fram tal som viser at Kina bygde ut nesten 10 GW med ny solenergikapasitet (PV) i første kvartal i år. Det er 22 prosent meir enn same periode i 2017, skriv CleanTechnica. I heile 2017 stod Kina for litt over halvparten av dei 98 GW med ny solenergikapasitet som blei installert globalt. Også i transportsektoren viser Kina musklar: Bloomberg publiserte denne veka ein artikkel om Kinas satsing på elektriske bussar. Verdas elbussflåte talte i fjor 385 000 bussar, 99 prosent av desse var å finne på kinesiske vegar. Kvar veke får Kina like mange nye elbussar som heile Londons bussflåte, skriv artikkelforfattaren. Fordi ein buss brukar langt meir drivstoff enn ein privatbil, vil Kinas elbussar i 2018 åleine spare landet for 279 000 fat olje per dag.

Høgare utslepp frå nye bilar: Måndag publiserte EUs miljødirektorat ferske utrekningar om CO2-utslepp frå nye bilar. Det var ingen positiv lesing. Tala viser at utsleppa frå nybiler i EU i snitt steig 0,4 gram/km til 118,5 gram/km. Det kan dermed bli vanskeleg å nå målet om 95 gram/km innan 2021. Nybilsalget i EU passerte 15 millionar køyretøy i 2017 – det meste sidan 2007. Bensinbilar utgjorde 53 prosent av nybilsalet, dieselbilar 45 prosent.

Havvind + batterilagring i Storbritannia: Tysdag meldte National Grid at kullkraftverka i Storbritannia ikkje hadde vore i drift på tre dagar. Det er ny rekord. Det er kombinasjonen fornybar energi og karbonprisgolv som skvisar kolet i Storbritannia. Framover kan konkurransen bli endå tøffare for dei fossile kraftprodusentane – når batterilagring skal brukast til å balansere fornybar energi. Danske Ørsted, det som tidlegare var Dong Energy, har offentleggjort at dei skal bygge og drifte det som blir Storbritannias første batteripark, Carnegie Road. Parken vil få ein kapasitet på 20 MW, vere lokalisert i Liverpool og skal kome i drift innan utgangen av året. Les meir i Businessgreen.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.