Risikerer 4–5 graders oppvarming sjølv om Parisavtalen vert oppfylt

Sjølv om Parisavtalens mål vert nådd, risikerer vi å utløyse irreversible prosessar i naturen som kan gi ein global temperaturauke på 4–5 gradar celsius, åtvarar klimaforskarar.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

På veg mot 5 graders oppvarming? Det er ikkje berre nivået på globale klimagassutslepp som vil avgjere temperaturutviklinga framover. Det skriv Johan Rockstrøm og andre internasjonale klimaforskarar i ein artikkel publisert i tidsskriftet PNAS denne veka. Sjølv om verda skulle klare å kutte klimagassutslepp i tråd med Parisavtalen, er det ein risiko for at jorda likevel er på veg inn i ein tilstand forfattarane kallar «Hothouse Earth». Ein slik tilstand vil gi ein temperaturauke på 4–5 gradar celsius. Forklaringa er at sjølv ei «forsiktig» temperaturstiging kan utløyse irreversible prosessar i naturen som kan forsterke oppvarminga (såkalla «tipping elements»). Forskarane nemner tining av permafrost, frigjering av metan frå metanhydratar i havbotn og tap av sommar-sjøis i Arktis som døme på slike prosessar. Oversiktsartikkelen til Stockholm Resilience Centre er eit godt alternativ til deg som ikkje orkar å lese originalartikkelen. Her kan du også lese kva handling forskarane meiner er påkrevd. Denne delen av forskingsartikkelen har imidlartid blitt kritisert for å vere politisk.

Største skogbrann i Californias historie: Skogbrannsesongen er i full gang i California. Under overskrifta «Largest in State History» skreiv New York Times tysdag at så langt har eit areal på 600 000 dekar brent ned – tre gongar så mykje som på same tid i fjor. The Guardian skriv at Mendocino Complex, som er namnet på den største brannen, har passert New York City i storleik. Trump-administrasjonen har erklært «major disaster» i California og med det lova økonomisk hjelp til dei brannherja områda. Dette hindra likevel ikkje presidenten sjølv frå å legge ut meldingar på Twitter der han hevda at brannane ikkje hadde vore så alvorleg om det ikkje hadde vore for Californias miljølovgjevnad og vassregulering. Dette har blitt tilbakevist som lygn.

Vil Tesla gå av børs? Ein annan som primært bruker Twitter til å adressere omverda er Elon Musk. Tysdag la han ut ein melding der han skreiv at han vurderer å ta selskapet av børs og tilby eigarane valet mellom å bli med vidare eller å selje seg ut for 420 dollar per aksje. Han hadde også investorar med på planane, skreiv han. Det tok ikkje lang tid frå Musk trykte på publiser-knappen til aksjekursen gjorde eit byks på 11 prosentpoeng. Men då Tesla ikkje offentleggjorde meir informasjon, bortsett frå denne bloggposten, gjekk aksjekursen like fort ned igjen. Då børsen stengde torsdag var kursen tilbake til 350 dollar. Skulle det likevel vise seg å vere hold i Musks privatiseringsmelding, er det mange eigarar som må ta stilling til om dei skal vere med vidare eller ikkje på Teslas reise. Ein av dei største eigarane er Saudi-Arabia. Financial Times meldte denne veka at Public Investment Fund (PIF) har kjøpt 3–5 prosent av Tesla-aksjene så langt i år.

Klimaendringar pressar opp matvareprisane: Hetebølgjer og tørke utfordrar matvaretryggleiken og verdikjedene i landbruket, skriv finanskonsernet HSBC i eit nytt notat. Det er særleg produksjonen av kveite, soyabønner og mais som er utsett. Notatet ligg bak betalingsmur, men Business Green har ein god gjennomgang. Denne veka nådde kveiteprisane i USA det høgste nivået på tre år, mens ein i Europa må fire år tilbake for å finne like høge prisar som no. Tørke har ført til at Tysklands produksjon av kveite ligg an til å bli den dårlegaste på femten år (Tyskland er den nest største kveiteprodusenten i Europa). Tørke har også råka matvareproduksjonen i Russland, Ukraina og Frankrike. I Ukraina står landbruket for 27 prosent av BNP.

Kraftig kullvekst i Kina: Offisiell kinesisk statistikk publisert onsdag viser kraftig vekst i Kinas kolimport. Ein må 4,5 år tilbake for å finne eit like høgt importnivå som i juli månad, meldar Reuters. Det er auke i bruk av air-conditioning, som resultat av det varme veret, som får skulda. Fleire nisjeaviser – som Climate Home News – skriv i tillegg at Kina etter 2–3 års pause er i ferd med å reise nye kolkraftverk. Det er satellittbilete som viser dette, skriv artikkelforfattaren.