Paris-avtalen trer i kraft 4. november

Fire dagar før det amerikanske presidentvalet trer historias første globale klimaavtale i kraft. Men sjansane for at vi klarar å halde temperaturstiginga under to gradar celsius er små, uavhengig av om Donald Trump blir president eller ikkje.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon var til stades då Europaparlamentet sa ja til å ratifisere Paris-avtalen. Foto: European Union 2016 - European Parliamentcba

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Ratifisering i turbofart: Denne veka røysta eit overveldande fleirtal i Europaparlamentet for å ratifisere Paris-avtalen, slik Rådet gjorde veka før. Dermed har EU ratifisert den historiske klimaavtalen på rekordtid, saman med mellom andre USA, Kina og India. Avtalen trer i kraft på den 30. dagen etter at minst 55 partar, som representerer minst 55 prosent av dei globale klimagassutsleppa, har gjennomført ratifisering. Med Europaparlamentets votering har ein no innfridd begge krava. Det betyr at Paris-avtalen trer i kraft 4. november – mindre enn eitt år etter at avtalen blei forhandla fram under COP21. Til samanlikning tok det åtte før Kyoto-avtalen trådde i kraft.

Klimapolitikken ikkje kraftfull nok: Paris-avtalens mål er å halde temperstigninga under to gradar celsius – på sikt ned mot halvanna grad. Realiteten i dag er at vi har kurs mot langt høgare oppvarming. Klimaforskar James Hansen, som fram til 2013 jobba i NASA, skriv saman med kollegaer i ein nyleg publisert artikkel at gjennomsnittstemperaturen i 2016 vil ligge omlag 1,25 gradar celsius over før-industriell tid. Dei siste 45 åra har klodens temperatur auka med 0,18 gradar per tiår. Ein tilsvarande rask oppvarming har ein ikkje opplevd på 115 000 år, skriv artikkelforfattarane.

Same alvorlege bodskap kunne ein denne veka lese i det amerikanske nettmagasinet VOX. Med tittelen No country on Earth is taking the 2 degree climate target seriously skildrar journalist David Roberts verdas utilstrekkelige oppfølging av Paris-avtalens mål. For å illustrere kor dårleg tid vi har viser han til grafar utarbeide av mellom andre klimaforskar Glenn Peters ved Cicero. Dei viser at dersom vi skal ha 66 prosent sjanse for å halde temperaturauka under 1,5 grader, og vi ikkje kan ta i bruk storskala karbonbinding, må dei globale karbonutsleppa nullast ut innan 2026. Det er ti år til! Roberts er klar på kva Paris-avtalen betyr: «If we are serious about what we said in Paris, then no more exploring for new fossil fuels. No new mines, wells, or fossil fuel infrastructure. And rapid, managed decline in existing fossil fuels.»

Semje om å kutte CO2 i lufta: FNs luftfartsorganisasjon, International Civil Aviation Organization (ICAO), har etter seks års forhandlingar blitt einige om ein avtale som skal bidra til å stabilisere flytrafikkens klimautslepp på 2020-nivå. Dette er den første globale klimaavtalen for ein spesifikk sektor av økonomien. I første omgang betyr avtalen at flygingar mellom 65 statar – deriblant alle EU-land – frå 2021 vert underlagt Global Market-Based Measure. Detaljane i dette marknadsbaserte systemet er ikkje klart. Frå 2027 blir det obligatorisk for alle medlemsland å bli med i ordninga. Flytrafikk står i dag for 2 prosent av verdas samla klimagassutslepp og er venta å auke kraftig fram mot 2050. Flytrafikk er ikkje inkludert i Paris-avtalen.

Canada skal innføre karbonprising: Måndag varsla statsminister Justin Trudeau at Canadas ti provinsar har fram til 2018 på seg til å etablere eit system for karbonprising. Provinsane kan sjølv bestemme om dei vil etablere eit system med kvoter eller direkte skattlegging. Provinsar som vel ingen av delane blir tvinga inn i eit nasjonalt karbonskattesystem i 2018. CO2-prisen vil ligge på minimum 10 dollar per tonn i 2018, for så å auke med 10 dollar årleg fram til ein når 50 dollar per tonn i 2022 (det svarar til omlag 300 NOK per 7.10.2016). Inntektene frå karbonprisinga vil i sin heilskap går til provinsane, har Trudeau lova. British Columbia har alt innført karbonskattlegging, medan Ontario og Quebec utviklar kvotesystem. Forslaget har likevel møtt sterk motstand.

Vegkart for grøn infrastruktur: The Global Commission on the Economy and Climate, eit topptungt globalt initiativ Noreg var med å etablere då Stoltenberg var statsminister, har publisert sin tredje rapport. Årets tema er berekraftige infrastrukturinvesteringar. Dei neste 15 åra skal det investerast 90 000 milliardar USD i infrastruktur globalt. Av dette skal 2/3 investerast i sør. Dette gir utviklingsland ein fantastisk moglegheit til å «hoppe over» ineffektive og forureinande infrastrukturløysingar. Men feilinvesteringar i dag kan også låse inn «øydeleggjande» infrastruktur fleire tiår fram i tid, åtvarar forfattarane. Rapporten viser mellom anna til at 1500 kolkraftverk er planlagt oppført eller under bygging. I tillegg til å gi politiske og faglege anbefalingar, framhevar rapporten også gode døme på tiltak og initiativ frå ulike land og sektorar. Det norske «oljefondet» får skryt for å støtte klimakrav på Exxons generalforsamling og for å ha trekt fondet ut av kol-investeringar.

Abonner på Fem på fredag

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima