Klimafornektar blir sjef for det amerikanske miljødirektoratet

Republikanaren Scott Pruitt har blitt utnemnt av Donald Trump til å leie det amerikanske miljødirektoratet. Putin sel statlege oljeaksjar for 11 milliardar dollar. Forskarar har oppdaga “nye” CO₂-utslepp.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

EPA-kritikar skal leie EPA: Donald Trump har utnemnt Scott Pruitt som ny sjef for det amerikanske miljødirektoratet – Environmental Protection Agency (EPA). Republikanaren Pruitt, som er statsadvokat i Oklahoma, vert av New York Times omtalt som arkitekten bak kampen som i alt 28 statar no fører mot Obamas klimapolitikk i rettsapparatet. Pruitt er kjent som ein nær ven av oljelobbyen og ein mann som offentleg fornektar allmenn klimakunnskap (som dette innlegget illustrerer godt). Utnemninga av Pruitt blir sett på som eit klart teikn på at Trump har tenkt å reversere Obamas klimapolitikk, ein politikk som aktivt har lent seg på EPA. Thomas Friedman kommenterer godt det som skjer. Det ser på ingen måtar lyst ut, men han minner om reisa George W. Bush gjorde som president. Bush starta med å trekke USA frå Kyoto-protokollen, men avslutta med å oppmoda amerikanarane til å ta klimaendringane på alvor. Han arrangerte også møter for “major emitters”. Så lenge Trump har døra open for ny kunnskap om klimaendringar er det håp, skriv Friedman. Tidlegare i veka møtte Donald Trump Al Gore til samtale om klimaendringar og klimapolitikk.

Putin delprivatiserer statleg oljeselskap: Svært overraskande vart det denne veka kunngjort at den russiske stat har inngått avtale med sveitsiske Glencore og Qatars oljefond om å kjøpe 19,5 prosent av aksjane i oljeselskapet Rosneft. Verdien på handelen er 11 milliardar dollar. Dette er den største utanlandske investeringa i Russland sidan Ukraina-krisa, skriv Bloomberg. På grunn av sanksjonane frå Vesten er det spesielt viktig for Putin at sveitsiske Glencore er blant kjøparane. Rosneft er Russlands største statlege oljeselskap og produserer nesten 5 millionar fat olje per dag. Om du er interessert i tematikken bør du også lese WSJ-kommentaren  Oil-Output cuts Could Hit Russian Energy Companies.

100 prosent fornybar billegast for Sør-Amerika: Ein ny studie viser at det for Sør-Amerika vil vere billegast å bygge ut eit kraftsystem som er 100 prosent fornybart innan 2030. Prisen vil ligge på mellom 47-62 Euro per MWh, mens andre alternativ, inkludert ny kjernekraft og CCS, vil ligge 75-150 prosent høgare. Forskarane viser til at Sør-Amerika er ein av dei beste regionane globalt for storstilt utrulling av sol-, vind- og vasskraft. Studien er utgitt av forskarar ved Lappeenranta University of Technology og VTT Technical Research Centre of Finland Ltd. Dei har tidlegare gjort tilsvarande analyser for andre regionar, deriblant Afrika sør for Sahara, Sentral-Asia og Russland, Midt-Austen og Nord-Afrika. Australske REneweconomy har også omtalt rapporten.

Klimaendringane eskalerer: Det meste av karbonet på landjorda er lagra i bakken. Ein ny studie publisert i Nature konkluderer med at klimaforskinga kan ha undervurdert effekten av klimaendringane fordi ein ikkje har rekna inn CO₂-utslepp frå bakken i modellane.  Forklaringa er at når temperaturen stig vert grunnen varma opp. Dette igjen fører til at jorda slepp ut store mengder CO₂ i atmosfæren. Til Independent seier ein av hovudforfattarane at vi nærmar oss “beyond point of no return”.

Solenergi gir kraftselskapa konkurranse: For ein amerikanar som ønsker solceller på taket er det tre finansieringsmodellar å velje mellom. Ein kan finansiere det heilt sjølv, ein kan gå via kraftselskapet eller ein kan gjere avtale med eit tredjepartsselskap. Det siste vil seie eit privat selskap som til dømes tilbyr leasing. EIA publiserte denne veka ein oversikt som viser at 30 prosent av USAs installerte solcellekapasitet er eigd av tredjepartselskap. I bustadsektoren er det endå fleire. Her er tredjepartsselskapas eigendel på heile 44 prosent.