India skrur opp tempoet for å klare hårete solenergimål

India skal bygge minst 50 store solenergiparkar innan 2020. I California siktar politikarane mot 100 prosent fornybar elektrisitet innan 2045. Singapore er først ute med karbonskatt i Søraust-Asia.

2 kommentarer
SKAL BYGGE STORT: India vil bygge minst 50 store solparker a 500 MW innen 2020. Parken på bildet er fra Gujarat, India, og har en kapasitet på berre 11,5 MW. Foto:Wikimedia Commons (Citizenmj)cb

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Storskala solenergi i India: India er jokeren i det globale klimastrevet. Spørsmålet er om den forventa veksten i energiforbruk vil bli dekka med fossil eller fornybar energi. Ambisjonane er det ingenting å utstte på. Mellom anna har India mål om 100 GW installert solenergikapasitet innan 2022 – opp frå 9 GW i 2016. For å få opp tempoet vedtok regjeringa denne veka å bygge minst 50 store solparkar dei neste to-tre åra – kvar med ein kapasitet på minimum 500 MW. Dette skal doble kapasiteten frå slike megaparkar innan 2020 – frå 20 til 40 GW.

Siktar mot 100 prosent fornybar: Vi dreg vidare til USA, nærmare bestemt til California. Der har senatsleiar Kevin de León (D) fremja eit lovforslag som – om det får fleirtal – vil gjere California til et globalt fornybarlokomotiv. I dag har California mål om 50 prosent fornybar elektrisitet innan 2030, mens det nye forslaget hevar ambisjonane til 50 prosent innan 2025 og 100 prosent innan 2045. 29 statar i USA har innført fornybar energi-mål, men til no har berre Hawaii forplikta seg til 100 prosent. California kan bli den andre. I 2016 kom 27 prosent av elektrisiteten i California frå fornybare kjelder, skriv Inside Climate News.

Mens Californias lovgjevarar gir håp om eit akselerert grønt skifte, er det også denne veka lite positivt å melde frå føderalt nivå. Scott Pruitt har hatt sin første arbeidsveke som ny sjef for det amerikanske miljødirektoratet, EPA. Onsdag måtte statsadvokatkontoret i Oklahoma offentleggjere tusenvis av e-postar som avslører Pruitts tette band til den amerikanske «fossillobbyen». Som statsadvokat var Pruitt involvert i heile 14 søksmål mot EPA, og e-postane viser korleis Pruitt koordinerte «krigen» mot Obama og EPA med oljeindustri og fossile kraftselskap – dei same aktørane han no er satt til å regulere som USAs øvste miljøsjef.

Introduserer karbonskatt i Søraust-Asia: Måndag annonserte finansminister Heng Swee Keat at Singapore vil innføre ein karbonskatt frå 2019. Skatten vil rette seg mot dei største utsleppskjeldene i landet, det vil seie kraftselskap og tungindustri. Nivået vil truleg ligge mellom 7 og 14 USD per tonn. Nyheita har fått stor merksemd i internasjonal presse – her representert ved Financial Times og Bloomberg. Singapore huser nokon av verdas største oljeraffineri og skatteforslaget vil derfor ramme store selskap som ExxonMobil og Shell.

Rapport: Oljefondet bør investere i infrastruktur: Rundt påsketider skal Stortinget avgjere om Statens pensjonsfond utland – oljefondet – skal få lov til å investere i unotert infrastruktur (t.d. produksjonsanlegg for fornybar energi eller kraftnett). Spørsmålet opptek finansfolk og miljøaktivistar over heile verda. Onsdag publiserte The Institute for Energy Economics and Financial Analysis (IEEFA) ein 44-siders rapport som gir stortingspolitikarane solid bakgrunnsstoff. Mellom anna inneheld rapporten ein grundig presentasjon av den globale infrastrukturmarknaden og ulike tilnærmingsmåtar. Konklusjonen er at unotert infrastruktur gir investorar enorme moglegheiter – og at risikoen er mogleg å handtere. 62 prosent av verdas statlege investeringsfond investerte i unotert infrastruktur i 2016. IEEFA-rapporten er også omtalt av aviser som The Huffington Post og The Business Times (som også har inkludert sitat frå Arbeidarpartiets Torstein Tvedt Solberg).

Jorda rundt med hydrogen på tanken: Vi avsluttar med ein artikkel frå Wired om Jérôme Delafosse and Victorien Erussard som i mai set ut på ei historisk sjøreise. Med utgangspunkt i ein gammal katamaran har dei to franskmennene bygd eit hydrogenfartøy – The Energy Observer. Det unike er at hydrogenet skal produserast undervegs ved hjelp av sjøvatn, vindturbinar og solcellepanel. 6 år har dei tenkt å bruke på jordomseilinga. Målet er å besøke 101 hamner og 50 land. På ekspedisjonens nettsider kan interesserte legge inn ønske om besøk av The Energy Observer.

Bli abonnent!

2 kommentarer

  1. Audun Berg

    Gledelig at India nå virkelig tar tak i problemene før vi alle dør av forurensning. Men når skal Norge komme med i laget som satser på solenergi?

    Svar
  2. Geir Ove Olsen

    Og når kommer norsk havvind. Tyskland har nå nær 60Twh fra sol (40Twh) og havvind (20Twh). Norge har 0 fra disse energikilder som vil være vinnerne fremover. Vi har like gode solforhold sim Tyskland og langt bedre forhold for havvind, men kommer ikke igang. Det eneste man har foretatt seg i Norge er en symbolsk og ikke bærekraftig vindkraftutbygging i vår mest verdifulle natur og i våre viktigste friluftsområder.

    Svar

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima