I 2015 passerer vi 1°C oppvarming

VARMEREKORD: Data viser at gjennomsnittstemperaturen for perioden januar-september 2015 ligg 1,02C over gjennomsnittet i perioden 1850-1900. Illustrasjon: NOAA
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
PASSERER 1°C OPPVARMING: Nye data frå Met Office (UK) viser at den globale gjennomsnittstemperaturen i 2015 for første gang vil passere 1°C over gjennomsnittstemperaturen i preindustriell tid (det vil seie perioden 1850-1900). Sjølv om vi temperaturmessig er halvvegs mot 2°C, understreker Met Office har vi har brukt opp langt over halve CO₂-budsjettet om oppvarminga skal haldast under 2°C.
INDIA VIL AVGJERE KLIMASPØRSMÅLET: Nyheita som har fått størst merksemd denne veka er IEAs framlegging av World Energy Outlook 2015 (WEO2015). Rapporten viser fleire teikn på at eit grønt skifte i energisektoren er på gang: Fornybar energi stod i 2014 for nesten halvparten av all nyinstallert kraftkapasitet og over 60 prosent av investeringane i ny kapasitet. Fornybar energi er i dag den nest største elektrisitetskjelda globalt, berre slått av kolkraft. Spørsmålet er ikkje lenger om, men når fornybar energi blir dominerande. IEA har i fleire år undervurdert vekstpotensialet til fornybar energi, og då særleg solenergi. I hovudscenarioet NPS spår IEA at det skal byggast ut meir enn 1100 GW solenergi fram mot 2040.
WEO2015 presenterer ein eigen "outlook" for India – den store jokeren. I dag dekker fossil energi om lag 75 prosent av Indias energiforbruk. Spørsmålet er om den venta veksten i energiforbruk vil møtes med fossil energi eller fornybar. Om kol blir like viktig for Indias økonomiske utvikling som i Kina, har verda eit stort problem.
STORBRITANNIA IKKJE I RUTE: Storbritannia vil truleg ikkje nå det juridisk bindande målet om 15 prosent fornybar energiforbruk innan 2020. Det kjem fram av eit brev signert energiminister Amber Rudd som denne veka blei lekka av The Ecologist. I brevet skriv Rudd at landet truleg vil landa på 11,5 prosent. Dette står i sterk kontrakt til den informasjonen ministeren tidlegare har gitt parlamentet. Camerons konservative regjering har blitt sterkt kritisert for å kutte i støtteordningane til fornybar energi. Rudd meiner kutta ikkje påverkar sjansane for å nå 2020-måla.
