High Court krev betre tiltak mot luftforureining i Storbritannia

Den britiske regjeringa er dømt for tredje gang for ikkje å gjere nok i kampen mot dårleg luftkvalitet. Les også: BP aukar elbil-prognosane kraftig fram mot 2040, fornybar energi veks mest i USA og Danmark går til innkjøp av sine første hydrogenbussar.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Ny dom mot Theresa May: For tredje gang på tre år har den britiske regjeringa blitt dømt av High Court for ikkje å gjere nok i kampen mot luftforureining. Dommen kan du lese her. Konkret er det snakk om mangelfulle tiltak i 45 område (local authority areas) der luftkvaliteten har blitt målt til ulovleg høge verdiar. «God tru, hardt arbeid og oppriktige løfte er ikkje nok….og det verkar som om domstolen må halde presset oppe for å sikre at etterleving faktisk vert oppnådd,» uttalte dommar Garnham ifølgje Reuters. Ansvaret for å sikre adekvate tiltak mot luftforureining i dei aktuelle områda blir med denne dommen tydeleg plassert hos regjeringa. Samstundes gav Garnham skryt for arbeidet som no skjer i fem byar, deriblant Birmingham. Financial Times (abo.) skriv at tilnærminga i desse byane blei omtalt som «fornuftige, rasjonelle og lovlege». Dommen vil ikkje bli anka av regjeringa, skriv saksøkaren ClientEarth på sine heimesider. Har du halvanna minutt til overs bør du også få med deg denne videoen frå ordskiftet i Underhuset der statsminister Theresa May måtte svare for seg.

BP Energy Outlook: Denne veka kom BP med Energy Outlook 2018. Hovudforteljinga er at vi står midt oppi ein energiomstilling – der usikkerheita fram mot 2040 handlar om fart. BP ser som petroleumsaktør positivt på eigne forretningsområde (olje og gass) – med dei konsekvensar det har for klimaet: I hovudscenarioet Evolving transition (ET) vil ikkje klimagassutsleppa nå toppen før mot slutten av 2030-talet. Det mest interessante i rapporten er det som står om transportsektoren. Samanlikna med fjorårets Energy Outlook har BP i år oppjustert talet på elbilar i 2035 – frå 100 millionar til nesten 190 millionar. Men fleire elbilar åleine vil ikkje få dramatiske konsekvensar for oljekonsum eller klimagassutslepp, skriv BP. Effekten av elektrifisering blir langt større om han vert kombinert med autonom framdrift. BP trur heilautonome el-køyretøy vil gi «boost« for delt mobilitet frå 2030. BP analyserer også konsekvensane av eit globalt forbod mot sal av nye bilar med forbrenningsmotor. Får vi eit slikt forbod, vil elbilar stå for 70 prosent av reiste passasjerkilometer i 2040 (mot 30 prosent i hovudscenarioet). Reuters og GTM gjer begge eit poeng av at BP i årets Outlook for første gang ser toppen på oljekonsumet. Mens Businessgreen spør: What’s changed since last year?

Klimaendringane kan bli dramatiske for Europa: Ein ny studie utført av forskarar ved Newcastle University, og publisert denne veka i tidsskriftet Environmental Research Letters, viser korleis klimaendringane kan påverke sjansane for flaum, tørke og hetebølgjer i over 571 europeiske byar. Utgangspunktet for analysen er at verda ikkje får kontroll med klimagassutsleppa – det vil seie ei utvikling langs IPCCs høgutsleppsbane (RCP8.5). Studien viser at mens Storbritannia og Irland vil få den største veksten i flaumar i urbane strok, vil veksten i hetebølgjer ramme Austerrike og Tyskland hardast. Meir enn 100 byar vil frå rundt 2050 oppleve vekst i to eller fleire ekstremværtypar (t.d. både flaum og hetebølgjer). Carbonbrief og The Guardian har begge fine gjennomgangar av rapporten.

Vedda på fossil energi…og tapte: Alwyn Scott i Reuters har denne veka ein veldig interessant gjennomgang av General Electrics (GE) fossile veddemål. I 2015 kjøpte GE kraftdelen av franske Alstom for meir enn 10 milliardar dollar – og med det gjekk den fossile eksponeringa kraftig opp. Så seint som i fjor forsøkte konsernsjefen i GE å overtyde Wall Street om at «Gass er den mest økonomiske energikjelda». Han tok grundig feil. Sol og vind er i ferd med å rive GEs fossilbaserte forretningsmodellar i stykker. Konglomeratet tener langt mindre pengar i energisektoren nå enn før – noko Reuters illustrerer godt i denne grafikken. For andre gong sidan depresjonen på 1930-talet måtte GE i 2017 kutte i eigaranes utbytte. No er beskjeden frå leiinga at det vil ta tid å snu skuta.

For å få innsikt i det som skjer i den amerikanske kraftmarknaden kan 2018-utågva av Sustainable Energy in America Factbook, som Bloomberg New Energy Finance og The Business Council for Sustainable Energy nyleg gav ut, vere nyttig lesing. I 2017 stod fornybar energi for 18 prosent av USAs samla strømproduksjon – opp frå 15 prosent i 2016. Fornybarveksten skuldast kraftig auke i vasskraftproduksjonen (pga. normalisering av vasstilstanden i tidlegare tørkeutsette område) og fleire solceller og vindturbinar som blei kopla til strømnettet. Gass er den viktigaste strømkjelda – sjølv om marknadsdelen i 2017 gjekk ned frå 34 til 32 prosent. Ser ein på ny kraftutbygging, er sol og vind klart størst. I 2017 blei det installert 18,4 GW i ny fornybarkapasitet mot 10,7 GW i ny gasskraftkapasitet. Det er lite som tyder på at Donald Trump klarar å gjere kullet «great again». Ein ting er at kullkraftproduksjonen målt i TWh fall tre prosent i 2017, ein annan er signala om framtidige nedstengingar. Kullkraftverk med samla kapasitet på 12,5 GW kan bli stengt ned i år. I så fall blir 2018 det største kullnedstengingsåret sidan 2015 (15GW). Sjekk denne infografikken for meir fakta om energiskiftet i USA.

Danmark får sine første hydrogenbussar: Region Nordjylland og Aalborg kommune har bestilt tre hydrogenbussar, meldar Danmarks Radio. I seg sjølv ingen stor nyheit, men når eg likevel tek det med, så er det fordi dette kjøpet handlar meir om innovasjon og nyskaping enn miljø og klima. Nordjylland har mykje vindkraft og ved å sette hydrogenbussar i rute er målet å gi lokale hydrogenprodusentar ein marknad å levere til. I Hobro (sør før Aalborg) ligg eit av Europas største elektrolyseanlegg – Hybalance. Hydrogenbussane til seks millionar stykke er med andre ord ei brikke i ein større strategisk satsing på å etablere ny dansk industri. Jesper Berggreen bloggar meir om dette poenget i CleanTechnica.