Her er Europas beste klimaminister

Sverige er kåra til det beste landet i EU på klimapolitikk. Nå skal klimaminister Isabella Lövin til California for å signere ein miljøavtale med den progressive delstaten.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Best i Europa: EUs 28 medlemsland står midt oppi forhandlingar om fordelinga av unionens samla utsleppskutt for perioden 2021-2030 i dei ikkje-kvotepliktige sektorane (transport, bygg, landbruk og avfall). Endeleg byrdefordeling skal avgjerast på EUs miljørådsmøte i juni. Carbon Market Watch og Transport & Environment har gjennomført ein analyse av forhandlingsposisjonane og politikken til kvart medlemsland og har konkludert med at berre tre land leverer i samsvar med løfta i Paris-avtalen. Heilt øvst finn ein Sverige, på andre og tredje ligg Tyskland og Frankrike. Sverige er det einaste av topp tre som får karakteren “good”. Det gjer det mellom anna fordi dei har ambisjonar om å redusere klimagassutsleppa med meir enn 40 prosent (slik kommisjonen foreslo i fjor sommar). Sverige har fått ein svært offensiv klimaminister i Isabella Lövin (Miljöpartiet de Gröna), som blei internasjonalt kjent då ho tidlegare i vinter gjorde narr av Donald Trump under framlegginga av Sveriges nye klimalov. Lövin skal no vere på veg til USA. Ikkje for å møte Trump, men for å inngå miljøavtale med California.

Trugar med søksmål om Trump fjernar klimaplan: Donald Trump signerte tysdag ein presidentordre som har til hensikt å demontere «Clean Power Plan» (CPP) og tilhøyrande klimareguleringar. CPP var Obamas hovudgrep i klimapolitikken og gir det amerikanske miljødirektoratet (EPA) mandat til å regulere CO₂-utslepp frå fossile kraftverk. Ting tyder likevel på at Trump vil møte motstand i den vidare prosessen – det vil seie etter at EPA er ferdig med den formelle gjennomgangen av CPP. For det første må ein president som vil fjerne reguleringar følje dei same tidkrevjande prosedyrereglane som ein president som vil innføre reguleringar (the rule-making process). Det inkluderer høyringsrundar med tid for offentlegheita til å uttale seg. For det andre lurer søksmålsspøkelset også i denne saka. Same dag som presidentordren blei kjent sendte statsadvokat Eric Schneiderman ut denne åtvaringa på vegne av New York og 17 andre statar: «The EPA cannot simply dismantle the Clean Power Plan and leave nothing in its place». Schneiderman viste til høgsteretts dom frå 2007 der dei slår fast at Clean Air Act forpliktar EPA til å regulere utslepp av CO₂ og andre klimagassar (Massachusetts v. Environmental Protection Agency). To gode analyser til slutt: Trump makes major change to US climate change narrative av Matt McGrath (BBC News) og Trump’s Pro-Coal Orders Are Doomed to Fail av Per Espen Stoknes og Tom Bowman (Time).

Exxon ber USA respektere Paris-avtalen:  Vi veit enno ikkje om Trumps USA kjem til å trekke seg frå Paris-avtalen, eller om dei blir verande. Administrasjonen ser ut til å vere i ein fase der dei no loddar stemninga hos viktige industriaktørar. Tidelegare i veka kunne ein lese på CNN at ExxonMobil for kort tid sidan sendte brev til Trump-administrasjonen der dei argumenterte for amerikansk deltaking i Paris-avtalen. Ifølge avisa skal Exxon ha skrive at USA er godt posisjonert til å konkurrere med dei vilkåra som ligg i avtalen i dag. Selskapet er med det på linje med Rex Tillerson, Trumps utanriksminister og tidlegare Exxon-sjef.

Danmarks CO₂-utslepp gjekk opp i 2016: Den danske Energistyrelsen (energidirektoratet) offentleggjorde denne veka førebels statistikk som viser at danske klimagassutslepp auka til 53,6 millonar tonn CO₂-ekvivalentar i 2016 (+2,2 prosent samanlikna med 2015). I ein pressemelding forklarar Energistyrelsen oppgangen med kaldt vær, mindre vindkraftproduksjon (-9,6 prosent) og fall i netto kraftimport (-14,5 prosent). Dermed måtte Danmark fyre meir med fossile brensler – som kull (+14,7 prosent). På den positive sida: Fornybar energi utgjorde i 2016 28,8 prosent av samla energiforbruk i 2016 – det er opp frå 28,3 prosent året før.

Klart for elbil-boom i India? Vi avsluttar med ein mogleg game changer og denne artikkelen frå Climate Change News. For kva skjer om India heilt eller delvis når sine hårete elbil-mål? Innan 2020 er ambisjonen at det skal rulle 6-7 millionar elektriske bilar/tohjulingar på indiske vegar – mot 130 000 i dag. I 2030 er målet 100 prosent. Ifølge artikkelforfattaren gir elbilsatsinga også moglegheiter for ny industri. India importerer 5-6 millionar litium-ion-batteri frå Japan, Kina og Sør-Korea kvar månad. No vurderer landets største oljeselskap, The Indian Oil Corporation (IOC), å satse på batteriproduksjon.