Harvard-professorar avslører Exxons «tobakk-strategi» i ny rapport

Mens 80 prosent av Exxons interne dokument i perioden 1977-2014 slo fast at klimaendringa var forårsaka av menneskeleg aktivitet, uttrykte 81 prosent av selskapets annonsar tvil om det same. Les også: Kina vil passere solenergimålet for 2020 i 2017. Varmare og tørrare klima kan øydelegge framtida for Cava.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Avslørt av eigne dokument: Exxon har til no møtt skuldingane om at selskapet bevisst har feilinformert offentlegheita om menneskeskapte klimaendringar med at kritikarane driv selektiv bevisføring. Det blir det vanskeleg å hevde framover. Harvard-professorane Geoffrey Supran og Naomi Oreskes offentleggjorde denne veka ein studie av Exxons interne og eksterne klimakommunikasjon i perioden 1977-2014. I samandraget skriv forfattarane at jo meir offentleg kommunikasjonen var, desto større tvil sådde selskapet om klimaendringane. Til dømes fann dei at mens 80 prosent av Exxons interne dokument slo fast at klimaendringa var ekte og forårsaka av menneskeleg aktivitet, uttrykte 81 prosent av selskapets annonsar tvil om det same. «We conclude that ExxonMobil misled the public», skriv Supran og Oreskes. Rapporten vil bli grundig lest av etterforskarane som no undersøker Exxon. Studien har fått brei omtale internasjonalt, som i The Guardian og New York Times.

Kina 1: Til krig mot dårleg luft: Kinesiske myndigheiter annonserte denne veka at luftkvaliteten komande vinter skal bli mykje betre, skriv Reuters. Løftet gjeld luftkvaliteten i Beijing og 27 andre byar i nordlege Kina. I perioden oktober-mars skal konsentrasjonen av svevestøv (PM 2,5) i snitt ligge 15 prosent lågare enn året før. På tiltakssida står mellom anna tøffe krav til byane om vinterstenging av forureinande industri og kraftproduksjon. Aluminiumsproduksjon kan bli redusert med 400 000 tonn i 2017 som følge av vinterstenginga.

Kina 2: Lynrask solcelleutbygging: Ved utgangen av dette året vil Kina ha passert landets solenergimål for 2020 med god margin, skriv PV Magazine. Offisielle tal frå China’s National Energy Administration (NEA) viser at 24,4 GW i ny solcellekapasitet blei installert i årets seks første månader. I juli åleine blei det montert solcellepanel med samla kapasitet på 10,52 GW. Analytikarar trur ein samla for 2017 kan kome opp i 40-45 GW i nyinstallert solcellekapasitet – like mykje som Kinas akkumulerte kapasitet var ved utgangen av 2015.

Frikjenner fornybar energi: USAs energiminister Rick Perry fekk mykje kritisk merksemd då han i april bad embetsverket sitt undersøke om «regulatoriske byrdar» (les: utsleppskrav og støtte til fornybar energi) er skuld i at så mange kol- og kjernekraftverk blir stengt ned, og med det bidreg til å svekke forsyningstryggleiken i USA. Men den endelege rapporten som blei offentleggjort onsdag var langt frå så fornybar-kritisk som det mange hadde frykta. Eit viktig bodskap i rapporten er at det er billig gass – og ikkje fornybar energi – som er kolkraftindustriens største trugsel. Og vidare: Elektrisitetsmarknaden i USA fungerer, trass i stadig meir sol og vind i miksen. Redaktør Stephen Lacey i Greentech Media og Liam Denning i Bloomberg skriv godt om dette.

Når kol- og kjernekraftlobbyen likevel er nøgd med energidepartementets rapport, så skuldast det forslaget om å kompensere «services that are necessary to support reliable grid operations». Om/korleis dette blir følgt opp i praksis er ikkje godt å seie. Reuters har meir.

Cava mot klimakrise: Vi avsluttar med boblar i Spania. Ein ny forskingsartikkel omtalt i Carbon Brief diskuterer vinproduksjon i Catalonia i møte med eit varmare og tørrare klima. Ein av konklusjonane er at vekstsesongen blir kortare og at ein i framtida vil måtte hauste druene langt tidlegare enn i dag. Dette vil igjen kunne påverke druenes smak og aroma, og kanskje også alkoholinnhaldet. Det er stor skilnad om modninga skjer når sommaren er varmast eller tidleg om hausten. Druene som er studert er Macabeo, Parellada og Chardonnay. Dei to første er dei mest brukte sortane i produksjonen av Cava saman med Xarel-lo (som ikkje blei undersøkt), men også Chardonnay blir ofte blanda inn. Forskningsartikkelen er publisert i tidsskriftet Agricultural and Forest Meteorology.