EU-valet kan endre norsk klimapolitikk

EUs, og dermed også Noregs, klimapolitikk står på spel når Europa denne helga skal velje nytt Europaparlament. Les også: Stadig fleire får tilgang på fornybar straum. India brukte i 2018 meir pengar på sol enn kol.

Europas store klimaval

Europaparlamentsvalet 23.–26.mai blir eit særdeles viktig val for klimapolitikken framover. Ikkje berre i EU, men også her til lands. Stortinget arbeidar i desse dagar med å gjere Noreg til fullverdig medlem av EUs klimapolitikk mot 2030, så helgas val er i høgste grad også relevant også for oss. Meiningsmålingar tyder på at dei to største blokkene i parlamentet – konservative EPP og sosialdemokratisk S&D – vil miste fleirtalet dei alltid har hatt. Europaparlamentet har til tradisjonelt vore den mest offensive krafta i EU-systemet på klimafeltet, spørsmålet no er om ytre høgre-populistane kan kapre nok røyster til å endre dette? På kort sikt er det særleg tre store spørsmål som parlamentarikarane skal vere med å påverke: Skal klimapolitikken mot 2030 skjerpast – og eventuelt korleis? Skal EU endre sitt langsiktige klimamål til «netto nullutslepp» innan 2050? Kor sterkt skal klimatiltak prioriterast i langtidsbudsjettet for perioden 2021–2027? Det nye Europaparlamentet skal også vere med å velje ny EU-kommisjon til hausten, også det eit særdeles viktig val for klimapolitikken. EUs rolle som global klimapådrivar står på spel, skriv Climate Home News. Les elles Concitos Jarle Krausings innlegg om at undersøkingar viser at klimakrisa er EU-veljaranes største uro.

Stadig fleire får tilgang på fornybar straum, men…

IEA, IRENA mfl. publiserte denne veka ein statusrapport for arbeidet med å sikre alle menneske tilgang til rein energi innan 2030 (FNs bærekraftsmål 7). Den gode nyhenda i Tracking SDG7: The Energy Progress Report er at elektrifiseringsraten globalt no har nådd 89 prosent. Menneske som manglar tilgang på elektrisitet har gått frå 1,2 milliardar i 2010 til 840 millionar i 2017. Landa med størst progresjon er India, Bangladesh, Kenya og Myanmar. Den dårlege nyhenda er at arbeidet går for sakte. Utan nye grep vil 650 millionar framleis mangle tilgang til straum –  av desse vil ni av ti bu i Afrika sør for Sahara. Når det kjem til «clean cooking» er biletet endå meir dystert. I 2017 mangla 2,9 milliardar menneske rein energi for matlaging – mot 2,96 milliardar i 2010. Skal verda nå bærekraftsmål nummer 7 må 64 millionar menneske global sikrast tilgang på straum kvar år i perioden 2018–2030 – mot 34 millionar i 2017. Les meir om rapporten hos Reuters.

I 2018 investerte India meir i sol enn i kol

Narendra Modi har gjort eit brakval og blir med det Indias statsminister i fem nye år. Noko av det Modi har lukkast med, og som også er trekt fram i IEA/IRENA-rapporten nemnd i saka over, er kampen mot energifattigdom. InsideClimate News publiserte måndag ein interessant artikkel, med utgangspunkt i IEAs siste investeringstal, om den kratige veksten i fornybar energi i India. For tredje året på rad investerte India i 2018 meir i fornybar kraftproduksjon enn i fossil. Men ikkje nok med det: i fjor blei det for aller første gang investert meir pengar i ny solkraftkapasitet enn i kolkraft. India har ifølgje artikkelen over 77 GW i installert fornybarkapasitet (av dette er 28 GW solenergi). Det er i seg sjølv lite, særleg med tanke på at India er verdas mest folkerike land, med veksten har vore betydeleg dei siste åra. Målet om 175 GW fornybar kapasitet innan 2022 vil bli nådd. Det er viktig å understreke at det framleis vert bygga mange nye kolkraftverk i India, men stadig meir konkurransedyktig sol- og vindkraft har redusert den årlege veksten i kol. Dei siste tre åra har India i snitt bygd ut 10 GW i ny kolkraftkapasitet per år – mot 20 GW tidlegare. India er verdas tredje største kjelde til klimagassutslepp, bak Kina og USA. Men ser ein på klimagassutslepp på innbyggar hamner India langt nede på lista.

Regnskogvern uten klimaeffekt?

Den uavhengige mediestiftelsen ProPublica publiserte onsdag ein artikkel om kjøp/sal av skogkredittar som klimatiltak: An (even more) inconvenient truth. Why carbon credits for forest preservation may be worse than nothing. Innhaldet er sikkert ikkje like nytt for alle, men det er ein grundig tekst som er verdt å lese. Utgangspunktet for journalist Lisa Song er at California kan kome til å opne opp for at verksemder kan skrive ned delar av sine klimagassutslepp gjennom kjøp av skogkredittar i land som Brasil. I artikkelen dreg ho gjennom historikken til, og erfaringar med, prosjekt der rike land eller verksemder betalar utviklingsland for å verne skogen sin. Men problemet, skriv ho, er at ingen evalueringsrapportar til no har klart å dokumentere ein positiv klimaeffekt av slike prosjekt. Kanskje ikkje så rart: For korleis ska ein vite kva for trer som vert spart på grunn av slike prosjekt, eller kva for trer som ville ha overlevd utan? Artikkelen vier også Noreg eit besøk – og siterer Riksrevisjonens rapport frå i fjor om Noregs bidrag til REDD+-programmet: «Despite a decade’s work and $3 billion, results were “delayed and uncertain,” the science of measuring carbon was only “partially in place” and there was “considerable” risk of what’s called “leakage” — when protecting one patch of land leads to deforestation somewhere else. That problem alone creates “considerable uncertainty over the climatic impact,” the report concluded».

I tillegg til at det er vanskeleg å dokumentere positiv effekt, vil ein klimagevinst uansett berre vere midlertidig, skriv Song. Om eit tre blir hogga ned etter 100 år vil all lagra CO₂ bli frigjort i atmosfæren, uavhengig av om nokon betalte skogeigar for å ta vare på treet i 99 år. Song siterer ein professor som kallar ordninga med skogkredittar for verdas mest tilgivande kredittkort: «The buyer gets all the benefit upfront, while it takes a century for the full debt to be repaid.»

Kva skjedde i Australia?

Alle trudde valet i Australia 18. mai skulle bli eit klimaval og at landets nye statsminister ville bli Labour-kandidaten Bill Shorten. Han gjorde klima til sin viktigaste sak. Men veljarane ville det annleis og Scott Morrison og hans konservative koalisjonsregjering fekk fornya tillit. Korleis kunne dette skje, spør New York Times. Ei av forklaringa er at Morrison gjorde det bra i den folkerike kolstaten Queensland. Her slo argumentasjonen om at Labours klimatiltak ville koste for mykje, godt an. I Carmichael i Queensland ønskjer det indiske konglomeratet The Adani Group å bygge det som kan bli ei av verdas største kolgruver. Allereie måndag, to dagar etter valet, gjorde myndigheitene i Queensland det klart at dei forventar fortgang i Carmichael-prosjektet. Det kunne dei neppe gjort om Shorten hadde vunne.