Er Apple og Google morgondagens bilprodusentar?

Apple og Google vil erobre bilmarknaden, og Stortingets vedtak om å trekke oljefondet ut av kol får stor merksemd internasjonalt.

Kvar fredag omtalar vi fem nyheitssaker vi har merka oss spesielt den siste veka. Jobben går på rundgang i redaksjonen.

Her er mine utvalde:

Elbil frå Apple? Dei har forlengst erobra arbeidsplassen og heimen din. Nå står bilen for tur. Google har utvikla Android Auto, mens Apple står klar til å rulle ut CarPlay. Målet for begge er å integrere bilens dashbord med sine respektive økosystem for smartelefonar. Men konkurransen stoppar ikkje der. Google trappar opp satsinga på førarlause elbilar, og etter Apples opptreden på Code Conference i California denne veka går no ryktene om at Apple vil ta opp el-bilkonkurransen med Tesla.

Oljefondet går verda rundt: Nyheita om at Stortingets finanskomite samrøystes går inn for å trekke oljefondet ut av kolselskap har fått stor merksemd internasjonalt. Her er nokre av oppslag:

Fossilindustrien taper på alle kanter: Om du ikkje alt har sett den: Les kommentaren Fossil industry faces a perfect political and technological storm av Ambrose Evans-Pritchard i The Telegraph. Kommentaren gir ein innsiktsfull gjennomgang av kva som skjer på energifeltet globalt – og kva trugslar fossilindustrien står overfor.

Chevron og Exxon Mobil avviser karbonrisiko: Ikkje berre Statoil møter klimakrav frå aksjonærar. Årets generalforsamlingar i Chevron og Exxon Mobil har måtte ta stilling til aksjonærforslag om å droppe dei dyraste og mest klimafiendtlege prosjekta, som oljeproduksjon i Arktis og tjæresandutvinning.

Danmark må importere elektrisitet året rundt: Ein ny rapport frå ENTSO-E, den europeiske samanslutninga av systemoperatørar (som Statnett), viser at spesielt Danmark, Ungarn, Belgia, Makedonia og Polen vil vere avhengig av å importere elektrisitet året rundt som følge av at stadig meir fossil kraftkapasitet stenges ned. Det er venta at den danske kapasitetsbalanse vil falle frå eit underskot på 1,5 GW til 2,5 GW i 2020.

Veit du om ei nyheitssak vi burde ha med i neste Fem på fredag? Tips oss på e-post, Twitter eller Facebook.