Ein sommar prega av klimaendringar

Vi har lagt bak oss ein sommar med nye dystre klimarekordar. Les også: Ekstremver kostar stadig meir, historisk toppmøte om Amazonas, Ørsted med havvind-åtvaring og mindre utslepp frå «ny» type kyr.

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I og med at dette er første utsending etter ferien, har eg i første sak tillate meg å ta med nyheiter frå heile sommaren.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Ny sommar med ekstreme rekordar

Sommaren 2023 har vore ei einaste stor påminning om at alle deler av kloden no merkar klimaendringane i form av farleg ver – intens varme og øydeleggjande nedbør.

  • Kina har i sommar opplevd begge delar: varmerekord med godt over 50 gradar og det verste regnveret i Beijing på 140 år.
  • Ekstremt varmt har det også vore i store deler av USA – som i Phoenix, Arizona: ved utgangen av juli hadde dei lagt bak seg 31 samanhengande dagar med dagtemperatur over 43,3 gradar.
  • I Sør-Amerika har Chile og Argentina notert vintertemperaturar over 35 gradar. Det er 10-20 gradar over normalen.
  • I Europa har det blitt registrert rekordtemperaturar opp mot 50 gradar i både Frankrike, Hellas, Italia og Spania. I andre europeiske land – som no i Slovenia – har sommaren også gitt alvorleg overfløyming.
  • Høge temperaturar og tørr vegetasjon aukar også faren for farlege skogbrannar, slik vi har hatt mange av denne sommaren i land som Canada, Hellas og no sist: på Maui på Hawaii.

Klimadatatenesta Copernicus bekrefta denne veka at juli 2023 går inn i historiebøkene som den varmaste månaden som nokon gong er registrert, med 0,72 gradar over gjennomsnittet i perioden 1991-2000. Også havoverflatetemperaturen har sett nye rekordar. På grunn av ver-fenomenet El Niño er det grunn til å tru at temperaturane vil halde seg høge også utover hausten, skriv The Guardian.

Forsikringsgigant med prislapp på årets naturkatastrofar

Swiss Re Institute la onsdag fram tal som viser at forsikringsbransjen tapte 50 milliardar dollar i første halvår 2023 som følge av naturkatastrofar verda over. Det er det største tapet  sidan 2011. Ein serie med konvektive stormar i USA – det vil seie stormar assosiert med lyn, torever, kraftig regn, hagl, sterk vind og bråe temperaturendringar – stod for heile 70 prosent av dette (35 milliardar dollar). Ti av desse hendingane kosta alle over 1 milliard dollar kvar. Det er sjølvsagt ikkje forsikringsselskapa som endar opp med rekninga til slutt. Business Green skriv at naturkatastrofeforsikringar i Nord-Amerika har stige med 43 prosent det siste året.

Historisk Amazonas-toppmøte

Dei åtte sør-amerikanske landa som grensar til Amazonas var denne veka samla i den brasilianske byen Belém til eit todagars toppmøte om bevaring av verdas største regnskog. Toppmøtets slutterklæring har fått kritikk for ikkje å vere konkret nok, t.d. om eit felles mål om null avskoging innan 2030. Dette er noko Brasil og Colombia alt har forplikta seg til, og som mange hadde håpa at også dei andre landa ville stille seg bak. Amazonas-landa kom heller ikkje fram til ei felles haldning til oljeutvinning.

Vert for toppmøtet, Brasils president Luiz Inácio «Lula» da Silva, hadde også invitert representantar frå andre regnskogland, samt Noreg som har bidratt med milliardar til Amazonas-fondet, til Belém. Målet er å skape ein brei allianse som kan setje regnskogvern på dagsorden internasjonalt – og få fleire rike land til å opna lommeboka for tiltak mot avskoging. Neste stopp: Klimatoppmøtet COP28 i Dubai. Og så, i 2025: COP30 i, ja nettopp, Belém i Brasil.

Havvind-åtvaring frå Ørsted

I eit intervju med Financial Times seier Mads Nipper, CEO i danske Ørsted, at han tvilar på at havvindindustrien kjem til å vise nokon særleg stor appetitt for den pågåande havvind-auksjonen i Storbritannia. Nipper meiner den garanterte minsteprisen som myndigheitene har gått inn for (44 pund/MWh i 2012-prisar, det vil seie ca. 60 pund/MWh i dag) ikkje samsvarar med kostnadsutviklinga. For svenske Vattenfall  skal havvindkostnadene ha stige med 40 prosent så langt i år, skriv FT.  

Klimavenlege kyr raper mindre metan

Dei første kanadiske kyrne som er avla fram for å rape mindre metangass, blir født i denne månaden, melder Reuters. Dei blir moglegvis dei første kyrne som kjem til verda som er avla fram med det formålet. Bioteknologielskapet bak, Semex, har marknadsført sæden som ber denne eigenskapen i 80 land, og mellom anna selt til kjøttprodusentar i USA, Storbritannia og Slovakia. Dei hevdar at metanproduksjonen frå dyra kan reduserast med inntil 30 prosent innan 2050 ved hjelp av avl.

Tanken er ikkje ny, og det skjer liknande eksperiment andre steder også, inkludert i Norge. Men i det norske «Avl for klimavennlig storfe»-prosjektet blir dyr som er eigna for avl etter planen, først valt ut i 2024. Om alt klaffar, kan dermed mindre metanrapande kyr vere i produksjon i norske fjøs ein gang i siste halvdel av tiåret.