Ekspertintervjuet: Ikkje imponert over klimadommen

– Tingretten gjer det for enkelt for seg sjølv, og overlèt dei viktigaste avgjerdene til Høgsterett. Det er ikkje oppgåva til ein domstol, seier jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde.

Energi og Klima: – Staten vart frifunnen, men miljøorganisasjonane meiner dei vann på punktet om klima som ein menneskerett. Er det ein grei samanfatning?

Jørn Øyrehagen Sunde: – Ja, det vart 2-1 til Regjeringsadvokaten, om ein skal oppsummera. Samstundes har miljøorganisasjonane vunne ein viktig siger: Retten slår fast at Grunnlovens paragraf 112 verkeleg kan brukast til å prøve lover og forvaltningsvedtak. Det er ei fundamental avgjerd som får konsekvensar for framtida uansett. Det betyr at ein må leggja opp prosessar knytt til miljørett og miljølovgjeving på ein slik måte at det toler prøving i domstolane. Det er ikkje overraskande, for Regjeringsadvokatens argumentasjon på det punktet var rett og slett uhaldbar. Den blir også grundig avfeia i dommen, med å vise til forarbeida til nye paragraf 112.

Ekspertintervjuet:

Navn:  Jørn Øyrehagen Sunde
Stilling: Jussprofessor, Universitetet i Bergen.
Aktuell: Torsdag 4.1. falt dommen i Oslo Tingrett i det såkalte klimasøksmålet mot den norske stat. Øyrehagen Sunde har vurdert dommen.

Men på dei interessante spørsmåla som følgjer av dette, vel domstolen å gjere det altfor enkelt for seg sjølv. Dei hopper gjennomgåande over gjerdet der det er lågast, og bryt det av og til ned for å få det lågt nok.

– Kva meiner du med det?

– Når tingretten slår fast at eit reint miljø er ein menneskerett, er dei heilt på linje med Menneskerettsutvalet. Samstundes vel dei å ikkje ta følgjene av det Menneskerettsutvalet også skreiv: At denne retten finst allereie, men er for lite brukt, og må styrkast. Altså seier utvalet då at terskelen for rettsleg prøving må senkast. Det tek ikkje domstolen omsyn til. Når ein seier at denne paragrafen har eit prøvingsvern, må ein passe han inn i eksisterande prøvingslære. Når det kjem til liv, helse, demokratisk deltaking og andre fundamentale menneskerettar, skal prøvingsterskelen være låg. Den skal være noko høgare for saker som gjeld samfunnsøkonomiske spørsmål, og ein skal vere særskilt varsam med sakar som gjeld intern maktfordeling mellom statsmaktene. Men dei drøfter det ikkje .

Dei kunne til dømes sagt at klimasaka også omhandlar samfunnsøkonomi, og då må terskelen vere noko høgare. Det ville vore ei dristig tolking, og etter mi meining feil, men då ville dei i alle fall argumentert. I staden gjer dei det så enkelt for seg sjølv at dei seier det ikkje er vår oppgåve å vurdere nivået. Og til slutt: Tingretten er dei første til å prøve ein slik sak etter denne paragrafen. Då har dei plikt til å avklare saka. Ein kan ikkje forvente eit fullstendig bidrag, men i det minste eit utgangspunkt som ein kan byggje framtidige avgjerder på. Her overlèt dei avgjerda til Høgsterett. Det er ikkje oppgåva til ein domstol.

– I grunngjevinga legg dommaren vekt på at utslepp som er resultat av eksport frå Noreg ikkje er relevante. Kva tenkjer du om det?

– Mykje av argumentasjonen handlar om bidraga frå utsleppa er betydelege, i høve til tiltaka som vert gjort. Der seier retten at utsleppane er ubetydelege i global samanheng. Men om ein dråpe i seg sjølv er ubetydeleg i eit glas med vatn, betyr ikkje det at den siste dråpa er ubetydeleg. Og det er nettopp det som er argumentet til miljøorganisasjonane: Vi har kome til eit vippepunkt. Det tek dei ikkje stilling til. Dei legg i staden stor vekt på at Stortinget har sett på tiltaka som adekvate. Men då kapitulerer domstolen samstundes som prøvingsinstans.

Dette er ein måte å argumentere på som eg meiner er ganske gamaldags: Følgjene av utslepp frå fossilt brensel utover det som vert brukt i Noreg, er uinteressante. Det som skjer der ute angår ikkje oss. Men det gjer ikkje meining å tenkje slikt, og ein gjer det heller ikkje på områder som kan samanliknast. Ta korrupsjon: Om Statoil bestikk ein tenestemann i Iran, får ikkje det direkte konsekvensar for oss i Noreg, utan at det vert betalt meir skatt her. Likevel vert ein dømt i Noreg, fordi korrupsjon generelt har store konsekvensar for det økonomiske systemet. Dette diskuterer domstolen heller ikkje. Dei seier berre at det ikkje har noko betydning. Miljøorganisasjonanes argument er jo nettopp at Noregs bidrag gjer skade – også på Noreg – uansett.

– I Urgenda-saken, der den nederlandske staten tapte, var det også eit liknande argument – at bidraget til global oppvarming frå utslepp i Nederland var så lite, noko dommaren i den saken avviste. Er det ein parallell her?

– Det er i alle fall ikkje naturleg å tenkje på jurisdiksjonsgrenser der jurisdiksjon overskridast naturleg. Problem som korrupsjon, miljø og våpensal gjer inga meining å løyse innanfor nasjonale grenser. Det er litt som å ta eit tannhjul ut av ei klokke, og seie at dette tannhjulet har inga betydning, fordi det i seg sjølv ikkje kan vise tida. Igjen hoppar dommaren over gjerdet der det er lågast, heile tida. Dei er meir Peer Gynt enn Brand. Då får ein ikkje svar på dei viktigaste spørsmåla, ein får inga avklaring, og då gjer ikkje domstolen oppgåva si. Og det får igjen konsekvensar for avgjerda om saksomkostningar, som er riv ruskande gale.

– Her vart altså Miljøorganisasjonane idømt saksomkostningar. Men dei tapte jo, Er det ikkje berre rimeleg?

– Nei, fordi dommen i praksis tvinger frem ein anke. Etter 49 sider slår domstolen fast at han enno ikkje har avklart spørsmåla, men overlèt det til Høgsterett. Samstundes tvingar dei på fleire kostnader viss ein prøver saka i ein høgare instans. Slik skal det ikkje vere. Førsteinstans har plikt til å avklare spørsmål. Er det tvil om avgjerder, om begge partar får medhald i noko, bør saksomkostningar delast. Slik gjorde ein det til dømes i Rederiskattedommen, som òg vart direkte anka til Høgsterett. Det skulle i verste fall ha vore tilfelle her òg.

Dette er i siste instans også eit demokratisk problem. Heile haldninga som gjennomsyrar dommen ber preg av at Domstolen seier «ikkje kom med slike saker meir til oss». Samstundes er dei opptekne av demokrati heile vegen: Ein skal vere varsam med rettsleg prøving av noko som er demokratisk vedtatt. Men dette er eit viktig poeng dei styrer utanom: Prøving er ein viktig del av demokratiet. Staten er meir enn berre demokratisk valde organ. Vi må tvert om opne opp for at vi kan få fleire slike saker.

– Kva bør saksøkarane gjere no?

– Sånn eg ser det må dommen ankast. Nettopp fordi Domstolen ikkje tek tak i avklaringsoppgåva han har, men overlèt det til Høgsterett. Kva som då skjer, om Høgsterett kan ta på seg å avklare alt tingretten har hoppa over, vil vi kome mykje lengre. Samstundes er det viktig å hugse at sjølv med ein slik avklaring kjem vi ikkje i mål. Av og til oppstår det spørsmål som er spesielt omfattande, kompliserte eller prinsipielt viktige, der det trengs avklaring i fleire saker. Ekspropriasjonssakene på 70-talet, whiplash-sakene på 80- og 90-talet er dømer på slike. Å frykte rettssaker er heilt feil: På eit så stort tema som dette burde vi ønskje oss fleire saker til Høgsterett, så vi får fleire dommar og svar på fleire spørsmål. Berre slik kan vi få meisla ut dette rettsfeltet i detalj, gje det ny form, og få meir tryggleik og avklaring i viktige spørsmål.