Nytt EU-kutt i utslepp

EU-landa nærmar seg alt no målet om 20 prosent kutt i klimagassutslepp frå 1990-nivået.

EUs utslepp av klimagassar i 2011 gjekk ned med 3,3 prosent samanlikna med året før. Det viser dei offisielle utrekningane til Det europeiske miljøbyrået (EEA).

Dermed har EUs utslepp av klimagassar gått ned med 18,4 prosent samanlikna med 1990. Noregs utslepp har i same periode stige med 5,9 prosent, ifølgje SSB.

EEAs utsleppstal for 2011 viser at:

  • Nesten to tredelar av utsleppsreduksjonane i 2011 kom frå Storbritannia, Frankrike og Tyskland. Størst utsleppsauke målt i volum fann stad i Romania, Bulgaria og Spania.
  • Forbruket av fossilt brensel gjekk ned med 5 prosent, men på grunn av auka kolforbruk gjekk gjennomsnittleg karbonintensitet til dei fossile brenslene opp.
  • Trass i sterk vekst i vind og sol hadde 2011 den nest største nedgangen i forbruk av energi frå fornybare kjelder sidan 1990. Forklaringa er nedgang i vasskraftproduksjonen.
  • For fjerde året på rad gjekk utslepp frå landtransporten ned.

Om du vil sjå nærare på dataene, har EEA ein brukarvenleg “data viewer” der data og kan lastast ned.

Først til hausten vil EU offentleggjere estimerte utsleppstal for 2012. Eurostat har imidlertid publisert estimerte tal for utslepp av CO₂ frå energibruk i 2012 (pdf). Dei viser ein nedgang på 2,1 prosent i høve til 2011.