Sentralbanksjefen opnar døra for fornybarinvesteringar

Sentralbanksjefen gav i årstalen i realiteten tommelen opp for direkte investeringar i fornybar energi og grøn infrastruktur.

Etter sentralbanksjefens årstale er det lett å sitte igjen med eit inntrykk av at det einaste Øystein Olsen sa om oljefondet var at ein ikkje må blande politikk og fondsforvaltning. Det var det ikkje. Ein stor del av talen gjaldt utviding av oljefondets investeringsunivers.

Frå rentepapir til vindmøller?

Utsikter til låge renter er dårleg nytt for den delen av oljefondets kapital som er plassert i obligasjonar – i dag over 35 prosent.

«Fremover må vi regne med at de lave lange rentene vil slå ut i lavere avkastning», sa Olsen i årstalen. Obligasjonar er meir «sikkert» enn aksjar og speler difor rolla som oljefondets forsikring mot kursfall i aksjemarknaden. Likevel meiner sentralbanksjefen at det kan vere «grunn til å stille spørsmål ved om så mye som en tredel av fondet skal plasseres i papirer med lav avkastning».

Konkret foreslo han at fondet – på sikt – kan redusere obligasjonsdelen yttarlegare til 20-25 prosent. Det er då det interessante oppfølgingsspørsmålet melder seg: kvar vil sentralbanksjefen plassere den frigjorte kapitalen?

«Fondet er preget av en særlig lang tidshorisont og stor evne til å bære kortsiktig risiko. Hvis vi kan utnytte disse særtrekkene i de investeringsvalgene vi tar, bør det være mulig å hente ut en meravkastning i forhold til markedet».

Og vidare:

«Fondets størrelse og lange tidshorisont gjør det spesielt godt egnet til å høste gevinster i markeder med liten likviditet (…). Etter hvert som vi vinner erfaringer med eiendomsinvesteringer, vil det være naturlig å gå videre med investeringer i andre typer realaktiva, eller øke aksjeandelen.»

Dette kan vanskeleg lesast som noko anna enn tommelen opp for direkte investeringar i fornybar energi og grøn infrastruktur, slik mange aktørar har teke til orde for. Å investere i ein japansk havvindmøllepark eller tyske kraftlinjer er ikkje berre bra for den globale energiomstillinga. Det er og veldig bra for oljefondet på grunn av sin kapitalkrevjande og langsiktige profil.

At dette poenget frå årstalen ikkje har fått så mykje merksemd kan kanskje forklarast med at det ikkje er første gang Norges Bank har sagt ifrå om at dei er positive til unoterte miljøinvesteringar. Dei gjorde det og i brevs form til Finansdepartementet i 2010. Men den gang var det ikkje Øystein Olsen som var avsendar, men forgjengaren – og noverande finansråd i Finansdepartementet – Svein Gjedrem. Kanskje har vi grunn til å vere optimistar?

Misvisande om «politisk innblanding»

Sentralbanksjefens åtvaring mot å blande forvaltning med politikk, som blei mykje likt og delt i sosiale medier, fortener og ein kommentar. Setninga som skapte stor åtgaum hos mellom andre statssekretær Paal Bjørnestad (FrP) var denne:

«Hvis Norges Bank etterprøves på et annet grunnlag enn avkastning og risiko, vil oppdraget bli uklart. Det vil også kunne gå ut over avkastningen. Det må ikke herske tvil om hvilke mål som gjelder for forvaltningen av fondet».

Det er vanskeleg å lese dette som noko anna enn eit innspel til den pågåande debatten om oljefondet bør trekkes eg ut av kolselskap. Sentralbanksjefen vil ha minst mogleg innblanding i forvaltninga av oljefondet, men ser ut til å gløyme at fondets forvaltning allereie er underlagt andre omsyn enn dei faglege risikovurderingane til Norges Bank Investment Management (NBIM). Å trekke oljefondet ut av selskap viss forretningsmodell er knytt til ein mislykka klimapolitikk, er strengt tatt ikkje noko anna enn å trekke fondet ut av selskap som produserer tobakk og masseøydeleggingsvåpen.

Oljefondet er “folkets sparepengar”. NBIM forvaltar pengane profesjonelt innanfor dei rammene som Stortinget og Finansdepartementet set, og slik må det og vere. Men om kolutvinning og klasebombeproduksjon skal vere innanfor eller utanfor desse rammene er ikkje opp til forvaltarane i NBIM å bestemme. Det er – og har alltid vore – eit politisk spørsmål.

Øystein Olsens miljøbom

Sentralbanksjefen sa vidare i årstalen at NBIM ivaretek miljøets interesse.

«Norges Bank integrerer hensynet til selskapsstyring, miljø og samfunnsmessige forhold i selve investeringsprosessen. I noen tilfeller har dette ført til at banken har solgt eller latt være å kjøpe verdipapirer. Siden 2012 har fondet blant annet solgt seg ut av enkeltselskaper innenfor palmeoljeproduksjon og gruvedrift. Fordi vi er en langsiktig finansiell investor, legger vi stor vekt på rollen som ansvarlig investor.»

Ein kan frå dette sitatet få inntrykk av at NBIM i dag står fritt til å «vrake» selskap dei meiner representerer ein for stor risiko. Slik er det ikkje. Det er ikkje tilfeldig at Øystein Olsen nemner utkasting av palmeoljeselskap som døme på fondets ansvarlegheit. Palmeoljesektoren er lita – det er grunnen til at ein kan trekke seg ut. NBIM kunne derimot ikkje trekt oljefondet ut av selskap som produserer olje frå tjæresand, sjølv om dei fagleg sett hadde meint at det var riktig å gjere som «ansvarleg investor».

Årsaka er at Finansdepartementet har vald ein referanseindeks for aksjeinvesteringane – og krev at avviket mellom referanseindeks og faktisk aksjeportefølje over tid ikkje skal overstige 1 prosent. Difor er det i realiteten departementet som har bestemt kva selskap og sektorar oljefondet skal investere i. Ikkje Norges Bank. Dette er politiske val regjeringa står ansvarleg for.