Særinteresser i kø for å bruke staten sine pengar - Energi og Klima

Særinteresser i kø for å bruke staten sine pengar

Rapporten om grøn konkurransekraft er langt på veg ein refleksjon av pengerikdommen i Noreg, med sterke interessegrupper som står i kø for å bruke andre sine pengar til å løyse sine eigne utfordringar. Både norske skattebetalarar og klimautfordringa har fortent betre.

Denne artikkelen er over 2 år gammel. 4 kommentarer

Om intensjonane har vore aldri så gode, så ender rapporten om grøn konkurransekraft opp med eit mageplask. Rapporten etterlet lite utover eit lappeteppe av innspel frå eit bredt sett av særinteresser.

Mange av tilrådingane kan vanskeleg knyttast til grøn omstilling, og rapporten legg lita vekt på kostnadseffektivitet og konsistens rundt overordna mål for klimapolitikken.

Dei lange rekkene av råd i rapporten reflekterer snarare at idéane er mange for å verne eigne verksemder mot verknadane av ein strammare energi- og klimapolitikk. Spesielt gjeld dette om ein samstundes kan tappe offentlege budsjett til fordel for eigen vekst og vidareutvikling.

Svær oppgåve for lite utval

Å foreslå ei overordna strategi for grøn konkurransekraft var ei vidløftig oppgåve for det smålåtne utvalet som ble oppnemnt av Solberg-regjeringa sommaren 2015. Ikkje berre skulle dei kombinere klare forventningar frå klimakåte politikarar med høge ambisjonar om vekst og vidareutvikling i alle delar av norsk næringsliv. I tillegg måtte arbeidet pregast av ei verd i rask endring, med gradvis konsolidering av overordna klimapolitiske avtaler og mål, store skift i olje- og gassmarknadane og ei rivande utvikling i teknologi og kostnadar knytt til energieffektivisering og nye fornybare energiløysingar.

Erna Solberg, Connie Hedegaard, Idar Kreutzer og Vidar Helgesen ved lanseringa av rapporten om grøn konkurransekraft (foto: Jo Randen/regjeringen.no).
Erna Solberg, Connie Hedegaard, Idar Kreutzer og Vidar Helgesen ved lanseringa av rapporten om grøn konkurransekraft (foto: Jo Randen/regjeringen.no).

At resultatet skulle stake ut ein klar og konkret strategi for politikken på området var mykje å forvente. Og det har me heller ikkje fått. På overflata er resultatet konsensusprega og lite kontroversielt. I sluttrapporten er den overordna strategien representert gjennom lange lister av generelt formulerte utsegn som igjen reflekterer innspel frå ei rik rekke av interessegrupper i norsk næringsliv.

Ei positiv vinkling kunne være at resultatet reflekterer ein koalisjon av interesser i beste tradisjon for Noreg, men i denne samanheng er interessene avgrensa til næringslivet. Sjølv om mange kanskje vil framstille akkurat denne eigenskapen ved rapporten som ein styrke, kan han like gjerne bli rapporten sin akilleshæl. Det som står att av strategiske grep er nemleg såpass utydeleg og lite konkret at mange av dei overordna formuleringane blir nærmast umuleg å være ueinig i.

Her finn me ei vesentleg svakheit ved rapporten, etter som det store settet av vage strategiske formuleringar gir eit skeivt og uklart sett av signal til politikkutforminga. Her kan politikarane shoppa synspunkt etter dagsform. Det rapporten manglar av tiltak som svir, tek han igjen i teknologi-optimisme og gode intensjonar. Nok ein gong blir me difor lulla inn ei førestilling om at me kan få både i pose og sekk, at klimapolitikken ikkje kostar og at og om han kostar, så er det andre som skal ta rekninga.

Samstundes er rapporten frå Hedegaard og Kreutzer så brei og omfangsrik at han har noko å by på for nær sagt alle. I tida som kjem vil me utvilsamt oppleve at mange vil gripe til passande delar av rapporten for å underbygge tiltak som i sum slett ikkje treng å gi den utviklinga me er ute etter, og slett ikkje til den kostnaden me har fortent. Det var kanskje og meininga med mandatet, og i så fall har politikarane fått akkurat det dei var ute etter.

Slagmark for særinteresser

Rapporten om grøn konkurransekraft har blitt til i nært samkvem med eit bredt sett av særinteresser i norsk næringsliv, og tilrådingane blir deretter. Eit representativt døme gjeld påstanden om at risikokapital er ein føresetnad for grøn omstilling til eit samfunn med låge utslepp. Igjen er det vanskeleg å være ueinig i det overordna utsegnet. Spørsmålet som står att er likevel om dette i realiteten er ei aktuell problemstilling.

Ein premiss for tilrådinga på dette området er at Noreg ligg lågt på ei internasjonal rangering av tilgang til risikokapital i ulike land, med referanse til ein konsulentrapport utarbeidd av NyAnalyse på oppdrag frå Norsk venturekapitalforening, Abelia og Foreningen for innovasjonsselskaper i Norge. Med slike aktørar i bakgrunnen er det all grunn til å være på vakt.

Ad
Fortsatt vil det være slik at prosjekt som ikkje er lønsame ikkje vil få kapital, i alle fall ikkje frå private aktørar

For det første er det grunn til å merke seg at kapitalmarknaden flyt over av likviditet og sparing for tida, med rekordlåge renter både heime og ute, og investorar som jagar meir innbitt enn nokon gong etter prosjekt og plasseringar som kan gi ein smule betre avkastning enn bankinnskot. På makronivå er det dermed lite som tyder på at tilgangen til kapital er ein flaskehals, snarare tvert om.

At situasjonen er svært annleis på mikronivå krevjer store tankesprang. Og om det skulle være ein marknadssvikt som kan forsvare eit visst offentleg engasjement, så bør ein spørre seg kor mange milliardar kroner som eigentleg er påkrevd før denne svikten er korrigert.

Mykje kan bli snudd på hovudet av global oppvarming, klimapolitikk og grøn omstilling. Men det som er sikkert er at tyngdekrafta fortsatt vil gjere seg gjeldande i tilpassinga av åtferd og investeringar i kapitalmarknaden. Fortsatt vil det være slik at prosjekt som ikkje er lønsame ikkje vil få kapital, i alle fall ikkje frå private aktørar. Heldigvis, burde ein tilføye.

Uavhengig av omstilling og grønt skifte vil det vidare alltid være slik at dei beste idéane og prosjektene alltid vil stå framst i køen til kapitalistane, mens prosjektkvaliteten i gjennomsnitt vil falle desto lengre bak i køen ein kjem. Erfaringer tyder på at statleg kapital systematisk ender opp med prosjekt som ikkje blir vurdert som gode nok av private investorar. Alle argument om marknadssvikt til forsvar for statleg såkornkapital skal ha stor tyngd for å kompensere for slike mekanismar, og forskinga på området er stundom sterkt kritisk til politiske strategiar som inneber utstrakt satsing på entreprenørskap.

At selskap og organisasjonar som har særinteresser knytt til nyskaping, innovasjon og entreprenørskap kunne ønske seg eit enno sterkare engasjement frå det offentlege bør ikkje overraske nokon. Om dette er fornuftig bruk av offentlege midlar er eit heilt anna spørsmål. Staten har allereie eksponert milliardar av skattekroner mot denne sida av økonomien gjennom organisasjonar som Innovasjon Norge og investeringsfond som Argentum, i tillegg til ei rekke større og mindre direkte og indirekte engasjement.

At staten er rik betyr ikkje utan vidare at enno fleire investeringar skal pløyast inn i slike verksemder, sjølv ikkje om målet er grøn konkurransekraft. Då burde ein snarare tenke på å vri statleg kapital som allereie er eksponert gjennom etablerte institusjonar meir eksplisitt mot investeringar som kan støtte opp om slike mål, med mindre dette medfører tap av avkastning.

Plass til alt og alle

Eksemplet med kapitaltilgang plasserer rapporten om grøn konkurransekraft trygt i den norske korporativisme-tradisjonen, der politikk-utforminga gjerne blir utvikla som ein koalisjon mellom særinteresser. På enkelte område – som i institusjonar og prosessar knytt til arbeidsmarknad, lønnsdanning og konkurranseevne – har denne tradisjonen i hovudsak gitt gode resultat.

Interessegruppene står i kø for å bruke staten sine pengar

På andre område har samarbeid mellom særinteresser skapt mektige pressgrupper som det nærmast er umuleg å stå imot, med utfall som har vore både dyre og dårlege for norske skattebetalarar. I slike tilfelle blir interessegruppenes kamp i siste konsekvens eit trugsmål både mot verdiskaping og velferdsutvikling. I den siste boka si skriv Jens Stoltenberg med stort engasjement om korleis eit slikt påtrykk medførte etableringa av ordninga med grøne sertifikat i den norske kraftmarknaden, eit system som har møtt kritikk over ein brei front av norske samfunnsøkonomar.

For tida ser ein tendensar som kan likne når det gjeld CO2-fangst og -lagring (CCS). Sju milliardar skattekroner gikk med før Mongstad-prosjektet stranda, og det som står att er eit testsenter. Men det sluttar ikkje her. For på dette området går nemleg staten sine interesser som seljar av olje og naturgass hand i hand med oljenæringa sine interesser, og for sikkerheits skyld er dei i tillegg alliert med delar av miljørørsla.

Utan eit gjennombrot for CCS blir rommet for fossile brensel mindre i framtidas energimiks. At dei økonomiske og industripolitiske interessene er sterke burde difor være heilt klart. Men dette betyr diverre ikkje at CCS med naudsyn vil bli ein viktig del av løysinga på klimautfordringa, sjølv om mange vil ha oss til å tru akkurat det. Ambisjonane er skyhøge for CO2-fangst og -lagring, og IEA sitt 450-scenario føresett til dømes utvikling av eitt nytt CCS-anlegg av Mongstad-kaliber kvar einaste arbeidsdag gjennom 20 år for å nå ambisjonen om ein global fangstkapasitet på 5 milliardar tonn per år innan 2040 (om dette kan du lese meir her; s. 14-15). Samstundes kjem ein ikkje unna at utviklinga dei siste 20 åra på ingen måte har vore forløysande for utsiktene til utstrakt fangst og lagring av CO2, snarare tvert om.

Like fullt er staten sitt selskap for utvikling av CCS-løysingar i full gang med å modne nye prosjekt for CO2-fangst og -lagring, denne gongen for industriverksemder i Fastlands-Noreg. I denne prosessen vil statlege kroner bli brukt til å grønvaske norsk industriproduksjon, med ein tiltakskostnad frå 1500 kroner per tonn CO2 og oppover. Til samanlikning er dette nærmare 30 gonger meir enn ein må betale for kvitte seg med CO2-utslepp i den europeiske kvotemarknaden for tida. Utan utsikter til ei markant auke i kvoteprisen er det lite som tyder på at CO2-fangst og -lagring vil oppnå forretningsmessig interesse hos private investorar i overskueleg framtid. Dette forhindrar likevel ikkje at interessegruppene står i kø for å bruke staten sine pengar til slike formål.

Resultat av rikdom

I staden for å framstå som talerøyr for tunge næringsinteresser burde rapporten om grøn konkurransekraft vist kritisk distanse til settet av tilrådingar frå interessegruppene som har deltatt, og teke eit perspektiv basert på samfunnsøkonomisk lønsemd og kostnadseffektivitet.

Eksempla frå denne kommentaren gjeld tilgang til kapital – til nyskaping og entreprenørskap på eine sida og fangst og lagring av CO2-utslepp på andre sida – der Hedegaard og Kreutzer langt på veg gjer seg til talerøyr for grupper med sterke økonomiske interesser i ei bestemt innretting av klimapolitikken. Desse eksempla er diverre ikkje eineståande. Tilsvarande refleksjonar kunne til dømes vore reist mot ei rekke av dei andre råda, som til dømes dei fantasifulle initiativa til ei rekke nasjonale råd og senter, samt til rådet om etableringa av CO2-fond for transport og industri.

Diverre blir rapporten om grøn konkurransekraft langt på veg ein refleksjon av pengerikdommen i Noreg, med sterke interessegrupper som står i kø for å bruke andre sine pengar til å løyse sine eigne utfordringar. Både norske skattebetalarar og klimautfordringa har fortent betre.

Bli abonnent!

4 kommentarer

  1. Karen Sund

    Karen Sund

    Takk Klaus – som vanlig gode poeng, og bra at noen tør 😉
    Det er mye som kan gjøres uten ny teknologi, hvis vi bare vil. Det er også mange andre som utvikler ny teknologi, både CCS og vind. Det er altså ikke, som du er inne på, avhengig av norsk teknologisk forskning. Vi har en lang tradisjon for å støtte teknologi, og mange store bedrifter er teknologdominerte med naturlig ønske om at teknologien er løsningen og at det er gøy å lage ny teknologi. Endringsledelse og menneskers adferd og motivasjon burde få mer oppmerksomhet – det er ikke alle som gjør det en ingeniør (eller økonom) synes er rasjonelt (selv om de synes det er rasjonelt selv). Noen kan godt installere sol på taket, selv om både ingeniøren og økonomen sier det er tull/tapsbringende. Hva skal til for å dempe materialismen? Ikke teknologi, i alle fall… Politikerne lar seg forlede til å tro at de fikser problemer og øker både kompetanse, industriaktivitet og eksportpotensial ved å gi til fin, konkret teknologiforskning. Kanskje humaniora må finne tilsvarende konkrete «pakker» for å få midler?

  2. Avatar

    Jan Fredrik Garvik

    Interessant om grønn konkurransekraft.

    Noen tanker jeg gjør meg om samspillsmuligheter mellom strøm, hydrogen og karbondioksid.

    Oppsirkulering av karbondioksid (CO2) fra sjøvann- og landkilder til mer høyverdige produkter kan være veldig bærekraftig på lang sikt. Kan man industrialisere dette i stor skala, er mulighetene store for at nye verdikjeder, kan slippe til med fokus på gjenbruk av biprodukter man har i rikt monn og oppgraderes til noe nyttig.

    Strøm, hydrogen og karbondioksid kan bli den nye råvaren i verdikjeden lagring, drivstoffproduksjon, gass og kjemi. Det kan derfor være mange gode grunner til at industrien skal tenke nytt og bærekraftig på nye måter slik at vi kan utnytte alle de særegne fordeler vi har i det Nordiske kraftsystemet.

    Uansett om synspunktet på klimaspørsmål, kan CO2 ses på som et billig, svært tilgjengelig, og stort sett ufarlig C1 råstoff til kjemiske prosesser. Regnskapet er ikke kun CO2 brukt som råstoff, men i stor grad som CO2-utslipp spart. Mange internasjonale policymakers ser CCU som et realt alternativ til CCS i visse anvendelser.

    Dette gir to grønne gevinster med antatt god økonomisk bærekraft: Forbruket av den ikke-fornybare ressursen olje avtar. I tillegg blir den nye produksjonsprosessen mindre energikrevende enn metoden den erstatter. Dermed synker CO2-utslippet. Prinsippet kalles «Carbon avoided». Jeg tenker gass over i veske som metanol, citydiesel og jet kan være en stor mulighet til å skape nye og viktige arbeidsplasser i etablerte næringer i Norge.

    Det er kanskje petrokjemiindustriens, kraftsektorens store og nye mulighet, til å skape nye produkter for å møte behov i etablere verdikjeder. Her et eksempel: Green electrofuels kan bidra i avkarboniseringen av luftfarten. Desto mer elektrisitet omformet og lagret i jetdrivstoffet som electrofuels, desto større klimanytte.

    Karbondioksid kan bli en meget etterspurt gass i en fremtidig sirkulær økonomi som råstoff og energibærer. Elektrisk hydrogen over i veske kan trolig dokumentere et karbonfotavtrykk på nye syntetiske drivstoffer få andre kan vise til.

    Jan Fredrik Garvik
    Daglig leder

  3. Kjell Traa

    Kjell Traa

    Jeg er hjertens enig i det som Klaus Mohn har skrevet. I denne kommentaren litt om følgende to (politiske) prestisjeprosjekt:
    1. Elektrifisering offshore
    Utslippene fra norsk olje -og gassutvinning (pt. ca 15 mill tonn CO2/år), stammer i alt vesentlig fra bruk av gass til produksjon av kraft og varme på feltene. Stort sett (i et EU perspektiv, som norske utslipp er en del av), gjelder at det er lite vi kan gjøre med disse utslippene (bortsett fra å drive så energieffektivt som mulig), ettersom fyringsgassen som «spares» på feltene, ikke har noen annen vei å gå, enn å følge med salgs-gassen til markedene i EU, hvor den samme gassen blir brent. Altså ingen reduksjon i europeiske utslipp av CO2, som Norge er en del av. Dette har verken myndighetene eller en bransjeorganisasjon som Norsk olje & gass skjønt og resultatet er at milliardbeløp til elektrifisering skusles bort til ingen nytte. En logisk konsekvens er videre, at disse utslippene burde tas ut av det norske utslippsregnskapet og belastes brukerne av gass i sluttmarkedet.
    2. CO2 rensing, transport og lagring (CCS)
    Vi har allerede svidd av milliardbeløp på CCS og staten står klar med nye milliarder, stort sett til ingen nytte, (vil være min påstand), bortsett fra å sysselsette et stort antall forskere og konsulenter. CCS blir nemlig så dyrt å realisere at ingen industriaktører er villige til å ta regningen, men vil peke på statskassen, hvor det trolig ikke blir mye å hente når det kommer til stykket.
    CCS er og blir et gigantisk blindspor og der hvor CO2- utskilling er praktisert, dreier det seg om å skaffe CO2 til økt utvinning og det har selvsagt ikke noe med CCS å gjøre.

    Det er både kunnskapsløst og svært beklagelig at så mye av klimainnsatsen dreier seg om utslipp, heller enn å angripe årsakene til utslippene. Når det gjelder fossile utslipp er hovedproblemet den gigantiske sløsingen med fossil energi som fortsatt pågår og potensialet for å øke energiutnyttelsen og derved også reduserte utslipp, er enormt. Et enkelt eksempel på dette er norsk eksportgass, hvor ca halvparten går til alminnelig oppvarming med reell energiutnyttelse på kun 5 – 10 %. Norsk olje & gass (ref. Veikart for norsk sokkel), hevder stikk motsatt, at «…. Gass brukt direkte til oppvarming har svært høy energieffektivitet og dermed lave CO2-utslipp ….». Ikke rart at mye av klimadebatten er på avveie, når sentrale aktører demonstrerer mangel på elementær kunnskap om energi og dens utnyttelse.

    • Avatar

      Vetle Houg

      Din beskrivelse av årsaker til utslipp og nytten av CCS er altfor enkel. Norcem Brevik er ett av de tre mulige stedene for fullskala karbonfangst. Utslippene av CO2 i en sementfabrikk kommer først og fremst fra den kjemiske prosessen, altså den spaltingen som skjer med kalksteinen når denne varmes opp. Det er også CO2 fra brensel, men i tilfellet Norcem Brevik så benytter fabrikken alternative brensler i stor skala (omlag 65 %). Av dette er en vesentlig andel biomasse og sånn sett CO2-nøytralt.
      Så, man har altså et punktutslipp som vil være der uavhengig av brenselskilde.
      I Brevik har man testet ut fire ulike teknologier for å se hva som er best egnet for å gjøre karbonfangst. Dette er forskning som kommer alle industrielle utslipp til nytte. Det har vært testet teknologier som har blitt testet i stor eller mindre skala på andre typer utslipp, og det har vært testet teknologier som knapt har kommet ut av tegneskissene.
      Karbonfangst løser ikke alle utslipp, men det kan gi et vesentlig bidrag der man ikke kan fjerne utslippet på andre måter.

Kommentarfeltet er stengt.