Lågare skatt kan gi betre flaumvern - Energi og Klima

Lågare skatt kan gi betre flaumvern

– Forsking viser at regulering av vassdrag har forhindra flaumar. Lågare skatt på vasskraft vil utløysa nye tiltak mot flaum i regulerte vassdrag, skriv Olav Osvoll i BKK.

Grøndalsvatnet i Voss kommune er eit av magasina som gir vatn til Evanger kraftverk. I regulerte vassdrag kan ein dempa flaumtoppane ved å tappa vatn i tida før kraftig nedbør, og samla vatnet i magasinet når det regner som verst. (Foto: BKK)

Regulert vasskraft har ein fordel fordi vi kan bruka magasina som buffer til å dempa flaumtoppane. Med eit stadig villare og våtare klima treng vi rammevilkår som legg til rette for å utnytta denne bufferkapasiteten endå betre.

BKK har dei siste vekene gjort mange tiltak for å redusera flaum på Vestlandet. I forkant av den intense nedbøren kjørte vi kraftverka våre for fullt, og i fleire vassdrag tappa vi også ekstra vatn ut av magasina for å skaffa oss ein buffer.

Då nedbøren kom, kunne vi samla vatn i magasina for å dempa flaumtoppane i vassdraga. I uregulerte vassdrag vil flaumane kunna bli langt større fordi ein ikkje har magasin som buffer.

SINTEF Energi jobbar i regi av forskingssenteret HydroCen med å rekna ut den samfunnsøkonomiske verdien av flaumdempinga frå vasskraftmagasin. Dei har utført ein studie av elva Orkla i Trøndelag som viser at reguleringa har forhindra fleire store flaumar. SINTEF Energi jobbar no med å utvikla ein metodikk for å verdsetja skadar som blir unngått.

I DN (15.10) seier Espen Barth Eide (Ap) at han vil vurdera framtidig regulering av vassdraga, i lys av forsking som viser dobbelt så mykje flaum i framtida. Nestleiaren i miljø- og energikomiteen på Stortinget vil også sjå på skattlegging for vasskraft for å gi betre investeringsincentiv til flaumdempande tiltak. Dette er noko BKK også har tatt til orde for.

Vi snakkar her om å utnytta eksisterande anlegg endå betre til flaumdemping, og i tillegg kan vi produsera meir fornybar energi utan nye inngrep i naturen. Det er ein vinn-vinn-situasjon, men rammevilkåra må endrast for at det skal bli lønsamt å realisera slike investeringar.

Det må ekspertutvalet for vasskraft ta med seg når dei no ser på ein framtidig skattemodell for vasskraft.

Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Ad

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.