Fossilfritt samspel mellom by og næring

Dei store byane kan være effektive motorar på veg mot nullutsleppsamfunnet – i tett samspel med næringslivet.

Den globale klimaavtalen er ratifisert og omstillingskappløpet i gong. Det amerikanske valet sår dessverre likevel tvil om stabilt politisk påtrykk. Trass grøne marknadskrefter og teknologiutvikling, vil det meir enn nokon gong trengs land, regionar og verksemder som går føre. Noreg treng tydeleg leiarskap og ein grøn handlingsplan som alle aktørar kan knytte seg på for raske utsleppskutt. Dei store byane kan ta leiarskap.

Oslo kommune har ambisjonar om å kutte eigne klimagassutslepp med 50 prosent innan 2020 og 95 prosent innan 2030. Byen sitt klimabudsjett vil være eit viktig reiskap på vegen. Bergen har mål om å bli Noregs grønaste by , fossilfri innan 2030 og 30 prosent klimagassreduksjon innan 2020. Fleire andre norske byar er i gang med å etablere klimaplanar i tråd med Paris-avtalen sine mål.

I Hordaland kjem rundt 70 prosent av klimagassutsleppa frå næringslivet. I 2014 tok difor fylkeskommunen initiativ til nettverket Klimapartnere Hordaland, etter mal frå Klimapartnere Agder. Nettverka består i dag av totalt 70 partnerverksemder, med over 60 000 tilsette og 30 000 studentar. Partnerverksemdene forpliktar seg til systematisk klimaarbeid og nettverka kan vise til gode resultat, mellom anna meir enn 9 prosent klimagassreduksjon frå 2014–2015 og gode eksempel på grøn næringsutvikling. Over nyttår etablerast søsternettverk i både Troms og Rogaland. Fleire andre regionar vurderer modellen. Mål om fossilfrie byar kan være nyttig i denne samanheng. I Hordaland oppmodast partnerverksemdene om å følgje Bergen kommune og bli fossilfrie innan 2030, med fossilfri transport, fossilfri energi og klimasmarte innkjøp.

Fossilfri transport

For å oppnå fossilfri transport i 2030, må singelbilisme reduserast og overgangen til nullutsleppstransport skje hjå alle verksemder. Klimasmart lokalisering, fremming av samkøyring som hos Avinor, tilrettelegging for bildeling som hos Atea, fossilfri bilpark i 2020 som hos Taxi1 og ikkje minst betre tilrettelegging for gåande og syklande som hos Helse Bergen er gode eksempel på tiltak. Diesel-SUV på direktørplass er ikkje det vi treng, og mange verksemder faser no ut sine fossile parkeringsplassar. I Hordaland er 30 prosent av nye bilar elbilar og på Askøy blir 14 prosent av bompasseringane gjort med elbil. Hydrogenbilar er også like om hjørnet. Siste fossile bil i Noreg vil truleg seljast lenge før eit forbod i 2025. Raskt aukande rekkevidde gjer at mange heller ventar/kjøper bruktbil, framfor å risikere å kjøpe ny fossilbil.

Biogassanlegget i Bergen vil snarleg drifte byen sine bussar, samstundes leggast ein heilskapleg bussplan for Hordaland for fossilfri kollektivtransport innan 2025. I Oslo har Ruter ambisjon om fossilfri kollektivtrafikk innan 2020 og i Stavanger testar ein elbussar. Infrastruktur for fossilfri tungtransport vil være viktig å få på plass. ASKO har mål om Fossilfri transport innan 2020 og BIR skal redusere klimagasutsleppa frå transport med 80 prosent, med god hjelp frå Bossnettet.

Skal EU sitt pålegg om Fossilfri Hamn innan 2025 oppfyllast trengs solid økonomisk støtte frå Enova, samt tilpasningar på skip. Arendal og Kristiansand havn har til dømes fått god støtte til nye landstrømsanlegg. Samstundes bør ein vurdere omtida er komen for miljødifferensiering av anløp for cruisenæringa?

Nullutsleppsløysingar for framdrift til sjøs er under lovande utvikling. Bergen kommune bevilga midlar til Urban Water Shuttle og Greenstat utviklar Hydrogen Viking for hydrogendrift. Ikkje minst er tilslaget på det nye ferjeanbodet i Hordaland eit strålande eksempel på dette, med 87 prosent klimagassreduksjon.

Fossilfri energi

Oljefri har vore ein effektiv kampanje og i 2020 vil forbodet mot oljefyr tre i kraft. For å oppnå fossilfri energi treng ein også vurdere fossilbasert fyring som nyttast til spisslast. Agder Energi tilbyr no fossilfri fjernvarme i Kristiansand. Her nyttast bioolje i staden for fyringsolje til topplast. Stadig fleire velger å installere solceller på tak som Sweco og Asplan Viak deler gjerne sine erfaringar med plusshusteknologi.

Kalkulert med marknadsbasert metode, blir ein stor del av den utsleppsfrie straumen eksportert over landegrensene og ein sit att med ein skitnare residualmiks i Noreg. For verksemder vil være viktig å ta stilling til om opprinnelsesgarantiar for straumen er eit egna tiltak for å sikre at elektrisitetsmiksen ein nyttar faktisk kan reknast som fossilfri.

Klimasmarte innkjøp

Utslepp frå import blir ofte utelatt i utsleppsoversikter, men kan stå for over 60 prosent av det reelle karbonfotavtrykket. I januar 2017 trer nye lovendringar for offentlege innkjøp i kraft. Negativ klimapåverknad skal reduserast og innkjøp skal stimulere til utvikling av grønare produkt og tenester. Alle verksemder oppmodast om å opprette ein grøn plan for innkjøp. Fjordkraft går føre med «Klimanjaro» og stiller krav til alle sine leverandørar om systematisk klimastyring og klimanøytralitet innen 2019.

Grøn skaperkraft

For å oppnå fossilfrie byar innan 2030, trengs solid politisk handverk og tett samspel mellom offentleg og privat næringsliv. Tydelig kommunikasjon, mobilisering og involvering av både innbyggjerar og verksemder vil være viktig for å lukkast, herunder også å feire sigrane, synleggjere vegen vidare.

Om verksemder kan posisjonere seg for næringsutvikling og innovere fram fossilfire produkt og tjenester som ein også tjener på, vil dette være med å akselerere utviklinga, anten det er innan fossilfri transport, fossilfri energi eller varer ein ettespør gjennom klimasmarte innkjøp.

I tillegg vil det være viktig for kvar region å vurdere kvar potensialet ligg for grønn konkurransekraft, anten det er innan matproduksjon, skipsfart, IT, utdanning, transportløysningar, finans, råvarer, reiseliv eller anna. Det blir spanande å sjå kva by eller tettstad som i samspel med næringslivet ender opp med gul leiartrøya for gjennomføring.