Elektrisitetens apostlar

Historiske kraftlinjer frå municipalsosialisme til solceller på alle tak.

Det gjekk ei elektrisk bølgje over landet ved forrige årtusenskifte. Fossespekulantar kjøpte opp fallrettar frå uvitande bønder. Industrialistar hadde meir seriøse planar om store fabrikkar. Tekniske tusenkunstnarar bygde sine eigne små kraftverk i bekken for å skaffa straum til lys i heimen og drift av saga på garden. Gode byborgarar såg muligheter for både å opplysa gatene og gjera lønsame investeringar. Linja var strekt for ei lysande framtid i den nye arbeidsdagen etter 1905.

Det gjekk slik, men ikkje akkurat slik malen var lagt, for landet var Norge. Vi fekk panikklov og konsesjonslov, og det kommunalt kollektive Norge sette seg i førarsetet. Det var ein formativ periode i norsk krafthistorie. Står vi framfor ein ny formativ periode i klimakrisas tid?

Kraftkommunalismen

Det begynte i byane på 1890-talet med små kraftverk som skaffa straum til noen buelamper i gatene og glødelamper i husa. Så kom det elektriske drivmotorar i industrien og andre næringsgreiner. Tilgang til elektrisk kraft blei ein viktig lokaliseringsfaktor, og dei som åtte fossefalla, såg for seg mange straumabonnentar og store inntekter. Private oppkjøparar og aksjonærar var først ute, og kommunane leigde kraft frå private selskap.

Då behovet for elektrisk kraft tok av, slo «kraftevangeliet» gjennom i kommunale styringsorgan. Elektrisitetsutbygging blei sett på som ei like naturlig kommunal oppgave som vatn, kloakk, gater og vegar. Det slo først gjennom i «municipalsosialistiske» byar der Arbeiderpartiet sto sterkt, men snart over heile fjøla. Kommunar kjøpte opp private kraftverk og fallrettar, strekte kraftlinjer og sette i gang nye prosjekt. Det skaut ekstra fart under første verdenskrig då tilgangen på importert, fossilt brennstoff var vanskelig og rasjonert. Den høgare himmelen over det var at satsinga på eigne energikjelder i framtida kunne gjera landet mindre avhengig av importerte oljeprodukt. Og om noen skulle tena stort på nyvinningane og framgangen som kunne koma ut av naturherlighetene, så måtte det vera fellesskapet.

BatteryMan_072015_EK
Artikkelen er publisert i rapporten «Europas strømrebeller», som er gitt ut av Norsk Klimastiftelse. Last ned hele rapporten som pdf eller se flere artikler fra rapporten.

Ein typisk «elektrisitetens apostel» var borgermester Hans Thomas Knudtzon i Kristiansand (1). I 1914 fekk han bystyret med på å kjøpa Kristiansands Fossefald og Elektricitetsværk og vassrettane i Otra. Det var ikkje lenger bare snakk om å sikra eit fellesanliggende gjennom offentlig innsats, men «at kommunen selv skaffer seg produktive bedrifter». Han såg for seg så store inntekter til bykassa at «den tid bør komme da Kristiansands borgere blir skattefrie».

Gjeldskrise og fylkeskraft

H. T. Knudtzon heldt fram med si kraft-evangelisering då han blei fylkesmann i Aust-Agder. På fylkestinget i 1919 sa han: «Elektriciteten er Norges fremtid, som vil bringe lys, tilfredshet og velstand i vores hjem og fremgang for fylket». Og han fekk mange med seg: Kraftutbygging spreidde seg som ein kommunal farsott over landet, også til små landkommunar.

Mange stader gjekk det forferdelig galt. Kommunane lånte store summar og inngjekk avtalar om levering av turbinar og anna utstyr. Så kom nedgangstidene med stigande rente, deflasjon og arbeidsløyse, og mange kommunar fekk store problem med å betena låna. Den kommunale gjeldskrisa i mellomkrigstida var ofte eit direkte resultat av kraftsatsinga. Striden om ansvaret for uføret dominerte lokalpolitikken i mange norske kommunar. I Kvinesdal blei alle som høyrde til «lyspartiet» kasta ved kommunevalet i 1919. «Mørkepartiet» overtok, men paradoksalt nok måtte dei gjennomføra utbygginga ettersom det ikkje var mulig å koma ut av dei bindande kontraktane.

Kvit mot svart. Propagandaplakat for kraftutbygginga (ca. 1920-30 - nøyaktig tidspunkt ikkje kjent). Foto: KUBEN Arendal - Aust Agder museum og Arkiv.
Kvit mot svart. Propagandaplakat for kraftutbygginga (ca. 1920-30 – nøyaktig tidspunkt ikkje kjent). Foto: KUBEN Arendal – Aust Agder museum og Arkiv.

I Kvinesdal, som i mange andre kommunar, kom det fylkeskommunale elektrisitetsverket inn og redda stumpane. Fylkeskraftverka var som oftast vertikalt integrerte og sto for både produksjon og distribusjon. På eit par tiår var bransjen transformert frå private småselskap, via ulike former for privat-offentlig samvirke, til regionale monopol. Ettersom sentralnettet var svakt utbygd, hadde kvart fylke ansvar for kraftbalansen i sin region. Derfor var dei fylkesvise kraftselskapa ein viktig del av fylkespolitikken, med nær kopling mellom fylke og kraft – både økonomisk og personalmessig. Og slik var regimet fram til den nye energilova av 1990 som avregulerte kraftmarkedet og gjorde elektrisk kraft til ei ordinær vare: Frå velferdspolitikk, forsyning og forvaltning til forretning.

«Elektriciteten er Norges fremtid, som vil bringe lys, tilfredshet og velstand i vores hjem og fremgang for fylket» – H.T. Knudtzon, 1919

Dei store, nasjonale og statlig initierte kraftutbyggingane etter andre verdenskrig, var eit anna kapittel. Der var føremålet å skaffa kraft til smelteverk og annan kraftkrevjande industri som skulle sikra eksportinntekter. Dei berørte kommunane var entusiastiske, for anlegga ga arbeidspassar, skatteinntekter og konsesjonsavgifter. Kommunane hadde også ei rolle i konsesjonsbehandlinga og fekk store erstatningar – til forskjell frå dagens situasjon der vindmøllekommunar ikkje har noen rettigheter som kommune. Ei anna sak er at noen rike kraftkommunar tok heilt av, mista fingeren i jorda, slo seg på tvilsame verdipapir og enda som Terra-kommunar.

Grønt skifte ovanfrå

«Tiden for de store vannkraftprosjekt er forbi,» sa statsminister Jens Stoltenberg i sin nyttårstale i 2001. Sidan er det modernisert og effektivisert, satsa på energisparing og lagt overføringskablar til kontinentet.

Utan store naturinngrep er det bygd private småkraftverk, av ein eller fleire grunneigarar, men sjeldan som andelslag eller liknande. Dei dekker ikkje eigarane sine kraftbehov, men er ei slags attåtnæring i landbruksøkonomien. Med elektronikkens inntog i nettet er det rimelig enkelt å måla leveranse og fakturera produksjon.

Gassen har fått kvila, og det går tregt med vindmøller, solceller og annan fornybar energi i vasskraftlandet som lever godt av oljeinntekter. Det er ikkje lett å venda om. Det grøne skiftet er mye omtalt, men minner mest om ei fjern hildring.

Fotografen Anders Beer Wilse var og opptatt av krafteventyret. Her har han fanga inn demningsanlegget i Tinnsjå, og kalt Tinnsjøen, i 1910. I bakgrunnen Tinnsjåferga. Bildet er håndkolorert.
Fotografen Anders Beer Wilse var og opptatt av krafteventyret. Her har han fanga inn demningsanlegget i Tinnsjå, og kalt Tinnsjøen, i 1910. I bakgrunnen Tinnsjåferga. Bildet er håndkolorert.

Spørsmålet er i kva retning vi kan koma til å gå mot solrenning i Soria Moria – som nasjon, eller kvar for oss. Er neste kapittel i dei historiske kraftlinjene at kvart hushald blir sin eigen kraftprodusent med solceller på taket? Det er ikkje teknologisk umulig, sjøl om utstyret er litt meir avansert enn at det kan kjøpast på Clas Ohlson. Det kan vera logistisk gjennomførbart i vårt ekstremt velorganiserte samfunn, og det er ikkje heilt utan lågspente trådar tilbake til den elektriske pionertida for eit drygt hundreår sidan.

Men kva skulle i så fall motivasjonen vera? Å sikra tilgang på kraft står neppe høgt på lista. Å spara utgifter er heller ikkje overtydande. Å bidra til å redda verden er edelt, men gir neppe nok berekraft som klimaevangelium. Å retta seg etter offentlige reguleringar og pålegg kan sjølsagt vera ein dytt, men statlige incentiv ligg meir i den norske gata.

Er neste kapittel i dei historiske kraftlinjene at kvart hushald blir sin eigen kraftprodusent med solceller på taket?

For dette er Norge, med tradisjon for kommunal velferdspolitikk og stor tiltru til statens godhet, ansvar og igangsettande vilje og kraft. Så eit grønt energiskifte her på oljeberget med fossar og vind, er nok avhengig av at Staten er åttåt. Det kan veksa nedanfrå, men med tilrettelegging ovanfrå. Det er det som har vore mønsteret i alt arbeid for Norges vel innanfor den norske modellen. Det begynte med potetprestar, utskifting, statskonsulentar og offentlige elektrisitetsapostlar, og det kan koma til å enda omtrent der igjen.

Men ein ting er det mulig å spå: Om det tar av, så kan det koma til å ta voldsomt av. Norske menn og kvinner i hus og hytte er ganske skeptiske til dramatiske omleggingar. Folk flest liker ikkje å vera først, men dersom naboen har vore ute og lykkast, så kappspring vi om å vera nest først. Og vi har råd til det, særlig når Staten er attåt med tilskot eller skattelette. Då gjeld det å slå til – før Staten trekker tilbake gulrøtene og tyr til pisken.

Fotnote:
1. Kjell-Olav Masdalen: Agders historie 1920-1945. Agder historielag, Kristiansand, 1991.