Eit varsku mot gassillusjonar - Energi og Klima

Eit varsku mot gassillusjonar

Tord Hustveit har gjort grundig arbeid. Boken hans, «Europa uten gass», er ingen murstein, men den er spekka med fakta. Sjølv om ein tar høgde for at det er vanskeleg å spå om framtida, er det all grunn til å ta Hustveits analysar på alvor.

Tord Hustveit med si nye bok «Europa uten gass: er norsk gass broen til nullutslippssamfunnet?», som ble lansert 18. oktober. Foto: Energi og klima

Er gass – helst norsk gass – ein viktig del av svaret på Europas klimautfordringar mens me ventar på at fornybar energi skal ta over? Norsk petroleumsindustri og norske politikarar bruker i alle fall dette som eit kronargument i lobbyarbeidet overfor EU.

Og resonnementetlyder jo fornuftig. Kolkraft er unekteleg den største klimasyndaren, og det ereit stykke fram til energiforbruket i Europa kan dekkast fullt ut av fornybarekjelder. I mellomtida byr gassen seg fram som ei brumot ei meir klimavennleg energiforsyning, kanskje heilt fram til 2050. Slik kannorsk gass vera «ein del av løysinga» på klimaproblemet, er omkvedet.

NY BOK. Tord Hustveit: Europa uten gass – Er norsk gass broen til nullutslippssamfunnet? 

Frekk Forlag, 2018

Utgitt i samarbeid med Norsk klimastiftelse

Men er det sikkert at logikken held vatn? Tord Hustveit argumenterer i boka «Europa utan gass» for at norske gasslobbyistar kan ha gjort opp rekning utan vert, og at utsiktene for at Europa forblir ein stor og langsiktig gassmarknad ikkje er så lovande som norsk olje- og gasspolitikk legg til grunn.

Den tidlegare Unge Venstre-leiaren har reist rundt i Europa og ser ein energistruktur i rask endring. Med store land som Tyskland og Storbritannia i spissen skyt omlegginga til fornybar energi fart. I Storbritannia er vind, sol og atomkraft samla i ferd med å gå forbi kol og gass. Kolkrafta blir raskt fasa ut og sto i 2017 for berre 7 prosent av energiproduksjonen. Vil det same skje med gassen, og i tilfelle kor fort?

Europa rundt

I Tyskland er det brei politisk oppslutning bak «Energiewende» – ei dramatisk omlegging av energimiksen i fornybar retning. Hustveit reiser med tog over dei nordtyske slettene og ser skogar av vindmøller overalt. Atomkraft vil tyskarane derimot ikkje satsa på. I staden stimulerer dei til energisparing og lokale fornybare løysingar.

Men ikkje alle krefter i Tyskland dreg i denne retninga. For kolindustrien gir framleis mange arbeidsplassar i delar av landet, og så lenge kol er billegare enn gass, er det med på å halda strømprisane nede. Også i eit land som Polen er kolkraftlobbyen sterk.

Konklusjonen Hustveit dreg av dette, er at kol som energikjelde kan halda stillinga ganske lenge i delar av Europa, og at overgangen frå kol til stadig billegare fornybar energi dermed vil skje direkte utan gass som «bru». Hustveit siterer den britiske tenketanken Sandbag, som spår at gass vil koma under angrep frå to sider, både frå billegare fornybare energikjelder og frå høgare prisar på klimakvotar som gjer gass mindre konkurransedyktig. 

Framtida er uviss

Det er sjølvsagt mange usikre faktorar i slike analysar. Kvoteprisar kan gå både opp og ned. Teknologiske gjennombrot som karbonfangst kan leggja korta på nytt, sjølv om ein økonomisk lønsam metode for karbonfangst kan synast fjern i dag. Ein interessant variant, som Hustveit sjølv er inne på, er å bruka gass til å produsera utsleppsfri hydrogen, men så langt er det usikkert om det kan bli eit reelt alternativ.

Uvisse knyter det seg også til dei langsiktige politiske konjunkturane. I dag er det sterk vilje i EU-systemet og dei største medlemslanda til å føra ein klimapolitikk i tråd med Paris-avtalen. Politikarane ser også ut til å ha oppbakking frå eit solid folkefleirtal. Den sterke framgangen for Dei Grøne i Bayern nyleg er ein indikasjon på det.

Samstundes viser Donald Trump nesten dagleg at det også er andre politiske krefter i sving på klima- og miljøfeltet. Ingen kan garantera at ikkje klimafornektarane vil koma på offensiven igjen i Europa òg. Men kan norske politikarar gambla på at den globale klimapolitikken vil mislukkast? Det vil vera ein umogleg posisjon for eit land som i alle fall retorisk vil vera eit føregangsland på klimaområdet.

Hustveit meiner, logisk nok frå hans ståstad, at ingen nye område bør opnast for petroleumsaktivitet. Han vil også redusera statens økonomiske risiko ved å selja delar av statens eigarskap i Equinor og Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE). For meg er det ikkje innlysande at det vil minka utbyggingspresset, sjølv om eit eventuelt tap i neste omgang vil bli mindre. Meir effektivt er truleg forslaget hans om å endra skattereglane slik at selskapa får mindre frådrag for investeringar. Det vil stimulera til meir realistiske risikovurderingar. 

Industri på autopilot

Tord Hustveit har gjort grundig arbeid. «Europa uten gass» er ingen murstein, men den er spekka med fakta. Sjølv om ein tar høgde for at det er vanskeleg å spå om framtida, er det all grunn til å ta Hustveits analysar på alvor. Me treng ein debatt om fundamentet for norsk gasspolitikk, for dersom det er feil, risikerer Norge å gjera store økonomiske investeringar som kan gå med tap ein gong i framtida. Her må petroleumsindustrien utfordrast til å koma med noko meir enn dei autopilot-argumenta me har høyrt i mange år, og som dessverre blir repeterte av olje- og energiministrar uansett parti. Det kan henda at dei er utgått på dato.

Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Ad

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.