Det grøne «Drømmeløftet»

Drømmeløft for Noreg? Her teikna av Leona (6), artikkelforfattaren si datter.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Korleis ser ditt drøyme-Noreg ut i 2050 og kva milepælar må ein nå innan 2020, 2030 og 2040 for å få dette til? Ynskjer vi å få fart på den grøne omstillinga, treng vi ikkje fleire utredningar, vi treng ein visjon og ein konkret plan. For å få til store framsteg må ein tore å setje seg store ambisiøse mål, være førebudd på å ramle, røyse seg att, og finne nye vegar.
Innovasjon Norge inviterer i desse dagar til ei rekkje dialogmøter over heile landet for å skissere opp eit storstilt løft for Noreg. Gjennom det overordna temaet, «Drømmeløftet», ynskjer ein å løfte fram dei store visjonane for framtida. «Drømmeløftet» vil bli presentert under Innovasjon Norge sin årlege «innovasjonstale» før sommaren. Kan tida være komen for å realisere arven frå Brundtlandkommisjonen, med ein visjon om det «Bærekraftige Noreg 2050»?
Bærekraft
Hovudbodskapen frå Brundtlandkommisjonen allereie i 1987, var at bærekraftig utvikling må sikrast gjennom tre perspektiv, miljø, økonomi og sosial utvikling. Behova til dagens menneske må dekkast utan at det svekkjer grunnlaget for framtidige generasjonar sine behov.
Utfordringane rundt bærekraft i verda i dag kan verke uoverkommelege. Særleg klimaendringane representerer ein overhengande trussel mot velferd, økonomisk vekst, sosial stabilitet og fred. Likevel, framfor klimaforhandlingane i Paris i år manglar Noreg framleis ein tydeleg visjon, med ein tilhøyrande handlingsplan. Er vi i ferd med å bomme på vår tids største utfordring? Kva betyr det i så tilfelle for karbonrisiko og potensielt tapte forretningsmoglegheiter under omstilling?
Nullutsleppssamfunnet
For å bli eit Noreg som klarar å balansere klima og miljø, økonomisk og sosial utvikling, vil den vanskelegaste men kanskje også mest spanande oppgåva være å skape nullutsleppsamfunnet. Sjølv med 35 år til disposisjon, har vi svært dårleg tid. For nokre sektorarar som lufttrafikk, tungtransport, skipstrafikk og tungindustri, er dette berre ein til to investeringssyklusar unna.
Den viktigaste ingrediensen for å få til det grøne skiftet vil likevel være vilje til leiarskap. Vi treng norske næringslivsleiarar og politikarar som tør å utforme visjonære mål og vise stødig handlekraft.


