7

Stillinger
7
Klimakalender
Helge Drange
Helge Drange
Klimaforsker tilknyttet Bjerknessenteret. Professor ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen.
Publisert 06.11.2012, 09:37
Sist oppdatert 15.09.2025, 12:08
Artikkelen er mer enn to år gammel
Kommentar

Statoils togradersretorikk

Klimaendringane er drivne av faktiske klimagassutslepp og naturlovene, ikkje retoriske grep eller omsynet til kortsiktig avkasting.
Publisert 06.11.2012, 09:37
Sist oppdatert 15.09.2025, 12:08
Artikkelen er mer enn to år gammel
Helge Drange
Helge Drange
Klimaforsker tilknyttet Bjerknessenteret. Professor ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen.
Kommentar

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.

Togradersoptimismen er lite utbreidd i dagens klima. Men det finst unntak. I 19. oktober-utgåva av Dag og Tid kunne vi lesa at klimadirektør i Statoil, Hege Marie Norheim, argumenterer for å oppretthalda leiting og utvinning av olje og gass – i alle fall fram til 2050 – og at dette skal vere i tråd med togradersmålet (pdf). Meir om det seinare.

Nyleg nådde CO2-målingane på Zeppelin-fjellet på Svalbard ein verdi på 400 milliondelar. Ein tilsynelatande liten, men like fullt skremmande høg verdi. Så mykje CO2 er det i lufta i dag at vi i alle fall må åtte hundre tusen år attende i tid, kanskje tre millionar år, for å finna tilsvarande situasjon. Auken har – i all hovudsak – si årsak i brenning av kol, olje og gass.

Hadde CO2-molekylane i seg sjølv vore helseskadelege eller hatt farge eller lukt, hadde det vore slutt på menneskeskapte CO2-utslepp for lengst. Men det er tilsynelatande ikkje frykt for ein fare som vanskeleg kan sansast. Rett nok kjenner vi til kva forskinga seier: at vi er i ukjent territorium, med uavklåra følgjer for menneske, samfunn og økosystem. Men gamal vane, makt og kortsiktig avkasting held seg til det kjende og handgripelege. Difor styrer vi med lukka auge og nyttar atmosfæren som eit tilnærma fritt, utømmeleg avfallsdeponi.

Hadde tryggleiksmarginane i Nordsjøen vore sett til 80 prosent, hadde få teke helikopteret til olje- og gassfelta i vest. Kva svarer ein slik låg tryggleiksmargin til i forvaltinga av vår felles planet og framtid? Skal temperaturen på jorda avgrensast til to grader oppvarming i 2100 samanlikna med førindustriell tid, og dersom vi tillet at det er 80 prosent sannsynleg at dette vil skje, seier faglitteraturen (pdf) at vi kan frigjera om lag 150 milliardar tonn karbon mellom i dag og 2050. Om dette høyrest mykje ut, så er det ikkje det. Tvert om. 150 milliardar tonn karbon svarar til 17 år med brenning av kol, olje og gass på dagens nivå. Etter det er det stopp.

Med så liten margin for å nå togradersmålet slår det internasjonale energibyrået IEA fast at dersom ikkje utsleppa går ned frå og med i dag, kan ny fossilbasert energiproduksjon ikkje starta etter 2017. Det same energibyrået har kome fram til at dei globale CO₂-utsleppa auka med rekordhøge 3 prosent i 2011. Dette, saman med mangel på internasjonale avtalar, gjer det ikkje særleg sannsynleg med omgåande reduksjonar av karbonutsleppa.

Alt dette er velkjend, eller burde vera det. Statoil må gjerne forsvara eige verksemd med at verda treng energi. Men å argumentera for at all Statoil-aktivitet er i tråd med togradersmålet er ei misforståing. Klimaendringane er drivne av faktiske klimagassutslepp og naturlovene, ikkje retoriske grep eller omsynet til kortsiktig avkasting.

Skal vi unngå omfattande, langvarige og ikkje-opprettelege klimaendringar, trengs det nye tankar og andre mål. Opninga av olje- og gasseventyret i 1971 er éin ting, framhald av same tankegodset 41 år seinare noko anna. Eller for å sitera første setning (pdf) i 2011-rapporten frå IEA, som Statoil gjerne nyttar som støtte for auka olje- og gassproduksjon: «If we don’t change direction soon, we'll end up where we're heading».

ANNONSE
Bluesky

Les også

En mann i dress peker med fingeren mens han snakker med en mann i tradisjonelle klær fra Midtøsten mot en blå bakgrunn.
8. januar 2026

Trump vil sikre USAs makt med fossil dominans

En mann i dress og rødt slips taler på et podium, mens bildet av ham vises på en stor skjerm bak ham.
6. januar 2026

Norsk olje bør ikke kalles Paris-vennlig

Om oss

Om oss
Våre partnere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
Norsk Redaktørforening – Redaktøransvar
Energi og Klima arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Energi og Klima har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Den som mener seg rammet av urettmessig medieomtale, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Ansvarlig redaktør er Ine Schwebs.
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre partnere