Senterpartiets klima- og energipolitikk mot 2017
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
I første del av serien analyserer vi her Senterpartiets førsteutkast til nytt stortingsvalprogram.
Hovudinntrykk
Senterpartiet ser på klimaendringane som ein av dei mest grunnleggjande utfordringane verda står overfor. Det er lett å kjenne at Senterpartiets grunnhaldningar i utkastet. Ingen andre parti koplar til dømes skog og klima så tett til kvarandre som det Senterpartiet gjer. Men programforslaget inneheld relativt få konkrete forslag og gjentek fleire tiltak som alt er vedtekne i klimaforliket. Petroleumspolitikken er tydelig krevjande å handtere. Programkomiteen tek ikkje stilling til om det skal vere absolutte avgrensingar mot petroleumsverksemd til dømes utanfor Lofoten og Vesterålen, eller ikkje. Målt mot programmet for gjeldande periode, er programutkastet meir petroleumsvennleg.
Når det er sagt, tenker Senterpartiet både nytt og godt om korleis norsk eigarskap kan brukast for å få fart på den fornybare energiomstillinga.
Innhaldet
Globalt
Senterpartiet vil arbeide for ein ny internasjonal klimaavtale som inkluderer alle land. Det overordna målet til Senterpartiet er å unngå temperaturauke på meir enn to gradar innan år 2100.
Europa
Gjennom ein balansert utvikling av energiproduksjonen og overføringskapasiteten til våre naboland, meiner Senterpartiet at Noreg kan spele ei viktig rolle som leverandør av fornybar energi til Europa.
Noreg
Uavhengig av om ein får til ein internasjonal avtale, meiner Senterpartiet at Noreg må «redusere nasjonale utslipp i alle sektorer».
Fornybar energi
Senterpartiet vil sikre ei storstilt satsing på fornybar energi, mellom anna gjennom å gi investeringstilskot til varme- og bioenergi. I tillegg foreslår dei å bruke det statlege eigarskapet for å sikre utvinning av fornybare energiressursar.
Energieffektivisering
Om ENØK skriv Senterpartiet at dei vil "sikre" energieffektive bygge ved å stille strenge krav. Klimaforliket forpliktar regjeringa til å legge fram mål for energieffektivisering i bygg i løpet av 2012.
TransportsektorenMed lovnad om auka løyvingar til samferdslesektoren vil Senterpartiet legge til rette for at veksten i persontransport i byane skjer ved hjelp av kollektivtransport, sykkel og gange. I tillegg skal det bli «lettare» for folk å velje kollektivtransport. Innan 2023 skal eit eige «opprustingsprogram» syte for at etterslepet på jernbane blir tatt igjen. Senterpartiet lover og å "fase inn" ny og miljøvenleg køyretøyteknologi.


