Høgres klima- og energipolitikk mot 2017

Redaksjonen i Energi og Klima går gjennom programutkasta til partia på Stortinget og vurderer om innhaldet har nok kraft og vilje til å omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn.

Her analyserer vi Høgres førsteutkast til nytt stortingsvalprogram (pdf).

Hovudinntrykk

Utkastet til nytt stortingsvalprogram for Høgre er viktig lesing for alle som lurer på kva klima- og energipolitikk ei ny regjering med Erna Solberg som statsminister vil føre.

Sjølv om Høgres programkomite kommuniserer klart og tydeleg at lågutsleppssamfunnet er målet partiet skal arbeide mot, er førsteutkastet til nytt program svært forsiktig med å love endringar som kan realisere dette målet. «Gode støtteordningar» går igjen fleire stadar, men kva er det? Her skal handlefridomen sikrast i regjering.

Det blei rabalder tidlegare i haust då formuleringa om heimfall vart tolka i retning av at partiet ville privatisere vasskraftressursane. I etterkant har det blitt kommunisert at dette ikkje var intensjonen. Høgre vil at industrien skal kunne vidareføre eigarskapet i kraftverka som i dag, men at staten skal ha forkjøpsrett når vasskraftverk kjem for sal.

Det er positivt at Høgre problematiserer norsk olje- og gassverksemd, men vi skulle gjerne sett at partiet gjekk lenger i å skildre Noreg som energinasjon ti, tjue og tretti år fram i tid. I kraft av sin storleik og posisjon i norsk politikk har Høgre både ansvar for og moglegheit til å stake ut den langsiktige kursen for landets energipolitikk – ein kurs det kan bli nasjonal konsensus rundt.

Vi skulle gjerne og sett ein klarare idemessig foranking av Høgres klima- energipolitikk.

Innhaldet

Globalt
Ifølgje Høgres programkomite er klimaendringane «trolig verdenssamfunnets største utfordring de neste tiårene». Difor ønskjer dei at Noreg skal bidra til internasjonalt forpliktande utsleppsavtaler, og investere i forsking og utvikling av ny teknologi. Partiet støttar tiltak mot global avskoging.

Europa
Om den europeiske dimensjon skriv Høgre at dei vil vidareutvikle EUs klimakvotesystem, arbeide for eit ambisiøst mål for europeiske utsleppsreduksjonar og styrke overføringskapasiteten for elektrisk kraft mellom Norge og Europa.

Noreg
Høgres mål er å realisere eit lågutsleppssamfunn, men programmet seier ingenting om kor store kutt som skal tas i Noreg.

Fornybar energi
For å utnytte Noregs moglegheiter innan fornybar energi, vil Høgres programkomite auke forskingsinnsatsen og sikre «gode» støtteordningar for utvikling og utbygging av fornybar energi. Om dagens støtteordningar er gode eller dårlege, gir ikkje programutkastet svar på.

Programkomiteen foreslår å auke vasskraftproduksjonen ved å opne opp for skånsame utbyggingar i nye vassdrag, samt å utarbeide ein eigen strategi for biodrivstoff og bioenergi. I tillegg repeterer Høgre lovnaden frå vårens klimaforlik om å auke løyvingane til forskingssentra for miljøvenleg energi (FME), og å opprette eit nytt forskingssenter for geotermisk energi.

Energieffektivisering
Når det kjem til energieffektivisering skriv programkomiteen at alle nye offentlige bygg skal vere lågenergihus. Utan nærmare forklaring er det vanskeleg å sjå at dette er «strengare» enn det regjeringa varsla i klimameldinga. Høgre vil og at Husbanken og Enova skal ha «gode støtteordningar» for ENØK-tiltak i bedrifter og hushaldningar.

Transportsektoren
Utan å talfeste lovnadene, skriv Høgre at dei vil ha meir av alt i transportsektoren. Mellom anna skal staten ta meir ansvar for kollektivtransporten i dei store byane, auke belønningsordninga for kollektivtransport og opprette ei ny belønningsordning for gang- og sykkeltiltak. På jernbaneområdet vil Høgre prioritere «rask fremdrift av utbygging av InterCity-forbindelsene i det sentrale østlandsområdet».

Høgre vil vidareføre dagens avgiftsfordelar ved kjøp og bruk av nullutsleppsbilar ut neste periode, og stille krav om innfasing av nullutsleppskjøretøy i det offentlege.

Konvertering
Om konvertering frå fossil til fornybar forplikter ikkje programkomiteen partiet til anna enn å «stimulere» til landstrømsordningar for skip i hamn, og elektrifisere olje- og gassfelt «der det er klimamessig og økonomisk forsvarlig».

Olje og gass
Høgre slår fast at produksjonen på norsk sokkel har relativt låge utslepp, og at norsk gass vil vere ein viktig del av Europas energiforsyning i mange tiår. Partiet vil ha petroleumsverksemd i nye område, men er ikkje meir stadsspesifikk enn «lovende områder utenfor Nord-Norge».

Høgre vil og styrke Petoro, Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet.

Karbonfangst
Høgre vil styrke forskinga på karbonfangst og -lagring, men seier ingenting om partiet vil gå inn for fullskala reinsing av Mongstad.

Statleg eigarskap
I programutkastet heiter det at Høgre vil redusere det statlege eigarskapet, men det står ingenting om kvar partiet ønskjer at staten skal selje seg ned eller ut.

Statens pensjonsfond utland
Høgre seier ingenting om investeringsprofilen til oljefondet.

Forslag som partiet bør sjå vidare på:

Energi og Klima vil oppmode Høgre om å sjå på følgjande tre forslag i det vidare programarbeidet:

1. Grøn konservatisme
Høgre bør vurdere å styrke det idemessige fundamentet for sin klima- og energipolitikk. Partiet kan med fordel hente inspirasjon frå dei grøne kretsane hos det britiske konservative partiet. Her ligg det og impulsar til å utvikle betre rammer for ein langsiktig politikk – til dømes gjennom ein klimalov.

2. Fornybar verdiskaping
Noreg står overfor strategiske veival av stor rekkevidde på energi- og klimafeltet. Høgre bør leite meir aktivt etter idear og tiltak som systematisk styrker den ikkje-fossile delen av Noregs energisektor og dermed den delen av norsk næringsliv som ikkje er avhengig av olje og gass. Kanskje Høgre bør ta eigarskap til ideen om å sette i gang eit stort utgreiingsarbeid gjennom ein kommisjon som i full breidde analyserer korleis Noreg er posisjonert i forhold til togradarsmålet?

3. Oljefondets investeringsgrunnlag
Oljefondet gjer Noreg til ein aktør med betydeleg innverknad i dei globale finansmarknadene. Å mobilisere institusjonelle investorar er ein avgjerande føresetnad for å sikre tilstrekkelege investeringar i fornybar energi og annan klimariktig infrastruktur. I dag kan ikkje Oljefondet ta direkte eigarskap i til dømes fornybar energiproduksjon som vind- og vasskraft. Her bør Høgre ta initiativ til ei endring av Oljefondets investeringsmandat, slik Noregs Bank gjorde framlegg om for få år sidan.