Høgres klima- og energipolitikk mot 2017
Her analyserer vi Høgres førsteutkast til nytt stortingsvalprogram (pdf).
Hovudinntrykk
Utkastet til nytt stortingsvalprogram for Høgre er viktig lesing for alle som lurer på kva klima- og energipolitikk ei ny regjering med Erna Solberg som statsminister vil føre.
Sjølv om Høgres programkomite kommuniserer klart og tydeleg at lågutsleppssamfunnet er målet partiet skal arbeide mot, er førsteutkastet til nytt program svært forsiktig med å love endringar som kan realisere dette målet. «Gode støtteordningar» går igjen fleire stadar, men kva er det? Her skal handlefridomen sikrast i regjering.
Det blei rabalder tidlegare i haust då formuleringa om heimfall vart tolka i retning av at partiet ville privatisere vasskraftressursane. I etterkant har det blitt kommunisert at dette ikkje var intensjonen. Høgre vil at industrien skal kunne vidareføre eigarskapet i kraftverka som i dag, men at staten skal ha forkjøpsrett når vasskraftverk kjem for sal.
Det er positivt at Høgre problematiserer norsk olje- og gassverksemd, men vi skulle gjerne sett at partiet gjekk lenger i å skildre Noreg som energinasjon ti, tjue og tretti år fram i tid. I kraft av sin storleik og posisjon i norsk politikk har Høgre både ansvar for og moglegheit til å stake ut den langsiktige kursen for landets energipolitikk – ein kurs det kan bli nasjonal konsensus rundt.
Vi skulle gjerne og sett ein klarare idemessig foranking av Høgres klima- energipolitikk.
Innhaldet
Globalt
Ifølgje Høgres programkomite er klimaendringane «trolig verdenssamfunnets største utfordring de neste tiårene». Difor ønskjer dei at Noreg skal bidra til internasjonalt forpliktande utsleppsavtaler, og investere i forsking og utvikling av ny teknologi. Partiet støttar tiltak mot global avskoging.
Europa
Om den europeiske dimensjon skriv Høgre at dei vil vidareutvikle EUs klimakvotesystem, arbeide for eit ambisiøst mål for europeiske utsleppsreduksjonar og styrke overføringskapasiteten for elektrisk kraft mellom Norge og Europa.
Noreg
Høgres mål er å realisere eit lågutsleppssamfunn, men programmet seier ingenting om kor store kutt som skal tas i Noreg.
Fornybar energiFor å utnytte Noregs moglegheiter innan fornybar energi, vil Høgres programkomite auke forskingsinnsatsen og sikre «gode» støtteordningar for utvikling og utbygging av fornybar energi. Om dagens støtteordningar er gode eller dårlege, gir ikkje programutkastet svar på.
