Det blir skrint i jordas brødkorg
Reduserte avlingar, aukande prisar på mat, matmangel og underernæring er allereie ein realitet for mange, og utan ein nærast revolusjon i vår evne til å produsere mat til eit stadig veksande folketal, går mange ei svært usikker tid i møte.
20 år gamle avtalar
Mange hugsar sikkert den store FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro i Brasil i 1992 som mellom anna resulterte i klimakonvensjonen og konvensjonen om biologisk mangfald, to avtalar som har stått heilt sentralt i internasjonalt miljø og klimasamarbeid.
For å markere at det er 20 år sidan dette gjennombrotet i internasjonalt samarbeid, vil det 20.-22. juni i år vera ein ny stor FN-konferanse om bærekraftig utvikling, Rio+20. Eit sentralt tema for konferansen er mattryggleik.
Under FN sitt mat-toppmøte i Roma i 1996 kom delegatane fram til følgjande definisjon:
"Mattryggleik eksisterer når alle menneska til ei kvar tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat for eit fullgodt kosthald som møter deira ernæringsmessige behov og preferansar, og som dannar grunnlag for eit aktivt liv med god helse".
For oss er dette opplagt og ingenting som vi tenker på i det daglege, men for nær ein milliard underernærte menneske på jorda handlar det om ein dagleg kamp på liv og død. Og denne kampen kan syne seg å bli stadig vanskelegare etter kvart som klimaendringane fører til at det vert stadig mindre mat, og den som er å få kjøpt vert stadig dyrare.
Tørke, flaum og ras
På berre få generasjonar tømmer vi menneska lagre av olje, gass og kol som det har tatt naturen mange millionar år å produsere. Kvart år vert nye 30 milliard tonn med karbondioksid sleppt ut i atmosfæren, og lufta inneheld allereie så mykje drivhusgassar at vi truleg må tre millionar år tilbake i tid for å finne maken.
Lufta, landjorda og havet vert varmare, sjøis og isbrear forsvinn, permafrosten smeltar og havet stig og vert stadig surare. Varmare luft held på meir vatn, og vi kan vente meir fordamping i allereie tørre område, meir nedbør i våte område, og kanskje også at stormar og tropiske orkanar vil kunne bli endå sterkare enn før. Resultatet vert uttørking og sandflukt i nokre område, flom og ras i andre.
Det blir for varmt
Professor David S. Battisti og Rosamond Naylor frå Stanford-universitetet i California har i lengre tid studert kva effekt dei globale endringane i klima vil ha på verdas matvareproduksjon. Resultata er nedslåande. i 2009 samanliknar dei venta sommartemperaturar mot slutten av dette hundreåret (når dagens nyfødde er blitt 80 år), med dei temperaturane som har blitt målt fram til i dag. Dei finn at for tropane og subtropane, vil nesten alle somrar, også dei relativt kjølige, bli varmare enn den absolutt varmaste sommaren som nokosinne har blitt målt fram til no. Dette er i vekstsesongen, når jordas brødkorg skal fyllast. Og for mange område kjem ekstremvarmen samstundes med at det vert mindre regn.
