Europeiske haldningar til klimaendringar og energiproduksjon

8.mars blei funna frå ei stor europeisk undersøking om klimaendringar og haldningar til energispørsmål i fire europeise land lansert. Sjå opptak frå lanseringa.

Funna er publisert i rapporten “European Perceptions of Climate Change” og gir innblikk i korleis innbyggjarane forstår klimaendringar og energispørsmål, og korleis dei vurderer ulike tiltak i Tyskland, Frankrike, Norge og Storbritannia. Studien er unik både i vitskapleg stringens og i breidda av emne han tek opp. Grupper av forskarar frå kvart land, saman med eit internasjonalt rådgivande panel, har utforma den fleirnasjonale spørjeundersøkinga.

Rapporten viser direkte samanliknbare spørsmål og data frå representative utval på om lag 1 000 borgarar, spurd på deira eige språk i kvart av desse europeiske landa i juni 2016. Landa i studien utgjer fire av dei viktigaste energiprodusentane i Europa. Dei er viktige ikkje berre på bakgrunn av store og varierte energisystem, men også fordi avgjerder om infrastruktur og klimapolitikk i desse landa vil legge føringar for om Nord-Europa vil klare å legge om energisystemet sitt.

Skilnader i energiproduksjon, kor utsett ein er for klimaendringar og variasjon i sosio-økonomisk kontekst kan også hjelpe til med å forklare variasjon i opinionen og folk si forståing av klimaendringar. Prosjektet har derfor inkludert ein omfangsrik sosio-politisk analyse som dannar grunnlag for utforminga og tolkinga av spørjeundersøkinga.

Opptaket er frå den internasjonale lanseringa  8.mars i Cardiff. Frå Noreg har professor Gisela Böhm (Universitetet i Bergen) og seniorforskar Endre Tvinnereim (Uni Research) delteke i prosjektet.