Vestlandets risikosport

Vestlandet er perfekt posisjonert for ei framtid basert på olje og gass. Det er risikabelt. Ikkje berre for klimaet, men og for landsdelens økonomiske interesser.

Europa står midt oppi eit grønt energiskifte med store kostnadsreduksjonar for fornybar energi som den viktigaste drivaren. I 2012 utgjorde fornybar energikjelder nesten 70 prosent av all ny produksjonskapasitet i EU. I Tyskland – det europeiske energiskiftets lokomotiv – var 10 prosent av elektrisitetsforbruket i 2005 dekka av fornybar energi. Ved utgangen av 2012 var talet 23 prosent (sjå grafikk frå det tyske energidepartementet, pdf). Merkels mål er minst 35 prosent fornybar innan 2020 og minst 80 prosent innan 2050.

Raketten i omstillinga er solenergi. Med ei halvering av kostnadene dei siste fem åra har solenergi gått frå å være seminartema til å bli hyllevare i mange land. I Tyskland var det ved utgangen av fjordåret installert solcellepanel på over 1 million hustak. Dei produserte like mykje elektrisitet som det innbyggarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane forbruker på eit år. Utviklinga er ustoppeleg, for med høge elprisar er solcellepanel ei lønsam investering for tyske hushald og verksemder. Ein fersk rapport frå UBS slår fast at så mykje som 18 prosent av elforbruket i Tyskland, Italia og Spania kan dekkast av sjølvprodusert solenergi. Og det utan subsidiar.

Solsatsing i Tyskland. Her Juwis anlegg i Brandis ved Leipzig. (foto: Juwi)
Solsatsing i Tyskland. Her Juwis anlegg i Brandis ved Leipzig. (foto: Juwi)

Energiomstillingas tapar er dei fossile energiinteressene. Berre den siste månaden har vi kunne lese at selskap som GDF Suez og E.On har måtte skrive ned verdiar på gasskraftverk i Europa med fleire milliardar euro. Også Statoil ser den «fornybare fare» nærme seg. 3. mars rykka selskapets gassjef Rune Bjørnson ut i Financial Times og etterlyste større begeistring for gass blant europeiske politikarar.

Det grøne skiftet i Europa er resultat av ein ønska politikk. Så lenge målet er eit lågutsleppssamfunn, er det er ingen grunn til å tru på fossil begeistring når fornybare energiløysingar no omsider er i stand til å konkurrere på pris og effekt.

I lys av denne utviklinga kan ein undre seg over dei strategiske prioriteringane her heime. I Hordaland – landets største eksportfylke – ser energiomstillinga i Europa iallfall ikkje ut til å påverke framtidstenkinga. I eit innlegg i Bergens Tidende 12. mars viste fylkesordfører Tom-Christer Nilsen (H) og næringsbyråd i Bergen Gunnar Bakke (FrP) at deira viktigaste kampsak på energifeltet er å få lokalisert det nye forskingssenteret for auka petroleumsutvinning til Bergen. Kva om dei heller gått på barrikadane for noko meir framtidsretta:

  • Dei kunne etterlyst ei oppfølging av fjordårets vedtak i Stortinget om å opprette eit FME-senter for geotermisk energi, og gjort krav om at senteret vert lokalisert til Universitetet i Bergen.
  • Dei kunne argumentert for at eitt av dei seks nye såkornfonda som regjeringa skal opprette vert retta mot fornybar energi og klimateknologi, og kjempa for at fondet vert lokalisert til Bergen (regjeringa har alt lova geografisk spreiing av fonda).
  • Dei kunne lagt kraft bak kravet om å etablere eit fullskala testanlegg for offshore vind på Vestlandet.

Noreg kjem til å eksportere olje og gass i mange år til, men framtida tilhøyrar fornybare energiløysingar og smarte teknologiar. Spørsmålet er om vi ønsker å utvikle og levere løysingar til desse veksande marknadene, eller om vi skal halde fram med å satse alle ressursar på ein fossilindustri som har dei beste åra bak seg. Det siste er ein risikosport med svært låge vinnarsjansar.