To vanskelege globale grader

Utsleppsmengda må ned før 2020 om ein skal nå togradersmålet. Det viser ferske klimasimuleringar frå Bjerknessenteret.

Onsdag og torsdag denne veka presenterte Eystein Jansen og Tore Furevik frå Bjerknessenteret dei nye klimasimuleringane under klimatoppmøtet i Durban (last ned presentasjon som pdf).

Resultata frå desse køyringane viser at ein må redusere dei globale utsleppa allereie før 2020, dersom ein skal kunne nå det politiske målet om ei maksimal auke i den globale temperaturen på to grader. I figuren under er dette utsleppscenariet referert som RCP2.6.

RCP står for Representative Concentration Pathways. Klimamodellen er ikkje blant dei mest følsomme, det vil seie at modellen gir moderate utslag. Figur fra NorESM-gruppa ved Bjerknessenteret og Meteorologisk institutt, utvikla i EarthClim-prosjektet.

Figuren viser at ein må ha ei rask nedgang i dei globale utsleppa av CO₂ dersom ein skal nå målet om maksimal to grader temperaturauke i dette århundret. I 2010 var allereie dei globale CO₂-utsleppa høgare enn det maksimale utsleppsnivået i RCP2.6-scenariet.

Scenariet med 2,6 grader global temperaturauke er det mest optimistiske scenariet. Allereie i 2010 var altså dei globale utsleppa over knekkpunktet som er skissert i denne klimamodellen.

Ei anna side ved dei globale to gradene, er at dei nettopp er globale grader, altså snittet av temperaturauken over heile kloden. Temperaturen aukar ikkje jamnt med to grader, men nokre stader meir, andre stader mindre. I scenariet med 2,6 grader global temperaturauke, betyr dette seks grader auke i Arktis.

Klimasimuleringane er eit resultat av køyringar med den nye klimamodellen NorESM. Den er utvikla i det nasjonale prosjektet EarthClim, med Bjerknessenteret og Meteorologisk institutt som dei viktigaste bidragsytarane. Modellen er global og modellerer vind, temperatur, nedbør og skydekke i atmosfæren, pluss straum, temperatur og saltinnhald i havet, vegetasjon på land, fukt og temperatur i jordsmonnet, i tillegg til kor utstrakt og tjukk snø og is er på land og i havet.

Denne modellen er ein av rundt 30 klimamodellar over heile verda som leverer sine resultat til den store gruppa vitskapsfolk i FNs klimapanel som jobbar med den neste hovudrapporten i FN. Tidleg i haust vart resultat frå klimasimuleringane i NorESM levert IPCC, men alle data frå køyringane er enno ikkje analysert.

Sidan den fjerde rapporten frå FNs klimapanel kom i 2007, har verknadane av partiklar i atmosfæren vore mykje diskutert. Partiklar eller aerosolar, er god gammaldags luftforurensing. Det er svovel, sot og støv som vert sleppt ut frå kolkraftverk, fabrikkar eller skip, for å nemne nokre døme.

I dei nye klimasimuleringane viser det seg at desse har hatt ei kraftig kjølande verknad på den globale temperaturauken på jorda. Oppe i atmosfæren viser det seg at partiklane i stor grad dempar effekten av oppvarminga på jorda frå klimagassutslepp. Slik kan ein seie at det å reinse partikkelutslepp frå til dømes kolkraftverk er eit dårleg klimatiltak, sjølv om det er bra for luftkvaliteten for folk lokalt.

I figuren under ser du eit resultat av køyringane. Den kjølande verknaden av utslepp av aerosolar i atmosfæren er markert med rosa farge. Ifølge denne kurva skulle temperaturen på jorda ha sunke med ein halv grad frå 1850 til i dag hadde vi berre hatt partikkelutslepp.

Figur fra NorESM-gruppa ved Bjerknessenteret og Meteorologisk institutt, utvikla i EarthClim-prosjektet.

Men den observerte temperaturen på jorda har ikkje sunke, den har auka med 0,8 grader. I figuren er den observerte temperaturutviklinga vist i svart farge (observert temperatur frå Climatic Research Unit, East Anglia University, England).

Dei raude linjene er tre klimasimuleringar med modellen NorESM. Samsvaret mellom den observerte temperaturutviklinga og dei tre klimasimuleringane gjev eit bilete på at klimamodellen kan gjenskapa noko av dei viktigaste trekka ved reell klimautvikling, i alle høve på stor geografisk skala. Skilnadane mellom dei raude kurvene er eit bilete på tilfeldig førekomande, og med det naturlege variasjonar, i klimaet.

Figuren syner vidare at temperaturauken i modellen skuldast utslepp av klimagassar, vist med blå kurve. Det er desse klimagassutsleppa som gjer at temperaturen på jorda har auka, med ein særleg sterk auke sidan 1950. Klimaeffekten frå vulkanar og variasjoner i solinnstrålinga er vist med grøn farge. Sett over lang tid er det liten verknad på den globale temperaturen frå desse bidraga.

Blant dei som høyrte denne presentasjonen av klimasimuleringane var miljøminister Erik Solheim.

 — Dette må vi ta med oss videre i forhandlingene, sa Solheim til forsamlinga før han sprang vidare til forhandlingane under COP17 i Durban.