Tallmagi frå regjeringa

Når samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa seier at ho skal kutte 2,5-4 millioner tonn CO₂ i transportsektoren, så betyr det at utsleppa vil auke minst 1,2 millionar tonn fram mot 2020.

Det er ikkje måte på kor mykje klimakutt denne regjeringa får til. Difor er det rart at klimagassutsleppa aukar. Dette paradokset vart sist illustrert av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i Dagsavisen fredag 6. februar.

Då regjeringa gjekk saman med opposisjonen for fire år sidan og lagde klimaforliket, mangla det tilsynelatatande ikkje på ambisjonane. Norske klimagassutslepp skulle kuttast med 15 til 17 millionar tonn CO₂. Å kutte så mykje  høyres nok imponerande ut for den jamne veljar – i alle fall om ein opplyser at totale norske utslepp ligg på omlag 53 millionar tonn. Så er det også meininga at det skal høyrast imponerande ut.

Vi som jobbar med klimapolitikken til dagleg som veit at fullt så ambisiøst er målet likevel ikkje. For kutta skal ikkje gjerast ut frå dagens nivå på 53 millionar tonn, men frå eit tenkt nivå i framtida på nesten 59 millionar tonn. Det er som om eg skulle slanke meg 10 kilo samanlikna med at eg trur at eg i framtida kjem til å vege 80 kilo (ein god del meir enn det eg gjer i dag).  I realiteten ville da slankemålet mitt bety at eg kunne unne meg eit par ekstra trivselskilo dei kommande åra.

På fredag presenterte samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ein gladnyheit for klimaet i Dagsavisen. Transportutsleppa er i rute til å nå måla sine om kutt i CO₂-utsleppa på 2,5 til 4 millionar tonn innan 2020! Ein stakkars klimainteressert lesar må vel tenkje at dette høyres bra ut. Og sidan få kritiske spørsmål vert stilt, så kjem det jo ikkje fram at klimagassutsleppa i transportsektoren kjem til å auke fram mot 2020. Men korleis kan utsleppa auke når Meltveit Kleppa kuttar utslepp?

I klimameldinga frå 2007 skriv ein at utsleppa frå transportsektoren var 12,8 millionar tonn CO₂. Men ein trudde altså at utsleppa ville auke til 18 millionar tonn innan 2020. Og det er fra dette nivået i framtida Kleppa og Klimameldinga ville kutte 2,5-4 millioner tonn. I beste fall vil då utsleppa i 2020 vere 14 millionar tonn. Men det er jo ikkje ein nedgang. Det er ein oppgang fra 12,8 tonn i 2008, til 14 millioner i 2020.

I realiteten er altså Kleppas kutt på 2,5-4 millioner tonn ei auke på minst 1,2 millionar tonn.

Tallmagi, er det fristande å kalle slikt. Dette er likevel standard reknemetode i den norske klimapolitikken. Misforstå meg rett: Det er eit steg i rett retning å stoppe veksten i klimagassutslepp i transportsektoren og andre sektorar. Men det er vel ikkje heilt redeleg å omtale det som kutt?

Totalt sett har klimaforliket tenkt av vi skal redusere – til og med frå dagens nivå. Vi skal ned til om lag 45 millionar tonn, frå dagens 53 millionar. Korleis skal vi få til det? Den planen skal kome i den varsla Klimameldinga i juni. Kva virkemiddel skal vi bruke for å kutte utslepp på ein god måte?

Istadenfor fryktar eg at vi får meir tallmagi. Viss ein er kreativ og frekk så er det nemleg knapt noko grense for kor mykje vekst ein har i klimagassutsleppa, og likevel kan kalle det eit kutt. Men ein løyser neppe klimakrisa på denne måten.