Statoil brukar framleis lommerusk på fornybar energi

Statoil haustar applaus for å kjøpe seg inn i solprosjektet Apodi i Brasil. Men framleis utgjer fornybarsatsinga ein forsvinnande liten del av selskapets samla investeringar.

Statoils hovedkontor på Forus (foto: Harald Pettersen, Statoil)

Med ein eigardel på 40 prosent skal Statoil stå for bygging, drift og vedlikehald av Apodi-prosjektet i Brasil saman med Scatec Solar. Dette er Statoils første solprosjekt. Bygginga skal ta til i oktober og etter planen skal solparken – som vil få ein kapasitet på 162 MW – begynne å levere strøm mot slutten av 2018.

For å få tilgang til Apodi-prosjektet må Statoil betale 25 millionar USD. Økonomien i prosjektet er garantert av brasilianske myndigheiter. Med løfte om 104 USD/MWh i 20 år skulle ein tru at solenergi i Brasil er mindre økonomisk risikabelt enn olje og gass i Barentshavet.

Til nå har Statoils fornybarsatsing vore avgrensa til havvind – ein industri med mange likskapstrekk med olje og gass. Solenergi er noko heilt anna – og langt frå det Statoil elles driv med offshore. Dei kunne aldri gått inn i eit solenergiprosjekt utan tilførsel av ny kompetanse utanfrå. Alternativet til å gå inn som partnar i eit spadeklart prosjekt med ein erfaren aktør som Scatec Solar ville vore å kjøpe dei opp, slik Total gjorde med SunPower.

Mens olje og gass har dei beste åra bak seg, og havvind uansett berre er aktuelt for land med kystlinje, er det venta at solenergi vil vekse og bli den største og viktigaste energikjelda globalt. At Statoil no signaliserer at dei ønsker ein bit av denne kaka er svært positivt. Spørsmålet er kva som blir oppfølginga.

Statoils investeringar i det dei kallar Nye energiløysingar ligg nå på om lag 4 milliardar kroner årleg, twitra bærekraftsdirektør Bjørn Otto Sverdrup då nyheita om Apodi-oppkjøpet vart kjent. Det er mykje pengar – særleg i norsk målestokk.

Men 4 milliardar kroner er ikkje like mykje når ein vurderer det opp mot Statoils årlege investeringsbudsjett på rundt 90 milliardar kroner (ca. 11 milliardar USD).  Sagt på ein annan måte: For kvar hundrelapp Statoil investerar, går knappe fire kroner til fornybar energi.

4 milliardar er også snittet selskapet har lagt på dei siste fem åra. Stavanger Aftenblad har rekna ut at Statoil frå 2012-2016 investerte til saman 20 milliardar kronar i fornybar energi/nye energiløysingar. Dei totale investeringane same periode utgjorde 550 milliardar kroner. Ikkje ein gong Statoils hærskare av dyktige kommunikasjonsfolk kan endre på det faktum at Statoil framleis brukar lommerusk på fornybar samanlikna med olje og gass.

For kvar hundrelapp Statoil investerar, går knappe fire kroner til fornybar energi

Denne veka vart det kjent at Danish oil and gas industry – og kjent som DONG Energy – byttar namn til Ørsted som følge av selskapets strategiske skifte frå fossil til fornybar energi. Med den omstillingsfarten Statoil held i dag er det lenge til dei kan gjere det same. Sjølv om selskapet skulle halde lovnaden om å firedoble nivået på fornybarinvesteringar fram mot 2030, vil selskapet framleis kanalisere 80-85 prosent av investeringsbudsjettet i fossil retning. Det er ingenting å skryte av.

Bli abonnent!

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima