Skit i sola, leve norsk gass

Regjeringa demonstrerer norsk nasetippolitikk på sitt verste – ber EU droppe konkrete mål for fornybarutbygging og energieffektivisering etter 2020.

Europaminister Vidar Helgesen (H) har varsla at han er klar for å melde inn Noregs posisjon til EUs rammeverk for klima og energi fram mot 2030. Mens EU i dag har mål for både utsleppskutt, fornybar energiproduksjon og energieffektivisering, vil den norske regjeringa at EU etter 2020 berre skal ha eitt klart mål – storleiken på klimagassutslepp.

Det er fleire grunnar til at EU ikkje bør lytte til den norske regjeringas anbefaling:

1. EU2020 – ein suksess å bygge vidare på

I det store og det heile har EUs tredelte 2020-pakke, som blei vedteken i 2007, vore ein suksess. Førebels løypemelding viser at EU samla sett er på god veg til å nå to av dei tre 2020-måla:

  • Utsleppa av klimagassar har i perioden 1990-2012 gått ned med 18 prosent – berre to prosentpoeng unna målet for 2020. I same periode har økonomien vekse med 45 prosent.
  • Fornybar energi stod for 13 prosent av energiforbruket i 2011 – og ein er med det i rute for å klare 20 prosent-målet innan 2020.
  • Målet om redusert energiforbruk på 20 prosent vil derimot ikkje bli nådd. Forutan Frankrike, Tyskland, Danmark og Bulgaria er innsatsen på dette feltet for dårleg. Ein må likevel merke seg at målet om energieffektivitet er det einaste av dei tre måla som ikkje er forpliktande for medlemslanda å følgje opp.

2. Langsiktigheit for investorar og næringsliv

Å gå vekk frå mål om fornybar energi og energieffektivitet etter 2020 vil vanskeleg kunne oppfattast som anna enn eit signal om at det politiske engasjementet for energiomstilling er svekka. Dette kan resultere i «feile» investeringar som gjer det vanskelegare og dyrare å realisere målet om eit utsleppsfritt energisystem i Europa.

Om EU ønskjer å sende eit klart signal til investorar og næringsliv om politikkens klimaambisjonar på kort og lang sikt, er det avgjerande at det fattast bindande mål for både CO₂-reduksjon, fornybar energi og energieffektivitet.

3. Alle banar mot 2050 krev meir fornybar energi

EUs mål for 2050 er at unionen skal redusere klimagassutsleppa med 80-95 prosent samanlikna med 1990. Frå å stå for nesten ein fjerdedel av EUs utslepp i dag, skal kraftsektoren nokre tiår fram i tid vere heilt utsleppsfri. Det endelege svaret på EUs store energiutfordring er difor ikkje å erstatte kol med gass, slik den norske regjeringa no argumenterer, men å erstatte fossilt med fornybart. Uansett kva utviklingsbane (pdf) vi vel fram mot 2050, må vi produsere mykje meir fornybar energi. Å kutte forpliktande fornybarmål etter 2020 gir difor inga meining.

4. Om ETS skal flankerast av andre tiltak, trengs fleire mål

“Alle” er einige om at ETS skal stå sentralt i europeisk klimapolitikk, men at det trengs reformar – både på kort og lenger sikt – før kvotemarknaden kan bli det effektive klimaverktøyet det var tiltenkt. Men at ETS er viktig betyr ikkje at det bør vere det einaste verktøyet. Ein stor del av framtidas fornybarproduksjon og energisparingstiltak skal kome frå teknologiar som i dag er umodne. Difor trengs det støtteordningar og andre politiske tiltak som kan resultere i auka produksjonsvolum, modning av marknader og kostnadsreduksjon. Og til grunn for desse alternative tiltaka: klare politiske mål! Det er dette som til no har vore suksessformelen for sol og vind.

5. Aksepter at kraftsektoren er i endring

Utrulling av fornybar energi og billeg kol trugar gassinteressene i Europa. Statkraft veit alt om dette – dei har tapt milliardar på tyske gasskraftverk dei siste åra. Samtidig blir kraftgigantar som til no har levd godt av sentralistiske forretningsmodellar utfordra av desentralisert solenergi. Ifølge ein rapport frå UBS er det venta at i Tyskland vil hushalda få 29 prosent av straumbehovet sitt dekka av eigne solceller innan 2020, medan tyske bedrifter vil produsere opp mot 18 prosent av straumen sin sjølv. I Italia og Spania er det venta at bedrifters straumproduksjon vil svare til meir enn 25 prosent av eige forbruk.

Ikkje overraskande åtvarar bransjeorganisasjonar som Eurogas og Eurelectric EU-kommisjonen mot å sette opp nye fornybarmål fram mot 2030. For medlemmene i desse to organisasjonane representerer ny fornybar energi enorme inntektstap. Meir overraskande er det at Noreg angrip fornybarambisjonane til EU. Det er legitimt å forsvare nasjonale gass- og vasskraftinteresser, men når perspektivet er 2030 og lenger fram må ein kunne forvente at blikket løftes over eigen nasetipp. Det kan og vere i Noregs eigen interesse.