Regjeringas havstrategi legg til grunn at Paris-avtalen ikkje lykkast

Regjeringas havstrategi legg til grunn at vi ikkje når togradarsmålet. Noreg er framleis i fornektingsfasen når det kjem til framtida for norsk olje og gass.

Tysdag presenterte regjeringa sin havstrategi med parallelle pressekonferansar i Stavanger, Bergen og Tromsø. Strategien skal vere den første som ser alle havnæringane i samanheng, men han serverer lite nytt. På politikksida finn ein stort sett innhaldslause utsegn av typen “Regjeringen vil videreføre og styrke….”.

Til dømes foreslår regjeringa ingen initiativ som kan gi fleire norske arbeidsplassar i den havnæringa OECD trur vil oppleve størst vekst fram mot 2030 – havvind. Her burde regjeringa klart å levere noko. Kva med å kopla utvikling av ein norsk havvindindustri med elektrifisering av sokkelen, eller invitere naboland til eit stort havvindsamarbeid i Nordsjøbassenget? Kunne ein brukt det statlege eigarskapet meir strategisk, slik at fleire norske leverandørbedrifter fekk tilgang til den globale havvindmarknaden? Og kvifor følgjer ikkje regjeringa opp Stortingets vedtak frå i fjor vår om å etablere ein norsk demonstrasjonspark for flytande havvind?

Ein kunne også forventa fleire grep for å få fart på utviklinga innan grøn skipsfart – som er eit prioritert område i regjeringas klimapolitikk. Men heller ikkje her kjem det nye forslag eller initiativ.

Det er likevel på det meir overordna planet at havstrategien fortener mest kritikk.

Strategiens mål er vekst i alle dei største havnæringane – petroleum, maritim og sjømat. Fleire skal få jobb, inntektene skal bli større. Det er ein optimistisk bodskap, som passar godt i eit valkampår, men er det realistisk? Svaret kjem an på korleis petroleumsnæringa utviklar seg.

For siviliserte statar og selskap er det uansvarleg ikkje å legge til grunn at klimapolitikken vil bli strammare over tid

Grafane nedanfor er henta frå havstrategien og avslører kor sårbare vi er. I 2014 stod petroleumsnæringa for 88 prosent av havnæringanes samla verdiskaping og 76 prosent av sysselsettinga. Små justeringar i olje- og gassmarknaden, opp eller ned, vil gi direkte utslag i havnæringas samla resultat. Fordi petroleumsnæringa er så dominant vil det vere nesten umogleg for andre næringar åleine å kompensere for ein nedtur her. Om talet på tilsette i petroleumsnæringa skulle bli halvert, måte sjømatnæringa ha skaffa arbeid til tre gongar så mange som i dag for å kompensere for dei tapte oljearbeidsplassane. Dette er ein realitet vi som nasjon ikkje kan teie ihel.

Fossil dominans: Petroleumsnæringa står for det aller meste av havnæringanes samla verdiskaping og sysselsetting.

Ingen kjenner framtida – om oljeprisen igjen vil stige til 100 dollar fatet, eller om det vi no opplever er starten på eit trendskifte i den fossile energiens disfavør. Men for siviliserte statar og selskap er det uansvarleg ikkje å legge til grunn at klimapolitikken vil bli strammare over tid, og at fornybar energi og annan klimateknologi vil bli stadig meir konkurransedyktig. Men det er nettopp dette regjeringa ikkje gjer i havstrategien. Dei innrømmer i eit avsnitt at etterspørsel etter fossile brensler kan bli påverka “på lengre sikt”, men det skin gjennom at dette ikkje er noko å uroe seg over no.

I kapitlet “Fremtidsutsiktene for de norske havbruksnæringene” bruker regjeringa Det internasjonale energibyrået (IEA) som sanningsvitne. Dei skriv at IEA forventar at det globale energiforbruket vil auke med 18 prosent fram mot 2030. Dermed gir det meining å halde fast ved “et høyt og forutsigbart tempo med tildeling av areal for petroleumsaktivitet for å bidra til opprettholdelse av leteaktivitet og produksjon på norsk sokkel”.

Men det regjeringa ikkje nemner er at denne energiframskrivinga er henta fra IEAs New Policies Scenario (NPS) – eit scenario som ikkje er i nærleiken av å nå togradarsmålet. I IEAs togradars-scenario (450-scenarioet) er veksten i energiforbruket fram mot 2030 under 6 prosent. Og meir alvorleg for Noreg:

Dersom utviklinga framover skjer nærmare ein togradarsbane enn ein firegradarsbane vil dette få store konsekvensar for energimiksen. I scenarioet som regjeringa legg til grunn vil det globale oljekonsumet auke med 8,5 prosent fram mot 2030, mens det i togradars-scenarioet vil det bli redusert med 9 prosent. Også gassen får ei mindre viktig rolle i energimiksen om klimapolitikken lukkast (kjelde: IEA World Energy Outlook 2016, side 549-550).

Figuren nedanfor er henta frå IEAs World Energy Outlook 2016 og illustrerer den store skilnaden mellom forventningane til framtidig oljeetterspurnad i regjeringas havstrategi (blå linje) og ein etterspurnad som følgjer ein togradarsbane (grøn linje).

Global oljeetterspurnad og prisutvikling i ulike scenarier (kjelde: IEA)

Eg trur ikkje ein gong at Statoil ville lagt frem ein strategi i 2017 som lener seg på IEAs New Policies Scenario. At ei regjering som er forplikta av Paris-avtalen gjer det, er skremmande.

Petroleumsnæringen vil være Norges største næring i mange tiår fremover”, sa olje- og energiminister Terje Søviknes då han presenterte havstrategien i Stavanger. Vi har høyrd setninga så mange gongar før at vi knapt reagerer. Men tenk over dette: Mange tiår vil seie minst to tiår – då nærmar vi oss 2040. Det er ti år før klimagassutsleppa i EU – vår viktigaste marknad – skal vere redusert med 80-95 prosent. Får Søviknes rett i at petroleumsnæringa er vår største næring i 2040, er vi anten på god veg mot ei temperaturauke langt over to gradar, eller så har vi ikkje lykkast med å diversifisere norsk økonomi og næringsliv i tide.