Privatiser gjerne Flytoget, men ikkje gløym Statoil

Eigarskapsmeldinga har fleire store manglar som Stortinget må retta opp i. Privatisering av Flytoget er ikkje ein av dei.

Eigarskapsmeldinga som næringsminister Monica Mæland (H) la fram i fjor, og som Stortinget no har til behandling, har så langt resultert i ein føreseieleg debatt om privatisering. Regjeringa vil redusere eigarskapet, opposisjonen er imot.

Kort samanfatta er dette regjeringas forslag:

  1. Regjeringa ønsker seg fullmakt til å selje staten heilt eller delvis ut av i alt åtte selskap der eigarskapets vedtekne mål er av ein rein forretningsmessig karakter. Det vil seie å sikre størst mogleg avkasting. Selskapa det er snakk om inkludererer (storleik på eigarskapet i parentes): Ambita AS (100), Baneservice AS (100), Cermaq ASA (59,17), Entra Holding AS (100), Flytoget AS (100), Mesta AS (100), SAS AB (14,3) og Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (34).
  2. Regjeringa ønsker seg og fullmakt til å kunne redusere statens eigarskap ned mot 34 prosent i Kongsberg Gruppen ASA (50,001) og Telenor ASA (53,97). Dette er selskap der statens eigarskapsmål, ut over avkasting på investert kapital, er å oppretthalde hovudkontorfunksjonar i Norge.

Om dei to forslaga skulle få fleirtal vil talet på selskap der staten utøvar direkte eigarskap gå frå rundt 70 til 62 (gitt at fullmaktene regjeringa ber om blir brukt…). I dei to selskapa regjeringa foreslår å selje seg ned vil eigarskapets formål framleis vera sikra. Det er med andre ord ikkje snakk om store omveltingar.

Dette er ikkje eit forsøk på å applaudere regjeringas eigarskapsmelding, for det er det ingan grunn til. Men når opposisjonen så langt verkar mest interessert i forslaget om å privatisere Flytoget, er det grunn til å bli uroleg. Kva med å rette skytset mot meldingas verkelege svakheiter?

Statlege selskap som endringsagentar

I diskusjonen om statleg eigarskap bør innhald vere minst like viktig som omfang. Korleis kan staten utøve eigarskapet på ein måte som understøttar vedtekne klimamål? Erna Solberg sa i nyttårstalen at nasjonale utsleppsreduksjonar fordrar at norske bedrifter får fram ny klima- og miljøteknologi, at bygga må bli meir energivenlege og at vi må få meir til på jernbane og kollektiv. Men i klimameldinga står det ingenting konkret om korleis staten som eigar kan ta i bruk og etterspørje klimariktige løysingar. Tenk berre på den samla innkjøpsmakta som Statoil, Hydro, Posten, Statkraft, Statnett og alle dei andre statlege verksemdene representerer. For ikkje å snakke om helseføretaka.

Regjeringa kunne i meldinga lista opp nokre spissa forventingar til styra i desse selskapa, t.d. at dei skal:

  • Ha fossilfri bilpark innan 2020
  • Nytte utsleppsfri transport der det er mogleg (taxi, varelevering osv.)
  • Gå over til «grøne» IKT-tenester (skylagring, e-posttenester, nettsider osv.)
  • Halvere talet på flyreiser per tilsett innan 2020
  • Sikre at alle nybygg får plusshus-standard
  • Ta i bruk smart straumstyring i alle bygg innan 2020.

Dette vil vore i tråd med regjeringas mål om at «selskaper med statlig eierandel arbeider systematisk med sitt samfunnsansvar og er ledende på sine områder». Gjort på ein riktig måte kunne dette og vore ein del av innsatsen Noreg melder inn internasjonalt. Dette er praktisk politikk som kan inspirere andre land til liknande initiativ.

Togradarsmålet som vegvisar

Kva klimaframtid skal statlege selskap planlegge for? Vi har fortalt historia om Statoil som snakkar varmt om klimaansvar og togradarsmålet, men som investerer ut frå eit scenario der klimapolitikken går ad undas. Statoils strategi – slik han er definert i selskapets Energy Perspectives – handlar om å rigge seg for ei framtid der den globale oppvarminga nærmar seg fire gradar (IEAs New Policy). Er det ok for staten som eigar? Regjeringa forsøker kanskje å gi svar på dette i eigarskapsmeldinga, men det er høgst uklart kva dei meiner:

«Som eier har staten behov for å ivareta verdiene i sin portefølje. På denne bakgrunn mener regjeringen det er sentralt at selskapene utvikler god risikoforståelse for mulige endringer i rammebetingelser som følge av realistiske scenarioer for klimaendringer og nasjonale og internasjonale klimatiltak.»

Her har opposisjonen ein viktig jobb. Kva ligg regjeringa i realistiske scenarioer for klimaendringer? Svaret er viktig. Er det to gradars oppvarming? Fire eller meir?

Det Stortinget bør samle seg om på dette punktet, er at staten som eigar må forvente at strategiane som selskapa arbeider ut frå er i samsvar med togradarsmålet.

Statoils framtid er Noregs framtid

Det er ikkje Stortingets oppgåve å detaljstyre eit statleg selskap, men spørsmålet om framtidas Statoil er i dag av spesiell betydning for det norske samfunnet. Kva retning Statoil tek vil påverke Noregs rolle som energinasjon framover – og med det milliardar av kroner og tusenvis av arbeidsplassar. Det ansvaret kan ikkje Stortinget springe frå. Kva ambisjon skal Noreg ha som energinasjon? Skal Statoil forbli eit reint olje- og gasselskap? Bør selskapets vidare vekst skje innan fornybar? Kva utbyttepolitikk bør staten føre? Står eigarposten på 67 prosent i vegen for nødvendig omstilling? Er plasseringa av Statoil-eigarskapet i Olje- og energidepartementet riktig?

Det er absurd at regjeringa i eigarskapsmeldinga omtalar Statoil like diskret som Andøya Space Center AS. Stortinget kan bestemme om det skal forbli slik, eller om den overordna strategiske diskusjonen om Statoils framtid skal løftast ut i dagslys.

Næringskomiteen skal avgi si innstilling 29.januar.