Norsk oljepolitikk i lys av klima

Kor lenge skal Noreg late som om klimapolitikken ikkje har implikasjonar for norsk olje og gass?

Få andre land er meir ivrige på å få i stand internasjonale utsleppsforpliktingar enn Noreg. Få andre land har like stor vilje til å finansiere klimatiltak i utviklingsland som Noreg. Problemet vårt er er at vi ikkje klarar å samle beina på heimebane. Utsleppa går opp og vi har enno ikkje klart å kome opp med eit prosjekt for nasjonen som strekk seg forbi oljealderen.

Ni månader har gått sidan den internasjonale klimaavtalen blei forhandla fram i Paris. Går det som Obama vil, kjem avtalen til å bli ratifisert innan utgangen av året – før den neste presidenten er på plass. Noreg var blant dei første som ratifiserte avtalen. Utover det har ikkje Paris-avtalen ført til særleg nye handlingar for klimaet her i Noreg. Vi venter framleis på klimalov. Grønt skatteskifte er i spel. Avgjersla om å la Oljefondet investere i unoterte fornybarprosjekt har blitt utsett. Det statlege eigarskapet i Statkraft verkar planlaust.

Paris-avtalen forpliktar oss til å gjere det vi kan for å redusere klimautsleppa. Målet er å stoppe oppvarming rundt 1,5 grader innan utgangen av dette hundreåret – ei klar skjerping frå tidlegare. Klimaforskar Eystein Jansen forklarer i denne rapporten kva rammer det gir for politikken. Men sjølv etter Paris er det ingen sense of urgency å spore i kommunikasjonen frå regjeringa, snarare tvert imot. Leveransane i petroleumspolitikken går ut på å investere for ein ny fossil vekstperiode. Så langt i år har regjeringa både fullført 23. konsesjonsrunde og sparka i gang 24. konsesjonsrunde.

Suksessoppskrifta til det norske oljeeventyret er ein stat som ber nesten all risiko ved leiting og investeringar, føreseielege rammer og kontinuerleg tilgang på nye areal. Tord Lien har heilt rett når han i Dagsnytt atten seier at igangsetting av 24. konsesjonsrunde ikkje representerer noko nytt, det er dette skiftande regjeringar har gjort med stort hell i femti år. Det Lien ikkje nemner er at dei konsesjonsrundane vi diskuterer i dag i beste fall kan føre til ny produksjon om 10-15 år. Om investeringane blir lønsame er på ingen måter gitt. Det kjem an på betalingsvilja for olje og gass i tiåra etter det igjen – fram mot 2050.

Intellektuelt sett er “alle” klar over den openberre interessemotsetninga mellom norske petroleumsinteresser og global klimapolitikk. Men til no vågar ingen av dei store partia eller organisasjonane å diskutere dette. I det etablerte Noreg er det brei konsensus om at norskprodusert olje og gass har ein naturleg plass i lågutsleppssamfunnet 2050. Nasjonens framtidsforteljing, enten ho blir fortalt av Erna Solberg, Jonas Gahr Støre, Gerd Kristiansen eller Kristin Skogen Lund, går ut på at Noreg skal leve av olje og gass i mange tiår til. Underforstått: Vi har ingen grunn til å endre kurs.

Vi har kultur i dette landet for å undersøke og kartlegge det aller meste før vi bestemmer oss for kva vi skal meine og gjere. Til tider frustrerande ineffektivt, men bakom alle kommisjonar og utval ligg eit sivilisert ønske om ein kunnskapsbasert politikk. Det bør vi også tenke på når vi no staker ut kursen for nye oljeeventyr.

Det er lite sannsynleg at Høgre, FrP eller Arbeidarpartiet kjem til å røre petroleumspolitikken eitt år før valet, med mindre dei inngår ein stillteiande avtale. Men kunne partia på Stortinget – som eit forsiktig kompromiss – starta med å søke felles kunnskap om grunnpremissa for dagens petroleumspolitikk? Det er ingen tvil om at det offentlege ordskiftet hadde trengt ein fagleg og uavhengig utgreiing om konsekvensar for norsk petroleumspolitikk i lys av Paris-avtalen. Det kan jo tenkes at ei samfunnsutvikling i tråd med den avtalen vi signerte i Paris kan endre marknadsutsiktene for norsk olje og gass i eit 10-20 års perspektiv. Kva då, Noreg?