Nytt nullutsleppsmål må gi dyrare bensin og diesel

Dei borgarlege partia ønskjer at personbilsalet skal vere hundre prosent utsleppsfritt i 2025. Einigheita dekker ikkje nødvendige tiltak. Det legg press på forhandlingane om eit grønt skatteskifte.

Torsdag kveld var det mange DN-lesarar som tok av på Twitter. På framsida av fredagens avis kunne ein lese at Frp, Høgre, KrF og Venstre, i samband med behandlinga av energimeldinga, har blitt einige om at salet av diesel- og bensinbilar skal stoppast i 2025. Altså eit forbod.

Alle vi som på impuls sendte ut «dette er fantastisk»-meldingar, tok feil. Grundig feil. Det dei fire partia har blitt samde om er ikkje noko anna enn eit felles uttalt ønske om at alle bilar som vert selt i 2025 skal vere utsleppsfrie. Dette er i tråd med fagetatanes klimainnspel til Nasjonal transportplan.

MISVISANDE: Regjeringspartia, KrF og Venstre har ikkje blitt einige om forbod mot sal av bensin- og dieselbilar i 2025.

Å innføre sektorvise mål i ikkje-kvotepliktig sektor er riktig veg å gå for norsk klimapolitikk. Her er transport den klart viktigaste sektoren. Men mål om 100 prosent utsleppsfritt nybilsal i 2025 kjem ikkje av seg sjølv. Av alle nyregistrerte bilar i mai stod nullutsleppsbilar for 11,1 prosent – mot 15,5 prosent i same månad i fjor. Skal ein kome opp i 100 prosent i laupet av ni år, må det kraftigare grep til enn meir Enova-støtte til ladeinfrastruktur. Forbod mot diesel- og bensinbilar litt fram i tid, som også Arbeidarpartiet har vore inne på, kunne vore eit slikt grep. Tøffare skattelegging av fossilt drivstoff eit anna.

Høgre har allereie dementert DNs framstilling. «Det er ikke snakk om å forby salg av diesel- og bensinbiler i 2025», skriv partiet på heimesidene sine. Dermed blir utfallet av dei pågåande forhandlingane om eit grønt skatteskfite den store testen på verdien av det nye utsleppsmålet. Om avgiftene for bruk av diesel- og bensin ikkje skrus merkbart opp, er det ingen grunn til å tru at målet om eit nybilsal som er 100 prosent utsleppsfritt blir nådd innan 2025. Bruk av «positive verkemiddel», som Frps Øyvind Forsberg klamrar seg til i dagens DN, vil ikkje vere nok.