MDGs framgang bra for klima

Er ein oppteken av klima, er det all grunn til å glede seg over Miljøpartiet De Grønnes framgang ved årets lokalval.

Rasmus Hansson avslutta valkampen med å innrømme i eit intervju med Aftenposten at det ikkje er alt som står i partiprogrammet som heng like godt saman. Politiske motstandarar harselerte, men veljarane let seg ikkje skremme. Med 8,1 prosent i Oslo, 6,0 i Bergen, 7,7 i Trondheim, 5,2 i Stavanger, 6,3 i Bærum og 7,2 i Asker har MDG blitt eit viktig parti i landets største byar og byområde – eit parti som må tas omsyn til når politikken framover skal utformast.

Størst makt kan MDG få i Oslo. Her er partiet byens tredje største – og i vippeposisjon. Som blokkuavhengig einsaksparti lovar MDG å gi makta til det partiet som sikrar best klimapolitikk. Hadde SV eller Venstre vore vippeparti, måtte dei også forhandla seg fram til gode resultat på andre felt, som skule, næring og kultur. Slik er det ikkje for Dei Grøne. Det er klimapolitikk MDG-veljarane har røysta på – det er her dei forventar endringar. Store endringar. Resultatet er at ein no i Oslo kan få noko så unikt som ein grøn bodkrig mellom Arbeidarpartiet og Høgre.

Kva er så forklaringa på MDGs suksess? Eit openbert svar er at partiet har fått mange gode kandidatar og talspersonar (slik har det ikkje alltid vore), og ein stadig sterkare organisasjon. 400 frivillige i Oslo er imponerande!

Partiet tener og på å vere blokkuavhengig. Mens Venstre er klistra til høgresida, er SV gift med venstresida. Det er rom for eit parti som kan fiske miljøstemmer i alle leire.

MDGs profil er ein god match til den stadig større gruppa av høgt utdanna byborgarar som brenn for lokalmiljøet sitt og som er oppteken av frisk luft, rein mat, desentralisert energiproduksjon, urban gardening, sykling, og grøne lunger. Dei seier klart til nei til bygging av firefelts motorvegar, og syns eigedomsskatt blir vel smått i møte med globale klimaendringar og flyktningkrise.

Partiet har og klart å markere avstand til dei andre miljøpartia ved å fronte den hardaste motstanden mot vegutbygging og oljeutvinning. Mange vil hevde MDGs politikk her er like urealistisk som grøn, men partiet utfordrar i det minste to område av politikken der «røkla» stort sett er einige. Problemet til dei andre miljøpartia er at dei alle har administrert det som er dagens politikk som regjeringsparti, det har ikkje MDG. Dermed kan dei gå lenger enn dei andre – med truverdet i behald. For grøne veljarar som ønsker det reine og ranke, blir MDG eit opplagt alternativ.

Det interessante framover blir å sjå korleis lokalvalresultatet vil påverke den nasjonale politikken. Vi kan nok gå ut frå at småpartia vil gjere alt dei kan for å vere like grøne som MDG, men kva med dei store?

Forsking viser at i europeiske land med sterke grøne parti (som Tyskland, Sverige, Nederland og Frankrike), er også dei store sosialdemokratiske og konservative partia grønare enn i land der grøne parti er svake. Går det slik også i Noreg, vil MDGs suksess gjere politikken til Høgre og Arbeidarpartiet grønare. Det må alle som er oppteken av klima og grøn omstilling kunne glede seg over, uavhengig av om ein røysta på MDG eller ikkje.

Fram mot stortingsvalet vil MDG måtte rekne med langt sterkare og meir kritiske blikk mot eigen politikk (og det blir meir av dette). Det blir ein hard test for partiet, men i land som Tyskland og Sverige har det vist seg at miljøpartia etter kvart blir meir «normale» parti som og kan gå inn i regjeringskoalisjonar. Rasmus Hansson har vist at han søker makt. Å handtere posisjonane MDG no får i dei store byane, vil vere ein god skule fram mot stortingsvalet i 2017.