Kullindustriens pengetrøbbel

I løpet av sommaren har store internasjonale långjevarar snurra pengesekken igjen for nye kullkraftverk. Det er godt nytt for klimaet!

Foto: Bruno D Rodrigues (Fotopedia)
Foto: Bruno D Rodrigues (Fotopedia)

Tre nyheiter frå den siste månaden viser at kullindustrien vil få det tøffare med å finansiere nye prosjekt.

Først ute var Obama. I klimatalen ved Georgetown University 26. juni erklærte han at USA ikkje lenger vil bruke offentlege midlar på å finansiere nye kullkraftprosjekt i utlandet. Unnataket er prosjekt som inkluderer CCS, eller om det i det aktuelle landet ikkje finst gode alternative elektrisitetskjelder til kull. Obamas vedtak vil venteleg få konsekvensar for det amerikanske eksportkredittbyrået (Export-Import Bank) som til no har gitt hundrevis av millionar dollar i støtte til kullkraftprosjekt i India og Sør-Afrika.

Dernest kom Verdsbanken. 16. juli vedtok bankens styre, i samband med revideringa av Energy Sector Directions Paper, at Verdsbanken heretter berre unntaksvis skal gi finansiell støtte til kullkraftprosjekt. I oppsummeringa står det slik:

“The WBG will provide financial support for greenfield coal power generation projects only in rare circumstances. Considerations such as meeting basic energy needs in countries with no feasible alternatives to coal and a lack of financing for coal power would define such rare cases.”

Kullindstrien var kjapt ute med å kritisere vedtaket.

Så til slutt, Den europeiske investeringsbanken (EIB). EIB er eigd av EUs medlemsland og er ein av verdas aller største offentlege långjevarar. Tysdag 23. juli banka styret gjennom nye utlånskriterier for energisektoren som i følgje pressemeldinga skal vere i samsvar med EUs overordna klima- og energimål. Dei inneber mellom anna at alle nye kraftverk må halde seg innanfor ei utsleppsgrense på 550 gram CO₂ per kWh (gCO₂/kWh) for å kvalifisere seg for støtte. I realiteten vil dette vere ein stoppar for dei fleste nye kullkraftprosjekt.

I IEAs bane mot togradarsmålet når det globale kullforbruket toppen før 2020 og forbruket i 2035 er redusert med 33 prosent samanlikna med 2010. Sommarens vedtak til Obama, Verdsbanken og EIB om ikkje å støtte bygging av nye kullkraftprosjekt er derfor godt nytt for klimaet – og heilt nødvendig!

Måtte fleire følgje etter!