Ingen grunn til å opptre bråkjekk

Sjølv om Finansdepartementets utsleppsframskrivingar viser positive teikn, er det ingen grunn til å feire norsk klimapolitikk. Vi er framleis langt unna 2020-målet.

Onsdag heldt samarbeidspartia pressekonferanse. Nyheita dei satt på var at Finansdepartementet har justert ned framskrivingane av norske klimagassutslepp fram mot 2020 – frå 54,5 millionar tonn CO₂-ekvivalentar (Perspektivmeldinga 2013) til 51,8 millionar tonn (Perspektivmeldinga 2017). Det er framleis eit godt stykke til målet om 48,6 millionar tonn i 2020, men avstanden har altså blitt mindre, skal ein tru prognosane.

Pressekonferansen var eit forsøk frå Høgre, FrP, KrF og Venstre på å selje ei historie om at klimapolitikken no er i rute – etter åtte elendige år med raudgrønt styre. Det ser ikkje ut til at så mange lot seg lure.

Regjeringa har enno ikkje lagt fram perspektivmeldinga der dei nye framskrivingane er omtalt i sin heilskap (dette er i seg sjølv svært negativt), men ut frå den informasjonen vi har fått skuldast nedjusteringane like mykje teknologisk utvikling (fleire elbil-modellar med lenger rekkevidde), EU (nytt direktiv sikrar raskare fall i utslepp av HFK-gassar) og flaks (nedlegging av gasskraftverket på Mongstad) som nasjonal politikk.

På politikksida er elbilfordelar og gjennomføring av oljefyr-forbod det viktigaste. Sistnemnte åleine justerer ned prognosane frå oppvarming med ein million tonn CO₂-ekvivalentar fram mot 2020. Felles for begge tiltaka er at dei blei starta eller initiert i førre periode – rett nok med god hjelp frå Høgre, KrF og Venstre – og som det i dag er brei semje om. Så vidt eg veit er det ingen av opposisjonspartia som i sine alternative statsbudsjett har foreslått å fjerne avgiftsfordelane for elbil, eller som ønsker å gå vekk frå forbodet mot olje til oppvarming.

Dei borgarlege partia må gjerne skryte av enkelttiltak gjennomført etter 2013, men dei må også ta ansvar for at arbeidet går altfor treigt. All den tid dei faktiske klimagassutsleppa går opp – og vi ikkje ligg an til å nå vedtekne mål – er det ingen grunn til å opptre bråkjekk.