Fossil prognosemakeri – ein trugsel mot omstilling

Den største trugselen mot omstilling av norsk næringsliv er avgjerdstakarar som kjøper forteljinga om at oljekrisa er midlertidig.

Mens oljeprisfallet har gitt EU, Kina og andre importland utgiftsreduksjonar på hundrevis av milliardar amerikanske dollar, opplever Noreg inntektstap og investeringssvikt.

På Vestlandet merkar ein dette spesielt godt. Permitteringar og oppseiingar. Ingen nye kontraheringar. Fleire tomme hotellrom. Reduserte inntekter for forskingsinstitusjonar. Ledige næringslokale. Kortare taxikøar. Nedgang i kommunars skatteinngang.

Oljekrisa kom ekstremt fort. Eg kjenner folk som for kun to år sidan fekk utbetalt bonus berre dei klarte å hanke inn folk til jobbintervju, men som i dag frykter for eigen arbeidsplass.

Dupp eller trendskifte?

Arbeiderpartiets Per Rune Henriksen fremja i førre veka ein tipunkts handlingsplan mot fallet i oljesektoren. Han meiner regjeringa er for passiv til det som skjer. Oljeselskapa bør pressast til å skape meir aktivitet slik at kapasiteten opprettholdast. Forslagets underliggande bodskap er at krisa er midlertidig, slik vi har opplevd fleire gongar før. Det er ingen grunn til panikk, folkens, dette går over!

Også IEA ber oss slappe av. Sjeføkonom Fatih Birol uttalar til DN at Noreg er ein påliteleg leverandør av olje, og at verda derfor vil trenge kvar einaste dråpe vi klarer å produsere. I tillegg lover IEA at framtida er lys for norsk gass uansett framtidsscenario.

Endå meir bullish på olje-Noregs framtid er Jarand Rystad. Han lover ny “gullalder” innan få år. Han insisterer på at dette ikkje er snakk om optimisme, men realisme.

Logikken til IEA og Rystad er denne: I 2050 vil vi telle ni milliardar. Dei skal alle ha ein plass å bu, dei skal ha mat, dei skal forflytte seg, bruke straum og vaske klede. Framtidas enorme energibehov gjer vekst i fossil energibruk uunngåelig. Ergo blir det gode tider for Noreg og andre oljeproduserande land, i uoverskodelig framtid.

Det høyres kanskje sannsynleg ut, men modellane bygger på ein stor svakheit: Framskrivinga skjer langs ein lineær kurve. Dei ignorerer store teknologiske endringar som er i ferd med å ramme fossilindustrien med full kraft – sektor for sektor. Dette er endringar som i aller høgste grad vil påverke etterspurnaden.

La oss sjå på to sektorar som er viktig for norsk olje og gass: transport og kraftproduksjon.

Transportrevolusjon?

Halvparten av verdas oljekonsum går i dag til transport. Denne sektoren er i starten på ein revolusjon. Forbrenningsmotorar blir stadig meir effektive og batteriteknologi blir både betre og billigare. Om batterikostnadene fortsetter å falle, er det berre eit spørsmål om tid før elbil er konkurransedyktig utan subsidiar. Dette er ikkje mine ord, men Statoils i selskapets Energy Perspectives 2015 (side 22).

Legg til hydrogen, biodrivstoff, smart byplanlegging, kollektivtransport, internett og deleøkonomi, og du kan skimte framtida. Ikkje berre i vegtrafikken, men også innan skipsfart og luftfart.

Gass i skvis

Omlag 40 prosent av gassen som produserast globalt går til kraftproduksjon. I IEAs New Policies Scenario vil gass til kraftformål vere like dominerande i 2040. Dette passer norske interesser bra, ettersom norsk oljeproduksjon nådde toppen i 2000. Men er det realistisk?

Fornybar energi er allereie det billegaste alternativet i mange kraftmarknader – og kostnadene for sol og vind fortsetter å falle. IEA, som ikkje akkurat er kjent for å overdrive vekstpotensialet til fornybar energi, konkluderer i ein ny rapport med at fornybar energi vil vere den viktigaste elektrisitetskjelda innan 15 år. Det er ingen grunn til å tru at fornybarmarknaden sluttar å vekse etter 2030. Ein bør snarare forvente gjennombrot for lagringsteknologiar som gjer sol og vind endå meir attraktivt.

I Europa – Noregs viktigaste gassmarknad – har kol- og gasskraft gitt raude rekneskapstal i mange år. Dei fem største kraftselskapa Électricité de France (EDF), GDF Suez, Enel, E.ON og RWE tapte samla over 100 milliardar euro frå 2008–2013. Forståeleg nok er EU varsam med å gi forpliktande gassløfter til norske myndigheiter. Gass gir store klimagassutslepp og store kostnadar. Det finst betre alternativ – og det aller beste: sparing. Om EU når energieffektiviseringsmålet på 27 prosent innan 2030, vil behovet for gassimport reduserast med ei fjerdedel samanlikna med business as usual. Gassforbruket i EU vil truleg aldri kome tilbake til nivået i 2008. Igjen er det Statoils EP2015 som er kjelda (side 34).

Omstilling i solnedgang

Olje og gass kjem til å vere med oss i mange tiår til, med alt det som følger: Nye konsesjonsrundar, nye funn, opning av nye felt og tildeling av milliardkontraktar til norske leverandørar.

Men det blir ikkje som det har vore. Norsk petroleumsindustri vil i 2030 vere langt mindre viktig for Noreg og norsk økonomi enn han er i dag. I møte med ny teknologi og tøffare klimapolitikk vil posisjonen til norsk olje og gass – i uvisst tempo, riktignok – tape terreng. Dei dyraste ressursane ryker først. Med dagens oljeprisnivå vil norske høgkostprosjekt bli tapsprosjekt.

Prognosemakarane som lover evig fossil vekst får mykje merksemd i norsk offentligheit. Det er ikkje så rart. I krisetid er vi alle på leit etter eit bodskap som gir håp. Om vi gis moglegheit til å sitte i ro og vente på at krisa går over, er det lite freistande å ta fatt på ein vanskeleg omstilling. Men spesielt lurt er det ikkje. Det kan vere greit å minne politikarar, næringslivsforeiningar og fagorganisasjonar om at den same Rystad som no lover snarleg retur til 100 dollar fatet, sa i 2013 at oljeprisen ville ligge over 100 dollar fatet i 2015. Han tok grundig feil.